Kunnskap
Pest i heimen
Parvovirus er svært smittsamt og ofte døyeleg hos unge kattar og hundar.
Foto: Shutterstock / NTB
I Rogaland har hundeeigarar og dyrlegar dei siste vekene vore bekymra for spreiing av hundepest, eller rettare: ein smittsam virusinfeksjon som fører til alvorleg mage- og tarmbetennelse. Fleire dyr har blitt alvorleg sjuke, nokre har døydd.
Hundepest er særleg alvorleg for kvalpar fram til dei er eit halvt år gamle, det går kort tid frå infeksjon til dei blir sjuke, med kraftig oppkast og blodig diaré. Viruset kan òg angripe beinmergen og hjartemuskulaturen, og blant dei som blir alvorleg sjuke, er det mange som døyr, sjølv etter intensiv behandling på ein veterinærklinikk.
Parvo
Hos menneske har ordet pest først og fremst vore brukt om infeksjon med bakterien Yersinia pestis, betre kjend som svartedauden. På engelsk kan pest også tyde skadedyr eller lite populære slektningar. I norsk daglegtale nyttar vi gjerne ordet pest om alle slag alvorlege smittsame sjukdommar, noko husdyra våre heller ikkje kjem unna.
Kvegpest var inntil nyleg ein frykta sjukdom hos storfe, i denne spalta har vi tidlegare skrive om svinepest. No er tida komen for pest i heimen: nærare bestemt infeksjon med parvovirus og lidingane hundepest og kattepest.
Ordet parvo kjem frå latin (parvus) og tyder «liten», og parvovirus er blant dei aller minste DNA-virusa. Parvovirus kjem ut med avføringa i store mengder, opptil ein milliard virus i kvart gram skit. Desse virusa er hardføre og kan overleve på bakken eller i klede og liggjeunderlag i fleire veker. Difor er det svært vanskeleg å hindre smitteoverføring mellom dyr som er i same miljø.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.