Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
redaksjonen@dagogtid.no
Badstovene dukkar opp overalt, tett langs kaiane i byane og meir sporadisk i bygdene. Aller helst ligg stovene ved eit vatn eller ein sjø, der ein kan kjøle seg ned mellom varmeøktene. Dei blir brukte privat og til utleige og er så populære at ein og ein halv time drop-in i Oslo kan koste deg 290 kroner.
Det er ikkje fyrste gongen nordmenn er hekta på badstove. På 1980- og tidleg på 1990-talet var det heller ikkje uvanleg å ha ei lita badstove i kjellaren. Den gong hadde ikkje badstova vindauge, og ho var gjerne plassert ved den brune baren, eller ved sida av eit komplisert treningsapparat som få visste korleis fungerte. Badstova kunne sjå kvardagsleg ut, men litt stas var det likevel.
«Kjensla av å hoppe i ein iskald sjø eller eit vatn, for så å komme inn i varmen igjen, er lett å bli hekta på.»
Byggesett
Nokre 1980-talsbadstoveeigarar eg fann, fortel at dei kjøpte byggesett. Det var treveggar, to benkar og omn. Settet blei sett saman ved enden av kjellarstova, og dusjen laga dei rett utanfor.
Dei fyrste åra blei badstova brukt både vinter og haust, men så dabba det av. Kvifor ritualet vart fasa ut, kan dei ikkje komme på.
Vidare gjekk det med denne badstova som med mange andre: Ho blei fylt opp med gamle vindunkar, Tupperware og syltetøysglas. Det som ein gong verka som eit freistande pustehol, blei til ein ekstra lagringsstad.
Ei enkel sak
40 år etter er det eg og sambuaren min som lèt oss freiste. Saman med to gode naboar bestemmer me oss for bestille ei badstove, og det tek ikkje meir enn to månadar før ho kjem køyrande på ein kranbil.
Badstova er bygd i Litauen og kostar oss om lag 100.000 kroner, inkludert omn og transport. Med ein storleik på 3,5 x 2,5 meter har me plass til eit lite skifterom og åtte personar, viss me sit tett.
Heldigvis er alle samde om at det er vedomn me skal ha, nærare sagt ein robust Kalvis, produsert i Litauen og populær i Finland.
Sjølv om ein elektrisk omn er enklare, er sjølve fyringa ein del av ritualet. Turen med trillebåra full av ved for å varme opp ei kald stove ein god time før badegjestene kjem, er ikkje anna enn fin.
Flammen må haldast ved like undervegs. Kor mange kubbar ein hiv inn, er likevel avhengig av kor varmt ein vil ha det, og kor lenge ein skal halde ut. Skal du ha ein heilaftan med drinkar og skråling, er 60 gradar meir enn nok. Til kortare økter og kvardagsbruk er varmen meir intens, og ein stad mellom 80 og 100 gradar kan vere passeleg.
Mange blir bedne om å lukke døra i badstova, for viss ein skal opp i 80 gradar, nyttar det ikkje at folk spring ut og inn eller snakkar i døra. Badstove med barn fungerer ofte slik, barn er like mykje ute som inne, som også er greitt, for barn skal ikkje ha det like varmt. Eit triks er å ta badstove med barna mens stova varmar seg opp. Når temperaturen passerer 50 gradar, kan ungane gå inn å sjå på film.
Positive helseeffektar
Folk flest blir begeistra når dei rundt lunsjborda skildrar nyleg opplevde badstoveerfaringar. Kanskje var dei innom ei badstove før jobb, og kanskje kan du sjå det i kinna deira. Ja, for det må vel vere godt for både sinn og skinn, den vekslinga, kaldt og varmt – må det ikkje?
Helseeffektar er utan tvil eit hyppig diskusjonstema i badstova vår. Nokre har høyrt at ein time i badstove er det same som ei treningsøkt, andre har høyrt at ein sveittar ut avfallsstoff, demens, feitt, hudormar og psykiske lidingar. Nokre meiner at dei toler meir varme med lue, andre svimlar berre me snakkar om lue. Og når me snakkar om varme, kor varm bør eigentleg stova vere, og kor fuktig?
Det er ikkje uventa at det er i Finland forskinga på badstoveliv skjer. Sjølv om feittet dessverre ikkje renn av deg i ei badstove, viser ein oversiktsstudie at regelmessig bruk av finsk badstove, som her vil seie ein temperatur på mellom 80 og 100 gradar og luftfukt på 10–20 prosent, medfører mindre risiko for sjukdommar som høgt blodtrykk, hjarte- og karsjukdommar, hjerneslag og hukommelsessjukdommar. I konklusjonen står det til og med at opphald i badstove kan vere eit supplement for folk som har vanskeleg for å trene.
Og så kan vi plusse på alt det individuelle psykososiale velbehaget me spreier i lunsjen: «Du veit, eg sov som ein stein.» Dess meir me snakkar om effektar, dess fleire effektar kjenner me, og me kan ikkje tru at denne aktiviteten nokon gong kjem til å ta slutt.
Her er det Osp som skal inn i Kalvisen. Vatnet i bøtta står klart til å bli kasta på steinane.
Foto: Maren Bø
Kvar sitt vis
Badstover plasserte i naturen har lange tradisjonar også her til lands. Arne Garborg kjempa alt i 1923 for badehusa: «Badehus må upp att og i bruk att! Eit badehus på kvar gard eller i kvar grend». I Marokko har dei hamam, i Japan badar dei i varme kjelder som dei kallar onsen, og i Russland går dei i banya, ei slags badstove kombinert med varme dampbad og kaldt vatn. Dette er ulike måtar å både vaske seg og varme seg på i eit fellesskap.
Den finske venninna mi fortel at finnane kan le av vår nye badstovekultur. Me har det sjølvsagt ikkje varmt nok, helst skal det vere godt over 80 gradar. Undervegs skal det heller ikkje vere så mykje snakk. Viss ein ikkje har noko viktig å komme med, kan ein heller teie stilt.
Sjølv erfarte den finske venninna mi eit besøk i ei hipp københavnsk badstove, der det var eit aufguss-ritual på gang. Aufguss er tysk og betyr «å helle på», og ritualet skjer ved at ein badstovevert heller vatn, is og eteriske oljer på omnen. Her blei det i tillegg spela musikk, og verten sende rundt honning som deltakarane kunne få kjøpe og smørje seg inn med. Det blei til slutt så mange ritual at den finske venninna mi gjekk ut.
U-boge
Det hadde vore interessant med ei grafisk oversikt av talet på badstover her til lands dei siste førti åra. Bogen ville truleg hatt ei U-form, med det eine toppunktet på 1980-talet og det andre på 2024-talet og eit trist botnpunkt midt mellom dei.
Ein kan så lure på om den nye badstova vil døy same døden som ho gjorde for førti år sidan. Det trur ikkje eg. Det er annleis denne gong.
Naturen gjev deg meir enn veggane i kjellaren. Å bli kald i frisk luft på vegen ut til badstova, for så å sette seg godt til rette i varmen, er forfriskande. Vel inne i badstova gjer dei store vindauga at det kjennest nesten som ein sit ute. Kjensla av å hoppe i ein iskald sjø eller eit vatn, for så å komme inn i varmen igjen, er lett å bli hekta på.
Mikkel Aaland, forfattar av boka Sweat, kjem med eit godt poeng i podkasten Badstuprat: Éin grunn til at badstovene tek av, og truleg ikkje kjem til å forsvinne med det fyrste, er at folk no veit meir om kva som skjer med oss kroppsleg i varmen. Sjølv om det trengst meir forsking, veit vi no at å ta badstove er godt for helsa.
Og så til det eg trur er det viktigaste av alt: Uansett kor flott og tilgjengeleg badstova på 1980-talet var, har me gjort oss ferdige med å sitte aleine og kukelure i kjellaren. Å ta badstove saman med andre er vesentleg for at trenden denne gongen blir ein livsstil.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»
Fotballpresident Lise Klaveness under ein pressekonferanse på Ullevål stadion.
Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB