JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Der salsaen møter qawwalien

Kor mange språk som blir snakka på Mela, veit berre Allah.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Årets Mela-helg baud på ei lang rekke fantastiske møte.

Foto: Marita Liabø

11417
20240823

Bakgrunn

Oslo MELAfestival

Ein sjangeroverskridande møteplass for feiring av kunst- og kulturuttrykk, særleg frå land i sør

Vart arrangert første gong i 2001

Er gratis og går føre seg på Rådhusplassen i Oslo

Kunstnarleg leiar er Khalid Salimi

Støtta av Kultur- og likestillingsdeparte­mentet, Kulturrådet og Oslo kommune

marita@dagogtid.no

Kvart år, ei helg i august, får Oslo-tilreisande ei overrasking à la 17. mai. Dei skal sjå rådhuset, festninga eller brygga, men snublar over ein konsert med den vestafrikanske superstjerna Angélique Kidjo, fransk-spanske Manu Chao – han som song «Bongo bong» – eller, som i år, den prisvinnande zambiske rapparen Sampa the Great.

Rådhusplassen er med eitt ein danseplass, og her er ingen like. Det er nittiåringar og småungar, rullestolar og folk med synlege diagnosar. Det er hennamåla hender og ansiktsmåla fjes, allvêrsjakker og sariar, abayaar og kangaar, turbanar, hanekammar og oversminka babes med kjøpeleppe. Romar tiggar eller ligg strakt ut og søv. Folk røyker som om det var lov. Ein robotskapning vandrar stivt rundt. To menn kyssar, kanskje demonstrativt, ved sida av ein kar med barbert skalle og hissig mine.

– Melafestivalen skal vere ein møteplass for alle i byen, seier kommunikasjonsleiar Tonje Finvold Lacher, som tar seg tid til ein prat i mylderet.

«Frå raske båtar og skinande svarte bilar kjem små gjengar i svarte jeans og hettejakke.»

Ei gruppe japanske turistar gapar i mengda framfor scena. Her er så mange afrikanarar, særleg somaliarar: alt frå gamle menn med hatt og dress til unge kvinner i fargerik silke. Her står folk og hoiar og dansar, midt på lyse dagen, til Ahmed Ali Egal.

Egal har vore ein slags somalisk Bruce Springsteen i femti år, og no har han attpåtil med seg eit kjempeband, Sabadoon, med norske og somaliske musikarar i gullklede. Ein blir smitta og går og kjøper somalisk mat.

– Mange i publikum visste ikkje at dei skulle hit, seier Lacher.

Eit britisk par fortel at dei skulle på båttur og museum. No blir dei heller her.

Neste konsert er med Baba Jalil – forrykande marokkansk folkemusikk ispedd reggae, indie, jazz og pop.

Deretter speler den hylla britisk-pakistanske jazzmusikaren Sarathy Korwar.

– Det er sjukt at vi får sjå han her, og det gratis, seier paret.

Blant mangfaldet av Mela-artistar spelte det særeigne qawwalibandet Zain Zohaib, R&B-stjerneskotet Rü og dei pakistanske punjabihiphopstjernene Chani Nattan og Inderpal Moga.

– Vi må ha tillit til kvarandre

Er det då trygt, når kven som helst kan gå inn i mengda? Ingen sjekkar bagar og ryggsekkar som på andre konsertar. 18. august for nokre år sidan var A- og B-gjengen nær ved å brake saman her. Spanarar skal ha hindra at det eskalerte.

Midtaustenpolitikk ligg i lufta, med mange propalestinske appellar. Under konserten med palestinske 47Soul, som stiller med to av fire mann fordi berre to fekk lov til å reise, blir det vifta med så mange flagg at det liknar ein demonstrasjon. Ein og annan har Hamas-logo på ryggen.

– Vi må ha tillit til kvarandre, seier Lacher.

Mela er eit rusfritt arrangement, understrekar ho.

– Folk kjem for å ha det hyggeleg i lag med familien.

– Vi har ingen inngangsport

På Mela er det tusenvis av barn. Dei sit i vogn eller spring rundt. Dei et is, mais og sukkerspinn og klatrar på «Mor og barn» og dei andre skulpturane Per Hurum og Emil Lie fekk utsmykke plassen med under andre verdskrigen. Mela Fantasi, med musikk- og kunstverkstader, sirkus, dans og konsertar for barn, utgjer ein stor del av programmet.

Kor mange som er innom desse tre dagane i august, er ikkje lett å seie.

– Vi har jo ingen inngangsport eller gjerde, poengterer Lacher.

– Men det er iallfall snakk om 50.000–60.000 i løpet av helga.

«Folk er – for å sitere ein publikummar – 'små­ekstatiske'.»

– Eg er ikkje pakistanar

Politiet er på plass. Dei har ein stand der dei informerer om livredning og Politihøgskulen. Det er fleire vektaruniformer enn politiuniformer å sjå. Eit par av vektarane er blonde, men eit klart fleirtal er menn med pakistanske røter – i alle fall ser dei sånn ut. Dei er tøffe og sterke.

– Vi er rundt tjue tilsette her. Det er ikkje mykje å ta tak i, opplyser ein av dei.

– Men det er klart vi har auga og øyra opne.

– Gler du deg til å sjå Chani Nattan og Inderpal Moga?

– Chani …? Han har eg aldri høyrt om.

– Det er ei jo ei stor pakistansk stjerne.

– Eg er ikkje pakistanar, seier han og flirer.

– Spelte ikkje han i går? skyt ein kollega inn.

– Nei, det var …

Dei ser seg rundt, liksom etter programmet.

– Dei er så like, den gjengen, seier han.

Dei ser på kvarandre og ler høgt.

Messing og samba

Inger Aguilar i festivalstaben opplyser at dei har brukt det same vaktselskapet i alle år.

– Han som er sjef, var dansar på Mela i 2001, seier ho begeistra.

Dei har stor tillit til vektarane, påpeikar ho.

Bak henne stuper ei måke ned og stel ein halv samosa frå ein gut som skrik opp. Ei romkvinne kjeftar på ei anna – dei kranglar om pant. Litt bortanfor brakar det laus med samba. Ein av dansarane er nesten naken. Folk stimlar saman rundt dei og filmar så det svir i fingertuppen.

På ein annan kant av festivalplassen speler det britiske bryllaupsbandet Bollywood Brass Band. Ein berrføtt kar med kattemåla fjes og eit palestinaflagg festa i hårknuten har fått det for seg at han er dirigent.

Ein ung mann med autismediagnose blir skremd. Han strenar att og fram og veivar med armane, til han høyrer musikk frå scena og går dit, heilt fram, der han trivst best. Det er ei gruppe som varmar opp.

Guten har vore her kvart år sidan han var liten, røper Aguilar.

«Ei måke stuper ned og stel ein halv samosa frå ein gut som skrik opp. Ei romkvinne kjeftar på ei anna.»

Småekstatisk

Dei sterke stemmene til Les Amazones d’Afrique ber heilt ut til øyene, og folk jublar og dansar, sjølv om dei berre testar lydutstyret. Det er vedunderleg unorsk, det å sjå så edru menneske danse rundt midt på dagen.

Gambiske Sankung Jobarteh Sofa Nyama Band, blant andre, får folk til å hoppe rundt.

Jobarteh og bandet, som har halde koken i førti år, har med seg to yngre gambiske stjerneartistar, Nyancho og Miss Jobizz, og folk er – for å sitere ein publikummar – «småekstatiske». Dei legg knapt merke til at vektarane må ta hand om ein herre med jaktkniv og øl på innerlomma. Dei viser han diskret ut.

Mannen sjanglar av garde med ein vektar to meter bak seg, sakte, gjennom ein gjeng som truleg er på veg frå bar til bar. Det er fadderveke, og tusenvis av studentar festar både fredag, laurdag og søndag.

Publikum først

Mela betyr «møte». Kommunikasjonsleiar Lacher understrekar at Mela er til for å skape samhald.

– Alle har dans og musikk i kulturen sin. Å samlast om ei felles kulturoppleving gjer folk godt. Det skaper ei fellesskapskjensle. Det er spesielt viktig i år, seier ho.

Då Mela-grunnleggar Khalid Salimi arrangerte den første festivalen i 2001, var målet å fremme kulturuttrykk som innvandrarane, særleg frå Pakistan og India, hadde med seg.

– Eg er veldig glad i denne dama, seier Mela-grunnleggar og avtroppande festivaldirektør Khalid Salimi om kommunikasjonsleiar Tonje Finvold Lacher. Ho har bidratt til å styrke programmet både i form og innhald.

«Vi blir som teleporterte til Pakistan.»

I starten handla det mest om kunst og mat. Kjendiskokken Andreas Viestad delte ut chicken tikka, men nesten 10.000 menneske møtte opp, så det heldt ikkje lenge. Og sidan det blei trongt på Grønland, fekk Mela flytte til Rådhusplassen, midt mellom aust og vest, tilgjengeleg for alle.

Inne på Nobels Fredssenter blir det spelt klassisk Mela-musikk, og etter klokka elleve speler DJ-ar og band på eit utval nattklubbar. På Melahuset, som har arrangement heile året, er det bollywoodfest fredagen og latinsk aftan laurdagen. Mellom scenene underheld grupper av dansarar og musikarar.

– Mela skal representere mangfaldet i Oslo, seier Salimi til Dag og Tid.

Her skal innvandrarane, særleg dei frå sør og aust i verda, få sjå artistar frå heimlandet sitt. Dei skal få bhangra og giddha, afrobeat og blues, salsa, rumba, colombiansk currulao og meksikansk son jarocho – live.

– Slagordet vårt er publikum først.

– Allhamdulille

Salimi, som òg grunnla Antirasistisk Senter, kjem frå ein familie av menneskerettsaktivistar og er naturleg nok rund i kantane. Sånn sett er det ikkje overraskande at ei qawwaligruppe, Zain Zohaib, opnar festivalen, mens neste artist ut er den norske R&B-artisten Rü, som er uttalt skeiv og viser halve puppen.

– Er ikkje qawwali veldig religiøst? Dei syng jo «Allah» i annakvar setning?

– Det som er nydeleg med qawwali, er at ein kan vere usikker på om den songaren taler til, er Gud eller ein person han elskar. Det skal vere tvitydig, seier Salimi.

Brørne Zain og Zohaib Ali, frontfigurane i gruppa, er fagleg skulerte i den klassiske musikken, men har tilnærma seg populærmusikken, forklarer han. Dei speler tabla, dholak og andre tradisjonelle perkusjonsinstrument, men òg elgitar, bass og synt.

– Slik blir qawwali tilgjengeleg for fleire.

Zain Zohaib opnar rett nok konserten med tittelmelodien til Game of Thrones. Håra reiser seg på folk i sidegatene. Ein turist frå USA hyler «Oh, my God» og er nær ved å bli køyrd ned av ein syklist i det kaotiske sykkel- og trikkefeltet mellom rådhuset og festivalplassen, der ho småspring til scena med typen sin på slep.

– Det er magisk, seier ho etter tredje låten.

– Tja. Det blir litt einsformig for oss utanforståande, seier typen.

Zain Zohaib på si side takkar varmt for oppmøtet. Dei sit på golvet, dansar med overkroppen, ansikt til ansikt med ei av dei nakne bronsekvinnene til Emil Lie. Bak skulpturen glitrar fjorden, med seglskuter og grøne øyer.

– Allhamdulille, seier dei.

– Vi håpar alle har det fint, inshallah.

Fri Palestina

Unge Beirut, Elias Tchaba frå Vennesla, som står på scena før 47Soul, får sjølv ateistar til å synge med på «Gud er stor». Han må jo vere inspirert av duoen Karpe, som har fått halve landet til å gaule «Allah, Allah».

I år har Karpe laga musikk i lag med den pakistanske stjerna Kaifi Khalil, men i starten, då dei stod på Mela-scena, var det nytt, det dei baud på. «Er du bitte litt brun, så er du bitte litt Bin Laden», song dei – og bana veg for andre med røter i ein annan kultur, som Samsaya, Admiral P, Amanda Delara, Hkeem, Arif, Musti, Jonas Benyoub og Isah – og Unge Beirut, altså, som har røter i Palestina og Libanon.

No er det han som får folk til å gaule «inshallah».

Og «fri Palestina», sjølvsagt. På arabisk.

På Mela 2024 var palestinaflagga med på dei fleste konsertane.

Bugge Wesseltoft òg

Konferansierane gjennom helga, Hina Zaidi og Jawad Aziz, personifiserer både det fleirkulturelle og det politiske, der dei informerer smilande om kvar artist – alltid på norsk – og slepper til ein og annan dirrande appell. Før dei introduserer årets siste konsert, med Sajjad Ali, takkar dei Khalid Salimi, som no går av som direktør, for det han har skapt: Her har hundrevis av artistar spelt, ofte i unike samarbeid. Eit av årets høgdepunkt var konserten med slampoeten Taro Vestøl Cooper med ein stor gjeng musikarar, blant anna Adama Janlo og Bugge Wesseltoft.

– Det er de som skal ha takk, seier Salimi til publikum.

– Det er de som er Mela.

Raske båtar og bilar

Og så, då mørket fell på, blir vi – som på konserten med Chani Nattan og Inderpal Moga kvelden før – som teleporterte til Pakistan, der vi med eitt står klemde mellom eit hav av menn i salvar kamiz og kvinner i hijab, til og med nikab. Frå raske båtar og skinande svarte bilar kjem små gjengar i svarte jeans og hettejakke. Samtidig spring ungane enno rundt. Det er ikkje få spedbarn her heller. Alle skal få sjå og høyre Sajjad Ali, ei av dei største popstjernene Pakistan har å by på.

Det er kaldt, men her, i mengda, er det varmt og godt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis