JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Eit res av russelaks

Ikkje i noka norsk elv blir det fanga fleire pukkellaks enn i den vesle Vesterelva inst i Varangerfjorden.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vesterelva 19. juli 2023. Denne dagen blei det sett sesongrekord med nærare 5000 fanga pukkellaks på eitt døger. Det var gratis å fiska pukkellaks med stong nedanfor brua som biletet er teke frå.

Alle foto: Sjur Haga Bringeland

13102
20240202

Pukkellaks

Art i laksefamilien som høyrer heime i det nordlege Stillehavet

Kom til Noreg etter utsetjingar på Kolahalvøya og kring Kvitsjøen

Toårig livssyklus, gyter på oddetalsår i Noreg

Alle døyr straks etter gyting og rotnar i elvane

Kategorisert som «høg risiko» på Artsdatabankens svarteliste

sjurhabring@gmail.no

Kirkenes er ein underleg stad. Dette er framleis Noreg, men kjennest som overgangen til ei anna verd. Frå hotellet ser eg bort på Kimek, skipsverftet som tradisjonelt har reparert russiske båtar og no er i trøbbel på grunn av sanksjonane. Det store, gule «ankring forbode»-skiltet er på norsk og russisk. Mange av gateskilta har også både latinske og kyrilliske bokstavar. Dette har gjeve Kirkenes aukenamnet «Vesle Murmansk». I tillegg kjem dei samiske namna. Her møtest tre kulturar, minst.

Bortanfor kyrkja, i krysset mellom Rådhusgata og Kirkegata, passerer eg eit stort, primgult murhus. «Den russiske føderasjonens generalkonsulat» står det på messingplaketten ved døra, som er krona av eit raudt skjold med dobbeltørn. To svarte SUV-ar med blå og gule diplomatskilt står parkerte her. Blå og gule er også dei små papirhjarta som nokon har hengt opp i bjørka på hi sida av gata, med påskrifta «Stop War, Stop Putin».

Foraktar fiskekort

At byen er eit unntak i Fastlands-Noreg, merkar ein også på folket her. Fleire av dei eg talar med, har ein anarkisme ved seg, dei utstrålar ei slags fandenivaldsk fridomskjensle, til dømes seljaren på Sportshjørne i Dr. Wessels gate.

– Eg kjøper aldri fiskekort, svarer han på spørsmål om kvar eg kan kjøpa eit slikt.

Er det altså gratis å fiska? Nei, eg må sjølvsagt kjøpa meg løyve, men han foraktar fiskekort, og konkret svar på spørsmålet mitt får eg aldri. Når det gjeld fluger til pukkellaksfiske, er han meir hjelpsam.

– Raudt er bra, gjerne slike som imiterer reker, men i grunnen kan du nytta kva fluge som helst. Men kvifor gidd du i det heile å fiska på russelaksen?

Han er møka lei ufisken frå aust som uansett byrjar å rotna når han får ferskvatn gjennom gjellene. Pukkellaksen går no opp i finnmarkselvane i flak på fleire tusen, medan den atlantiske laksen framleis lèt venta på seg. Me skriv 19. juli, og laksesesongen 2023 ser ut til å bli den dårlegaste nokon gong.

Pukkellaksen likar raude fluger, gjerne slike som imiterer reker.

Munkelva

Eg tek min siste dusj og sjekkar ut av hotellet. Frå no av skal dobbeltseng bytast ut med dobbelt liggjeunderlag og frukostbuffé med morgonbål. Eg tek E6 vestover i retning Tana. Målet er Vesterelva lengst inne i Varangerfjorden, der det i 2021 blei teke aller flest pukkellaks i Noreg. Vil denne rekorden gjenta seg denne sommaren òg? På vegen stoppar eg ved Munkelva, der eg har ein avtale med dei som røktar fiskefella to gonger i døgeret.

Munkelva har ei såkalla spilefelle, der eit gjerde av ståande metallspiler fører fisken inn i fangstkammeret. Der aular det med grønsvarte puklar. Røktarane håvar han opp, lammar han med eit slag i hovudet, bløggar han og lempar han i blå plasttønner. Tønnene blir straks henta av eit fiskeforedlingsfirma, for sjølv om styresmaktene er tydelege på at ein ikkje ynskjer ei kommersialisering av pukkellaksuttaket, vil ein helst unngå å kasta mat. Fisken tapar seg rett nok snøgt når han kjem opp i ferskvatn. Men mange er framleis etande, og hoene bognar uansett av velsmakande rogn.

I prinsippet hamnar all fisk som går opp elva, i fangstkammeret, også dei ynskte artane, som er atlantisk laks, sjøaure og sjørøye. Men desse ser me ikkje mykje til i dag. Mot enden av økta er det berre éin fisk att i fella – ei forskremt lita sjørøye på eit par hekto, som får halda fram oppstraums. På Miljødirektoratets nettsider blir det ført løpande statistikk over pukkellaksuttaket. Denne dagen blir det fanga 371 pukkellaks i fella i Munkelva. Til samanlikning: Etter sesongslutt skal det syna seg at talet på atlantiske laksar som blei fanga her gjennom heile sommaren, var 396.

Denne dagen blei det fanga 371 pukkellaks i Munkelva.

Oddetalslaks

Frå Munkelva er det framleis ein dryg time att av bilturen inn mot Vesterelva. Sjølv nede ved fjorden er naturen som på fjellet heime på Vestlandet, med ditto dyreliv. Harar hoppar, og tamrein med lurvete sommarpels luntar nonchalant langs vegen og ensar ikkje bilen.

I går var eg på «pukkellaksseminar» i regi av Norges Jeger- og Fiskerforbund aust for Kirkenes. Konklusjonen var at dei verste spådommane for 2023 om 1.000.000 pukkellaks truleg ikkje slår til. Den svartelista arten gyter på oddetalsår i Noreg. I 2017 blei det fanga 6600 pukkellaks i sjø og elvar. I 2019 auka talet til 20.000. Så, i 2021, tidobla det seg, med meir enn 200.000.

Men sjølv om populasjonen har eksplodert dei siste oddetalsåra, er ikkje pukkellaksen eit heilt nytt fenomen langs våre lengdegrader. Forskaren Paul Eric Aspholm ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) deltok på seminaret. Han fortel at soga byrja på 1950-talet, i samband med Sovjets program for strategisk matproduksjon. Russarane flytte då rundt på ymse haustbare artar, mellom anna kamtsjatkakrabben (kongekrabben). For å auka fiskeproduksjonen i elvane kring Kvitsjøen blei det henta rogn og eggesekklarvar (nyklekte fiskelarvar) av pukkellaks frå Stillehavskysten – nærare bestemt frå øya Sakhalin i Okhotskhavet, ei bukt i Aust-Sibir rett nord for Japan.

I april–mai, når yngelen er kring 2,5 centimeter, slepper han seg vanlegvis ned elva og ut i havet, og sidan havstraumane langs Kolahalvøya går frå aust mot vest, dreiv yngelen forbi finnmarkskysten på ferda ut i det sørlege Barentshavet og Nord-Atlanteren. I 1961, til dømes, var det difor mykje pukkellaks på norsk side.

Spreier seg raskt

Men i fyrstninga etablerte ikkje arten seg skikkeleg. Difor varierte talet på pukkellaks som kom attende frå havet, mykje frå år til år. Dette har å gjera med at øya Sakhalin, der pukkellaksrogna altså blei henta frå, ligg i «feil» klimasone, fortel Aspholm.

Sakhalin har om lag same klima som Trøndelag, medan det kring Kvitsjøen og Kola jo er kaldare. Russarane tok lærdom av dette, og på 1980-talet byrja dei å henta yngel og rogn frå Ola, ei elv i Magadan fylke lengst nord i Okhotskhavet. Dermed blei det betre klaff med klimaet, og frå 1990-talet av etablerte sterke, sjølvproduserande stammer seg i Nordvest-Russland. I Noreg merka me lite til denne «suksessen» – før i det fyrste store pukkelåret 2017.

Aspholm understrekar at pukkellaksen er ein ynskt art for russarane, som haustar han gjennom eit slags industrielt landbruk. Dei har fangstkvotar på han, og når kvotane er nådde, slepper dei resten av fisken opp i elvane for å gyta.

Vår laks blir langt eldre og kan gyta opp mot fire gonger. Pukkellaksen, derimot, har ein strengt toårig livssyklus, der alle individ døyr etter gyting. Det kjem altså nye generasjonar annakvart år. Den korte livssyklusen gjer at han har betre evne til effektiv seleksjon, at han tilpassar seg nye miljø raskare, fortel Aspholm.

I tillegg kjem det at pukkellaksen har ein større «feilvandringsprosent» enn vår laks. Medan den atlantiske laksen i all hovudsak vender attende til elva der han blei klekt, gyter langt fleire pukkellaksar i «framande» elvar. Difor spreier han seg så raskt.

«For ein som er vand med vanleg laksefiske, der det kan gå dagar mellom kvart hogg, er dette absurd.»

Vesterelva

Det eg opplever i Munkelva, er gale nok. Men stoda i Vesterelva er altså enda verre. Eg tek av frå E6 og køyrer grusvegen ned til elva. Nedstraums for brua er det opna for fritt stongfiske etter pukkellaks; ein må berre registrera seg over internett og senda inn fangstrapport til Nesseby Herreds Jeger- og Fiskerforening. Dei tre ynskte artane lyt ein sleppa ut att.

På ein tilhengjar ved brua er det er stroppa fast ein stor, gul kasse med påskrifta: «Russelaks kast her!» Men ikkje alle har kasta han der. Ein søtleg stank av rotnande fisk stikk i nasen, for i graset og buskane ligg fiskekadaver slengde. Oppgangen er enorm. Det vil seia: På norsk kallar me det lakseoppgang, men her høver det engelske ordet salmon run betre – for det er verkeleg eit res opp elva.

I den djupe bruhølen sprett og sprellar det, og lenger nede mot straumnakken, der vatnet skyt fart over grunnane, piler det puklar med kvit sprut etter seg. Dette er verkeleg Alaska-tilstandar slik eg kjenner det frå naturfilmane – minus grizzlybjørnar.

Eg dreg på meg vadebuksa, monterer stonga og bind rekefluga på fortaumen. Åleine er eg ikkje, men den einaste med flugestong. To fedrar med barn står her, og nokre finnar (dei er lette å identifisera, for finnar stiller i fullt jaktantrekk på fiske). I tillegg er der fire ukrainske kvinner som hyler kvar gong dei har napp. Eg overdriv ikkje: Dei fleste får fisk på kvart tredje eller fjerde kast, og rett som det er, kastar dei på tvers av kvarandre så slukane hektar seg.

Hylande snelle

Sidan det er kaos i hølen, traskar eg lenger nedstraums, der blankstraumen bikkar over i raskare, urolege parti. Vadebukse er eigentleg ikkje naudsynt, det er ikkje djupare enn at sjøstøvlar hadde gjort jobben. Men grunnane ser ikkje ut til å uroa fisken. Somme sym så grunt at halve pukkelen stikk opp.

Eg dreg nokre famnar line or snella og legg kastet halvvegs ut i elva. Bang! Der sit den fyrste, men han slepper kroken etter få sekund. Eg dreg ut meir line og kastar 45 grader på tvers av elva, slik at straumen fører snøret i ei vid bukt nedover og fluga får passe fart. Det nappar roleg fleire gonger, men utan at fisken sit.

Fleire kast, fleire drag i lina, så blir eg klar over at dette i røynda er fisk som kolliderer i sjølve flugelina. Kva gjer eg gale? Eg skiftar taktikk: Snøret blir lagt 90 grader i høve til straumen slik at fluga får maksimal fart. Dette gjer susen. Ein svær pukkel stig etter fluga; han bommar fyrst, men på andre freistnad strammar snøret seg. Fisken skyt i vêret, bråsnur og fer i full fart nedover elva så snella hyler. Eg har null kontroll og fylgjer etter med stongtuppen i vêret for å unngå at fortaumen hektar seg i steinane der nede.

Etter nokre titals meter snur pukkelen og piler opp att, men rolegare denne gongen, for no må han kjempa motstraums. Eg sveivar det eg er god for, og legg jamt press på fisken. Etter nokre minutt er det over. Han stig til yta, bikkar over på sida og rister sløvt på hovudet. Med eit resolutt grep kring sporden vippar eg han inn på det tørre – ein hannfisk på kring tre kilo, med markant pukkel, krok på overkjeven og det karakteristiske rosaskjeret bak gjellene som har gjeve han namnet pink salmon på engelsk. I kjeften er der rader med blåkvite, sylkvasse tenner.

«I kjeften er der rader med blåkvite, sylkvasse tenner.»

Sesongrekord

To timar og nærare 20 fiskar seinare gir eg meg. For ein som er vand med vanleg laksefiske, der det kan gå dagar mellom kvart hogg, er dette absurd. Fisken fór tidvis mellom beina på meg, og ein gong gjekk ein illsint hannpukkel jamvel til åtak på vadeskoa. Og så er det stanken. Sidan mange av fiskane er blaute og uetelege, har altså late fiskarar ignorert «Russelaks kast her!»-karet ved brua og berre lempa dei opp i buskane.

Dette har fått konsekvensar, for i løpet av ettermiddagen tikkar det inn ei melding frå jeger- og fiskarforeininga om at det gratis stongfisket av pukkellaks blir stoppa frå og med klokka seks i kveld – på grunn av forsøpling og forureining. At den daude fisken trekkjer til seg måkar, er også ein risiko, for i Aust-Finnmark herjar fugleinfluensaen for tida.

Men i spilefella oppstraums for brua held fangsten fram. Der lyt dei ty til traktor for å få all fisken unna. Nettsida til Miljødirektoratet fortel at denne dagen var sommarens verste: I fella blei det fanga 4843 pukkellaks på eitt døger. Det plutselege pukkelreset har truleg med vêromslaget å gjera. Etter ein lengre tørkeperiode kom det i natt styrtregn, og fisken som lenge hadde stått og stura nede i osen, fekk plutseleg lyst til å «gå på elva».

Fasiten etter sesongslutt skal elles visa at Vesterelva også i 2023 var den elva der det blei teke ut aller mest pukkellaks i Noreg, nærare bestemt 28.901. Til samanlikning: I eit normalår går det opp kring 700 atlantiske laks her, og av dei blir kring 400 fanga.

Frå leirplassen i Luftjokdalen. Varmrøykt pukkellaks på ein, to, tre.

Varmrøykt pukkel

Eg plukkar ut dei to finaste pukkellaksane mine, ei hoe og ein hann som framleis er blanke, og skjer filetar av dei. Sidan eg uansett skal innom fella i Tanaelva, har eg sett meg ut den aude Luftjokdalen nokre kilometer nord for Tana bru som overnattingsstad.

Der fyrer eg eit kraftig råbjørkbål, gnir filetane inn med salt, pepar og litt sitronsaft og varmrøykjer dei – på spidd gjennom skinnet, slik eg har sett samane gjera det. Korleis det smakar? Herleg, med ein konsistens meir som aure enn laks, for fibrane i kjøtet er finare enn hjå atlantisk laks av same storleik.

Men pukkellaksen held seg tydelegvis dårlegare. Den siste fileten sparer eg til frukost, difor saltar eg han rå, pakkar han i plast og legg posen til kjøling i myra. Aure held seg i fleire dagar på denne måten, men neste morgon er pukkelfileten blaut og uappetittleg.

Neste veke: Villaks i Vestre Jakobselv

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis