Mat

Provencalsk vinter

Østers i hopetal. Desse kan ein òg ta med seg heim att, opna og ferdige.
Østers i hopetal. Desse kan ein òg ta med seg heim att, opna og ferdige.
Publisert

Godt skal det bli endeleg å reise friare. Når mange land no opnar opp, kan eg igjen prøve å late som eg er eit menneske, som før. For min del må nok turen til Frankrike vente eit bel, fordi franskmennene er nokre stabukkar med låg vaksinedekning. (Eg trur kvar einaste franskmann startar dagen med å gi fingeren til styresmaktene. Så står dei opp av senga.)

Men minne frå provencalske vintrar kan eg jo alltids suge på som karamellar: Første gong eg var der på vinterstid, blei eg freista av dei bognande utediskane, som stod der på gata breiddfulle av skaldyr i alle former: hummar, sjøkreps, østers, langustar, reker, blåskjel, sniglar.

Det er om vinteren skaldyra er best. Nordmenn kjøper reker i juli og trur det skal vere slik. Diskane freistar folk til å sette seg ned inne eller ute med eit stort skaldyrfat til lunsj, noko eg sjølvsagt gjorde. Eit syndig glas kvitvin klokka tolv gjorde opplevinga enda betre.

Nyttårsaftan blei eg kasta ut i det sosiale livet gjennom ein invitasjon til nyttårsmiddag på restaurant Chez Romano i Vence. Gjestane betalte 40 euro kvar for maten, som blei sett på bordet i ein endelaus straum heile kvelden. Til bords sat ein haug hyggelege folk eg ikkje kjende. Då eg rekna på det, kom eg fram til at dei 25 gjestane opphavleg kom frå tolv ulike nasjonar.

Ein strålande kickstart på å bli kjend med byens mildt sagt godt blanda innbyggarar, i ein liten italiensk mann-og-kone-restaurant som seinare skulle bli min kjære, faste serveringsstad.

Menyen var overdådig: Kjøt, fisk, patear, rull, skaldyr og pastarettar, deretter kaker, dessertar, petit fours og franske og italienske ostar. Innehavarane brukte å ta turen over til det svært nærliggande italienske Piemonte for å handle vin og andre spesialitetar, og fekk på den måten gunstigare prisar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement