Fifty shades of Gråtass
TRØGSTAD: På korn- og grisegarden Bratvedt ser dei framover, med nybygd motorverkstad, og bakover, med seksti veterantraktorar på gamlelåven.
Kring seksti veterantraktorar fyller gamlelåven på Bratvedt gard i Trøgstad i Indre Østfold.
Alle foto: Håvard Rem
havard@dagogtid.no
Framleis søv born, unge og mellomklassen. I sekstida om morgonen er det arbeidsfolk som fyller Oslo S. Kvar kjem dei frå? Eit blikk på ljostavla syner at dei kjem frå Østfold, mange av togvognene som no tømmer seg på gamle Østbanen.
«Ærbesfolk» heiter songen eg har på øyra, av Hagle, ein køntrirappduo frå Eidsberg og Trøgstad – dit ferda går i dag. Her kjem refrenget:
Denna her er til deg som går på jobb
Alle ærbesfolk som reparerer bilen til en snobb
Alle de som bygger hus og kapper plank
De som heller jobber dobbelt når naboen driver dank
Alle de som skifter bleier eller dekk
De du ringer for å redde deg når vasken din er lekk
Alle kjærringær og kællær uttpå sjønn
Alle de som sløyer fisk, alle de som borer brønn
På trikken eg tok ned til Oslo S, hang ein plakat som vervar folk til Sporveien: Er du lei av å tenkja jobb heile døgeret? Vil du ha meir fritid og overskot? Tid til å samla på frimerke? Det kan du få med ein såkalla vanleg jobb, kalla ni-til-fire, men meir sju-til-tre, gjerne innom Oslo S i sekstida. Alternativet, eige verksemd, vert ofte ni-til-ni.
To brør
Slik er det med dei to brørne Kjølberg som eg møter i Trøgstad. Den tredje broren er i Forsvaret.
Tore-Martin, eldst av dei to, har vel ein seks-til-ni-jobb. I sekstida om morgonen ser du han ikkje på Oslo S, men i svinefjøset. Han har nær tusen av dei – purker, smågris og slaktegris. Ein typisk Indre Østfold-bonde, stor i svin og korn. Med leigd jord driv han kring 2000 mål, for i tillegg til å eiga slektsgarden Bratvedt forpaktar han ni gardsbruk i distriktet. Det var store einingar i 1612 òg. Då svara Bratvedt for ein stor årleg «alle mann alle-skatt» til styresmaktene, i lag med ni grannebruk den gongen òg.
Litlebror Lars-Kristian og sambuaren Linda har gjort som på trikkeplakaten – kome seg inn i eit offentleg tenesteyrke med løn under utdanning, slik det har vore for togførarar og konduktørar og fengselstilsette. Dei er tollarar – som grisebonde ikkje eit uvanleg yrke i Indre Østfold, så nær svenskegrensa.
Dimed har dei tid til eit liv ved sida av jobben. Det andre barnet er undervegs, og kan henda kjem det fleire, tidleg i trettiåra som dei er. Born har ikkje bonden hatt høve til. Ikkje hobbyar heller. Litlebroren har ein hobby. Det er ikkje frimerke han samlar på, men traktorar.
Verkstaden
Med kring seksti traktorar på garden, dei fleste av dei veterankøyretøy, treng ein jamleg verkstad. Så i 2021 bygde brørne eigen verkstad på Bratvedt. Bonden fortel:
– Det kosta, men syner seg å gå i pluss, så no har me tilsett mekanikar. Sumarstid hjelper Bjørn til med alt mogeleg på garden, men vinterstid er han for det meste på verkstaden.
Når han ikkje brøytar snø som nett no. Til dagleg bur han med kone og born i det ombygde bryggjarhuset på garden.
Overskotet frå verkstaden kjem av at dei ikkje berre steller eigne maskinar. Hit kjem bønder frå heile Indre Østfold for å få fiksa køyretøya. Ein god attest på mekanikarkompetansen er at ein har både hundre og femti år gamle traktorar som framleis vert nytta i potethyppinga.
– Nyare traktorar er som nyare bilar. Det er mykje elektronikk, mykje ein ikkje kan reparera sjølve. Her har me hatt høve til å investera i feilsøkingsverktøy som få bønder har, fortel bonden ved dataskapet.
Garden og verkstaden har det siste året vorte ein hjelpesentral òg.
–?Eg har bakgrunn frå Heimevernet og har organisert innsamling mellom tidlegare forsvarsfolk. No har me sendt fem bilar med utstyr til Ukraina, alt frå varme vinterklede og femti kilo sjokolade til aggregat og dronar, fortel yngstemann Lars-Kristian og legg til:
– Hit kjem Harald òg. Han nærmar seg 80 år no, men gløymer at han har vondt i ryggen, når han berre kan koma hit og mekka.
Då Lars-Kristian var i tenåra, var det den førti år eldre grannen Harald Løvstad som lærte guten å mekka og skru.
Brørne Tore-Martin (t.v.) og Lars-Martin Kjølberg i den nye traktorverkstaden på slektsgarden.
Stålhallen
Bonden må sjå til grisene. Lars-Kristian og eg går frå verkstaden til nylåven. Han peikar:
– Her i stålhallen lagrar me dei største landbruksmaskinane – og halmen. Halm er det beste underlaget for grisene.
– Eg nytta sagflis, fortel eg frå mi tid som griserøktar på Vestlandet.
–?Det har vore det vanlege, men halm er betre for dei. Og det er halm frå eigne jorde. Før berre låg han og ròtna, men no kjem han til nytte – ikkje minst til fyring. Eit biprodukt syter for klimavennleg oppvarming av alle bygningane på garden.
Stålhallen har kome til nytte på mange vis. Han tok over for gamlelåven, så litlebror fekk ein stad å samla traktorane sine. Og han har vore åstad for filminnspeling.
– Det var her på Bratvedt Hagle spela inn den fyrste musikkvideoen sin. Dei var så nøgde at dei kom attende for å spela inn ein Spellemannpris-video òg. Då vart det mykje ommøblering i stålhallen, med flytting av halmballane, men då me såg resultatet i fjernsynet, var det verdt det.
Konfirmanten
Det er tid for dugurd, lunsj. Me passerer stålsiloane til kornlagring, grisefjøset og halmfyringsanlegget på veg til kårstova. Der held foreldra til, Trond og Else-Marie Kjølberg, som tok over i 1991.
Utanfor står det staselege tuntreet, ein høg og kring 400 år gamal ask. Å samla gardsfolket til felles måltid er viktig på Bratvedt. Me er mange som et i lag. Det er Tore-Martin og bønder som han som syt for at me har brød på bordet og kjøt på brødet.
– Nei, korleis kan det ha seg at ein utviklar ei slik interesse, undrar bonden om traktorsamlinga til litlebroren.
Men eg hugsar traktorane eg leika med som gut, dei minste i metall fekk plass i ei fyrstikkøskje, og eg hugsar eldstesonen på to år som la alt anna til sides kvar gong han høyrde eller såg ein traktor, så eg tek til motmæle:
– Nei, det er ikkje han som har utvikla interessa, det er me andre som har mista henne.
– Det byrja tidleg, nikkar gamlebonden Trond frå bordenden:
–?Heile storfamilien var samla her då han vart konfirmert i juni 2004. Medan andre la konfirmasjonspengane i ein moped, kjøpte han seg ein gamal traktor – som fjortenåring.
Tilhøyrsle
Storsamling vert det vel i august òg. Då er gamlebonden 70 år. Store endringar har han sett sidan han sprang kring på garden som gut i 1950-åra. Eg vil høyra med han om Indre Østfold-identiteten.
Indre Østfold, kva er det? Forvirrande. Det er namn på både regionen og storkommunen. Mindre forvirrande vert det ikkje av at storkommunen er nyoppretta, og nesten like stor som regionen. Forvirrande har det òg vore at så mange her i Indre Østfold eigentleg ikkje kjenner ei sterk tilhøyrsle til Østfold.
At dei ikkje kjenner sterk tilhøyrsle til det nye – og snart forsvunne – storfylket Viken, som rekk heilt til Sogn og Fjordane, det kan eg skjøna, men heller ikkje til Østfold?
Som ho sa, bussjåføren på morgonruta frå hovudstaden til Mysen:
–?Den regionen som ein kallar Indre Østfold, er som den stygge andungen. Det er regionen som ingen vil ha. For min del høyrer me til Follo.
At tilhøyrsla ikkje har vendt seg sørover, til regionen Nedre Glomma og byane der, men vestover mot Follo, Akershus og Oslo, stadfestar Trond Kjølberg:
–?I gamle dagar var det ikkje slik at me drog med varene våre for å selja dei nedi Sarpsborg og Fredrikstad. Nei, me tok dei med til hovudstaden og selde dei der. Indre Østfold høyrde til Oslo.
Heller ikkje dialekten vender seg mot Østfold. Målet i Trøgstad har ikkje mykje med Kyst-Østfold å gjera. Kring bordet høyrer eg lite av Raymond-mål, av Østfold-l-ar og forsvunne diftongar (beken for bæiken, bacon). Indreøstfoldsk er vanskeleg å skilja frå standard-austlandsken, som tek over frå Hallingdal til svenskegrensa, i det minste mellom dei unge – sett bort frå hjå dialektdyrkarar som André Jensen og Olav Tokerud i Hagle. «Felleskjøpet-dress»:
Jeg måker møk og træsker kønn
Å ja det årnær sæ for en ekte bondesønn
Noen går i bleser fra Hugo Boss
Noen går i silkeskjorte slippers og Lacoste
Noen går i Gucci men det ække oss, å neida
Jeg har det alltid best i Felleskjøpet-dress
Til hverdag eller fest i Felleskjøpet-dress
Det hinsidige
Garden ligg i Håkon Håkonssons veg, og han låg nok her alt då Eidsberg-fødde Håkon Håkonsson (1204–63) levde, for Bratvedt gard er nemnd i ei skriftleg kjelde mindre enn 200 år etter at kongen døydde.
Slikt er uvanleg, men så var det heller ikkje ein vanleg eigedomshandel kjelda fortel om. Garden var midt på 1400-talet eigd av den dansk- eller tyskfødde lensherren og riksråden Hartvig Krummedike (ca. 1400–1476/77), ein av dei største jordeigarane i Noreg. Han åtte fleire hundre bruk. I 1460-åra, då han nådde ein alder der mange planlegg pensjonen, planla han pensjonen sin i det hinsidige.
Avlat veit mange i dag ikkje kva er, men no er me i katolsk tid. Eidsborg kyrkje, som me vitja førre veke, var i same periode skadd i ein brann, og for å skaffa pengar til atterreising fekk kyrkja løyve til å selja avlat. Hadde ein ikkje berre mykje dårleg samvit, men mykje pengar òg, kunne ein få korta pina si i skirselden med heile førti døger – mot å gje pengar til kyrkja.
Dette var mellomklasseavlat. I høvet Bratvedt gard og eigaren Krummedike er det snakk om overklasseavlat. Han var ein omstridd og mislikt mann med så mykje på samvitet at han i 1861 ville ha sitt eige altar i Oslo domkyrkje. Der skulle ein «ævinnelig» halda tre messer i veka for han og den næraste familien, ja, i og for seg for «alla crisne sæle» – andsynes æva var det nok klokt at ein ikkje berre tenkte egoistisk.
Prisen for eit slikt altar sette kyrkja til tjue gardsbruk, og eitt av dei var altså Bratvedt i Trøgstad.
Rett nok hende alt dette for meir enn eit halvt tusenår sidan, men tru ikkje at frykta for æveleg pine er heilt utrydda her i området. Neste veke går ferda til to fengsel i Indre Østfold der ei stor gruppe av dei innsette har mindre frykt for straffa her på jorda, i det minste i Noreg, enn for straffa i det hinsidige.
Hotell Bergen
Den kyrkjelege eigarskapen har fylgt garden til nyare tid. Oppsitjarane på Bratvedt dreiv garden, men åtte han ikkje. Rakkestad kyrkje åtte ein del. Så seint som i 1847 selde Lier kyrkje, då dei trong pengar til vedlikehald, ein eigardel i Bratvedt gard.
Besteforeldra til Trond Kjølberg kjøpte garden i 1924. Han fortel:
–?Dei gav 80.000 kroner. Etter krakket i 1929 vart gjelda uhandterleg. Farfar min sa om tuntreet at det hadde kosta 40.000 kroner, like mykje som garden.
Dei unngjekk tvangsauksjon, men i 1931 tvinga gjelda dei til å pakta bort garden. Sjølv flytta dei til Oslo og dreiv Hotell Bergen i Storgata, eit steinkast frå domkyrkja. Etter fire år kunne dei ta over garden att, og no gjekk det slag i slag, med innlagt vatn i 1936.
Ein merkedag kom i 1969, då Trond var seksten år. Far hans fekk høve til å kjøpa Øvre Bratvedt. Garden hadde då vore delt sidan 1811.
Hundre års soge
Garden veks med verkstad og stålhall, og traktorsamlinga veks. Strengt teke er det ikkje berre Lars-Kristian som samlar. Trond og Tore-Martin kallar det ikkje å samla, det dei held på med, men det byrjar å likna, og heilt tilfeldig er det vel ikkje at traktorane deira er frå andre tiår.
– Kva år er dei frå, den eldste og yngste traktoren din, spør eg Lars-Kristian.
– Frå 1919 og frå 1964, svarar han.
– Og kva år er han frå, den eldste traktoren din, spør eg Tore-Martin.
– Frå 1990, svarar han.
Massey Ferguson-traktorane hans strekkjer seg frå 3000-serien i 1990-åra via 6000- og 7000-seriane til 8000-serien. Han legg til:
– Den nyaste min er frå 2013. I dag svarar det seg ikkje å kjøpa ein heilt ny traktor. Ein frå 2013 er ny nok. Dei frå 1990-åra reknar eg som nye, dei òg.
– Så då er det ei luke der på to–tre tiår, frå 1964 til 1990, spør eg.
Dei dreg litt på det. Trond svarar:
– Nei, ikkje heilt. Eg har jo nokre traktorar, eg òg.
– Kva for årsmodellar er dei, spør eg.
– Den eldste er vel frå 1965. Ja, og så har eg nokre frå 70-åra og 80-åra, svarar han.
Etter å ha rekna litt, tenkjer eg: Dei har eigentleg hundre år med traktorar her på garden.
Den raude Gullfisken
Etter maten er det tid for å sjå samlinga. Lars-Kristian og eg går opp brua til gamlelåven. Til høgre og venstre står tretti modellar og versjonar av traktoren som born elskar.
– Fifty shades of Gråtass, smiler samlaren.
Ein gullaminert John Deere skal eg få sjå seinare i dag, men ikkje her. Her går det i Massey Ferguson. Og sjølvsagt i Massey-traktorar og Ferguson-traktorar frå tida før dei slo seg i lag til MF. Eikmaskin går det òg i, importøren som alt i 1937 innleidde eit samarbeid med Ferguson, og som sjølvsagt skaffa den fyrste traktoren til Bratvedt gard. Kjølbergane har vore MF-tru sidan då.
Kvart køyretøy har si soge.
–?Der står ein Vanguard, varebilen som Eikmaskin nytta som servicebil kring på gardane, fortel han og held fram:
– Gråtassen der er den smale vingardsmodellen, som køyrde mellom rankene i varmare land, men som her i kalde Skandinavia vart nytta på kyrkjegardar, mellom gravstøttene.
– Gråtassen du ser der, med ski og belte, ikkje hjul, var det fyrste motoriserte køyretøyet som nådde Sørpolen, i 1958, men her heime vart han nytta i skogsdrift, seier han, før han stoggar og peikar igjen:
– Den raude Gullfisken der kom til Bratvedt i 1957, då far min var fire år. Den er det fyrste minnet hans.
Traktoraltaret
Den eldste traktoren er eldre enn både Massey og Ferguson.
– Han kom ny til Østfold i 1919. Den fyrste eigaren var bestefar til forfattaren Jon Michelet. Men som så mange andre på den tida gjekk han konkurs, og i 1929 gjekk traktoren på tvangsauksjon. Oldefar min kjøpte han. Så forsvann han. Det tok tid å spora han opp, og det har teke tid å få sett han i stand. Han går på både bensin og parafin – bensin for å starta og parafin for å køyra. Med fire sylindrar og sjølvstartar var han langt føre si tid. I dag finst det fem av dei i Noreg. To av dei er i køyrbar stand, og dette er den eine.
Til museet kjem mest svenskar og tyskarar, men skal ein tru Lars-Kristian, er landsmenn velkomne òg. Opningstid lyt ein avtala over telefon.
Eit Krummedike-altar har dei ikkje på Bratvedt gard, men på traktorlåven står eit Massey Ferguson-altar, bygd av frontdekselet til ein Massey Ferguson, med eit av sidevindauga som altarbord. Til høgre for altaret står leiketraktorane på rekkje og rad, ulike årsmodellar, under mottoet: Lat dei små koma til meg.
Både biskopar og prestar har forretta ved Massey Ferguson-altaret når Lars-Kristian Kjølberg ein sundag i året fraktar det til landbruksgudsteneste på Trøgstad Bygdemuseum.
Hagle-vandring
Når eg nærmar meg Oslo S att, er det stadig i sekstida, men no om kvelden. Og endå ein gong hamnar eg i ei folkevandring frå Indre Østfold til hovudstaden. Kva hender?
Jau, det er Hagle – Trøgstad- og Eidsberg-duoen – som feirar at dei har runda hundre millionar strøymingar på Spotify. Til det høvet har dei selt ut Sentrum Scene bak Youngstorget, og Felleskjøpet bidreg med ein gullaminert John Deere-traktor som køen no sniglar seg forbi.
Kø er det inne òg, til merchendise-salet, som ein skulle tru var ei popup-bu for Felleskjøpet, med grøne kapsar og kjeledressar som til forveksling liknar dei Felleskjøpet sel, sett bort frå at logoen her har ein H – for Hagle.
I den fullsette salen har mange teke på seg den grøne Indre Østfold-bunaden. Midt i hovudstaden, med gull i glaset, feirar dei bygda. Det gjer dei på galleriet òg, utan attenårsgrense, i lag med foreldre og med brus i glaset. Her er dei fleste mellom seks og tolv år, i Indre Østfold-bunad, mange av dei òg.
Born, unge og vaksne syng med på «Traktor».
Bilær og båtær som tutær og bråkær
Drekker meg drita og skyter på måkær
Røker på rullings og fyller på diesel
Og ruller med Ferguson ute på åkern
For vi rullær i traktor – hey!
Ja vi rullær i traktor – ho!
Gutta rullær i traktor – hey!
Alle rullær i traktor – ho!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Han selde tjue av gardane sine for å få råd til eige altar i domkyrkja i Oslo.
Det er ikkje han som har utvikla ei traktorinteresse, det er me andre som har mista henne.
Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø