Fredagskaffi i Ørje
ØRJE: Det finst kardemommebyar med skomakargater langt inni innlandet òg, der livet går like langsamt som ein kanalbåt gjennom slusene i Haldenvassdraget.
Fredagskaffi og vinylfredag i lokalmatutsalet Matfatet i Storgata i Ørje i Marker kommune i Indre Østfold. Poeten, songaren og markingen Trygve Skaug sit ved døra.
Alle foto: Håvard Rem
Les også
Glomma og Vamma bru på grensa mellom Skiptvet og Eidsberg.
Alle foto: Håvard Rem
Elva og bilen
Trygve Skaug
Birdie
Du er tatovøren i første etasje
vis-à-vis barberer Sørensen
som med trygge bestefarshender
maler og lever livet farge for farge
sett med mine fyllesyke øyne
er du den eneste som mangler i Kardemomme by
mannen med den magiske nåla
du har risset deg inn i dagene til så mange nå
svaler du lager så vakre fugler
og old-school-bokstaver
fyrtårnterninger
flaskeskip og planeter
legger skygger og blekker inn til beinet
jeg har sett hvordan du tegner streker
mellom de usammenhengende prikkene
til de som setter seg ned i stolen
mannen med den magiske nåla
at livet handler kun om ett punkt av gangen
og smerte er relativt
smerten er stedvis og forgjengelig
alle livsverk starter med en liten prikk
som sakte sakte
blir til et helt bilde hvor alt litt etter litt
henger sammen
STAY TRUE står det med Egner-skrift
på skiltet over harleyen
som står parkert ved siden av sykkelen
til Tante Sofie
Frå samlinga Dikt til navngitte menn,
Cappelen Damm, Oslo 2022

havard@dagogtid.no
Eg er den einaste passasjeren på bussen frå Mysen til Ørje, og avgangen er den einaste denne morgonen. Neste buss går om seks timar. Elles i Østfold går buss og tog – og buss for tog – heile tida, ja, i Indre Østfold òg, med Askim og Mysen som knutepunkt. Men ikkje hit til Ørje heilt i aust, berre ei halv mil frå svenskegrensa, i Marker. Kommunen ligg utanfor om ikkje folkeskikken, så det vanlege kollektivtilbodet, ikkje berre i Austlandet-samanheng, men i Indre Østfold-samanheng òg. Eit så skralt tilbod hugsar eg frå nokre avsides kyststrok i Nordland.
Som ho fortalde meg, sjåføren på direktebussen som kvar morgon går frå Oslo bussterminal til Mysen stasjon, og som ikkje nyttar lengre tid enn toget no som Follobanen slit:
– Indre Østfold strekkjer seg frå Hobøl i vest til Marker i aust, og di lenger aust du kjem, di billegare vert husa og di fleire vert dei trygda.
Indre Østfold.
«Odd»
Om ho har rett, har Marker dei lægste bustadprisane, og til slike område flyttar kunstnarar òg. Ein ukjend kunstnar som flytta frå Oslo til Ørje for ti år sidan, er i dag særs kjend, lyrikaren og musikkartisten Trygve Skaug, men trass nasjonalt gjennombrot –?han bur framleis i Ørje. Og ikkje berre det: Han skriv og syng om Ørje òg, og om andre stader i Indre Østfold, som Trøgstad, der han voks opp og budde til han var seksten år og fór på folkehøgskule vestpå. No er han 37.
Med meg på bussen har eg den nye boka hans, diktsamlinga Dikt til navngitte menn (2022). Ei betre reisehandbok kunne eg neppe teke med meg. At eg valde å leggja nett den i sekken, kjem av at ho i stor grad går føre seg i Indre Østfold. Det er regionen eg skal skriva frå framover, og eg ville byrja frå ein kant – Ørje er ein slik.
Kjem ein vestfrå, frå Oslo via Mysen, eller sørfrå, frå Halden, er den offentleg transporten avgrensa til skuleruter.
– Eg har køyrt denne ruta sidan 1987, fortel sjåføren. Dei drygt to mila til Ørje tek ein halvtime.
– Har det vorte fleire eller færre passasjerar?
– Langt færre. Diverre. Mest skuleelevar. Men sei meg, er det den nye boka til Trygve du sit med?
– Ja. Kjenner du han?
– Me var grannar i mange år. Og alle kjenner alle i Marker. Me var den siste kommunen i landet som fekk automatisert telefonnett. Til 1982 ringde alle sentralen. Det er eit dikt om meg i boka.
–?Jøss. Kva heiter du?
Tittelen på kvart dikt er fornamnet på han diktet er skrive til.
– Odd. Det står langt bak.
Eg finn «Odd». Med glimt i augo held han blikket på vegen medan eg les høgt:
ODD
Jeg har vært på vei hjem
(på din regning)
helt siden jeg mistet lappen
Svenskegrensa
Sjåføren forklårar:
–?Han kom for nær bilen føre seg då han styrte med musikkanlegget, så han fekk eit halvår utan lappen. Då var Odd grei å ha for ein turnerande artist. Men sjå – der står ein annan utan lappen.
Odd køyrer ikkje strake vegen til Ørje, E18, men sidevegar, og på ein aud stad som heiter Kallak, får Odd og eg selskap.
Eg har vore i desse traktene ein gong før, som tiåring. På taket av stasjonsvogna var ein grøn presenning, og synet av den skapte kvar juli same glede som det like grøne joletreet i desember. Det som låg under presenningen, var vel så spanande som det som låg under treet: teltduk og stenger, campingbord og stolar, primus og termosar, badmintonnett og fotball. Av alle ferieferder hugsar eg denne. I dag har eg vitja 75 utland, men då var eg få minutt frå å vitja det fyrste – Sverige. Eg såg uniformerte tollarar før vegskilta fekk andre fargar, og utanfor Töcksfors redda eg skota til bror min medan far min sette opp teltet og mor mi styrte med primusen. Det var ei mil sidan me køyrde gjennom Ørje og mor mi sikkert kommenterte kor koseleg småbyen var, og far min truleg heldt eit føredrag om kanalen og slusene, men kven brydde seg –?verda venta.
– No skal du få ei historie, seier Odd og stoggar.
Hein
På kjem Hein, ein brysk hollendar med vilt skjegg, i ei gul jakke over ein grøn, sterkt falma Felleskjøpet-dress. Han set seg fremst hjå oss, og medan me rullar mot Ørje sentrum, kjem livssoga.
– Eg voks opp som lækjarson i gode kår i Nederland, men kjende meg som eit hår i suppa. Eg var ikkje så skuleflink og la i veg som syttenåring. Då eg nådde Marker, var det endeleg audt nok, så eg busette meg her i ein kanalbåt.
– Du er jo hollendar.
– Eit tak av bølgjeblekk fekk eg henta frå nokre minkskur i Oppdal. Men då eg møtte Solfrid, flytta me inn i ein ledig slusemeisterbustad, heilt til leiga vart for høg for meg åleine då Solfrid kom på heim, så no har eg i fem år budd oppi Kallak i ei tivolivogn.
– Kva år kom du hit?
– I 1956.
Eg høyrde rett. Hein er fødd i mellomkrigstida. Eg trudde han var i 60-åra, men han er snart 84. Odd stoggar bussen. Han veit kvar Hein skal av.
– Eg har ei verkstadbu i hamna, så der skal eg vera i dag, til bussen går att. Berre kom innom.
– Og du skal vel til Matfatet, seier Odd.
– Korleis veit du det?
– Nei, dit går Trygve kvar fredag på kaffi.
«Kaffe-Lars»
Busstopp er det ikkje ved Matfatet, men Odd stoggar likevel. Lokalmatutsalet hyser Ørje Kaffebrenneri, som ber namnet med rette. Blikkfang i lokalet er ein Probat årgangs-kaffibrennar, eit monster høgare enn eigaren Lars Johansson, i Dikt til navngitte menn – som i Ørje elles – kjend som «Kaffe-Lars». Eit utdrag:
en plass som det her klapper sammen
blir som en bygdekino uten kinematograf
som en julegrantenning på torget
uten han som vet hvor man stapper i stikkontakten
som en svimete tenåring
uten noen steder å henge med alle hormonene sine
som en påkostet kaffebar
uten han som kan steame melk
som et Ørje uten Lars
Flexit
Som kollektivtilbodet fortel: Marker er utkant – som på eit vitalt punkt skil seg frå utkantar flest. Medan folketalet der gjerne er halvert i mi levetid, har det halde seg her, ja, auka litt, frå 3515 innbyggjarar i 1950 til 3578 i fjor. Kva er løyndomen? På fredagskaffi stiller eg spørsmålet i plenum, og her kjem somme av svara:
«Kommunen har aktivt tilbode billege tomter til dei som vil bu her.»
«Folkesjela i Marker. Folk er positive. Kjem du med ein idé, vert du møtt med entusiasme.»
«Flexit.» Hjørnesteinsverksemda, med 260 tilsette, har hovudkontoret sitt på Ørja – der bedrifta vart skipa for femti år sidan – og produksjonsanlegg i Töcksfors, rakt over grensa. Flexit leverer komponentar til ventilasjonsanlegg.
«Kreative miljø. Kunstnarar flyttar hit.»
«Fredagskaffi.»
«Soot-spelet og miljøet i hamna, med Kanalmuseet, Haldenkanalen og Sluseporten Båtcafé.»
Trygve Skaug kjem med ei demografisk opplysing, han òg: «Folk giftar seg på tvers av grensa. Me har fleire norsksvenske par her. Det kjennest stundom som om me bur i Värmland. Eg har hytte der, 40 minutt herfrå med bil.»
Kaffe-Lars og kaffibrennaren på Matfatet i Ørje.
Næringsvegar
Når eg kjem heim frå ein norsk region, kan eg skuffa dei som vil høyra om næringslivet i området. Kva lever dei av der? Svaret er gjerne keisamt. Mange stader lever fleirtalet av det offentlege. Helse, skule, byråkrati. Som lønsmottakar eller trygdemottakar –?det nye klasseskiljet i distrikta. Mange driv med tenesteyting: friserer og tatoverer, illustrerer og serverer.
Men Indre Østfold er jordbruksland òg, mest korn og svin. I Marker driv ein dryg tredel av dei yrkesaktive innan jord- og skogbruk, industri og anlegg.
Den største statisten
– Har de matbutikk her ei halv mil frå svenskegrensa? utfordrar eg fredagskaffilaget.
– Extra har nett bygd på 150 kvadratmeter. Rema driv godt òg. Tobakk er jo billegare i Töcksfors, men måling får du billegare her. Markingar gjev standhaftig støtte til den norske bonden. Sjå deg kring.
Sett bort frå kaffikroken til Kaffe-Lars er lokalet fylt av lokalmat. Og kreative menneske. Irene er designar og ekssvigerinna til Trygve Skaug. Systera til Kaffe-Lars er biletkunstnar. Ved sida meg sit kyrkjetenaren Per Vidar Iversen, som ein elles kan sjå i filmar og seriar som «Troll», «Syk pike» og «Ammo».
– Per Vidar er Ørjes største statist, fortel systera til Kaffe-Lars.
Bakkekontakten
Ein av dei som i førre tiåret kom ukjend og kreativ til fredagskaffi, er no av dei mest kjende kunstnarane i landet. Eg spør dei som framleis er ukjende:
– Når mista han bakkekontakten?
Det vert stilt. Har eg brote ein uskriven lov? Er avtalen at Trygve Skaug skal få gå kring i Ørje som ein vanleg mann? Sjølv gøymer han andletet i den eine handa og peikar med den andre mot utgangsdøra. Gå. Forsvinn.
Men sidemannen –?i boka «Verdens beste Mikke» – trøystar kompisen, og Per Vidar Iversen hjelper oss forbi eit kritisk punkt i samtalen.
– Han har aldri hatt bakkekontakt. Trygve har alltid vore svevande.
«Nicholas»
Frå Matfatet tek Trygve Skaug meg med på ei byvandring. Andre stader i Indre Østfold skal eg møta folk som likar å dra til Ørje ein laurdag føremiddag. Den vesle småbyen mellom dei to innsjøane, Rødenessjøen i nord og Øymarksjøen i sør, ligg som ein sjeldan innlandsvariant av den sørlandske kardemommebyen med skomakargater. Vel så viktig er det som ikkje ligg nær Ørje og omland, men diverre nær mange andre norske småbyar –?eit digert kjøpesenterland som tømmer sentrumsgatene for folk og verksemd.
I sportsbutikken Nilsen Sport & Elektrisk får eg helsa på målmaskinen til Ørje IL i sjette divisjon og ein av dei namngjevne i boka, då med eit tilnamn som rimar på Messi, «Christopher ’Cressi’». Så går ferda til Bakergaarden og ein prat. Om diktboka guidar meg gjennom Indre Østfold, kan vel forfattaren guida meg gjennom boka. Me byrjar med byrjinga. Kven er «Nicholas»?
– Ein av brør mine. Frå Uganda. Då han kom hit som einsleg mindreårig, søkte foreldra mine om at heimen vår fekk status som mottak. No er han ein del av familien.
Mittanbud.no
«Nicholas» har ein undertittel: «(sangtekst)». Teksten har rim og rytme og sikkert ein melodi.
– Veit du tidleg om eit hugskot kjem til å verta dikt eller songtekst?
– Som oftast kan det verta båe delar, så då gjer eg eit val.
– Men det byrja med songtekstar?
– Ja, eg følte lenge at eg var låttekstforfattar, men eg eksperimenterte med korte aforismar, i ei leiken form, utan å sjå på dei som dikt. Det var korte replikkvekslingar. Kritiske punkt i ein samtale. Før hadde eg lagt ut live-selfie i sosiale medium, men det gjev jo ikke så mykje til folk som bur på stader der eg ikkje har konsert, så i staden byrja eg å leggja ut desse småtekstane på Facebook, for kring ti år sidan.
–?På den tida de flytta frå Oslo til Ørje?
– Ja. Og no spurde folk om tekstane var samla ein stad. Då gjekk eg på Mittanbud.no for å finna einkvan som kunne laga ei bok for meg. Eg hadde sendt tekstane inn til forlag, men alle takka nei.
– Forfattarskapen byrja på Mittanbud.no?
– Ja. Eg fekk svar frå eit reklamebyrå på Hadeland. Og eg kjende ein grafisk designar som tok seg av satsen. Irene.
– Som eg prata med på fredagskaffien?
–?Ja. Ho var gift med bror min. 50 hadde tinga boka, så eg prenta 100. Salet av dei betalte for prenting av 300 eksemplar til.
Tatoveringane
– No har diktbøkene dine femsifra opplagstal. Kva hende?
– Artisten Marthe Valle tok foto av ei bokside og delte det – ikkje på Facebook, men på Instagram. Trafikken auka då Ellen Wisløff delte det vidare på Ren poesi-kontoen sin. Og det tok heilt av då teksten vart delt derfrå, i lag med eit nakenfoto, av påverkaren Sophie Elise.
Trygve Skaug sjølv passerer i desse dagar 200.000 Instagram-fylgjarar. Gjennombrotsteksten var «Timing»: «– Er det ikke litt for tidlig å si at du elsker meg, sa hun / – Er det ikke litt for seint å be meg om å la være, sa han»
Dylan-ord
– Eg kan humra over dei tidlege dikta, seier han. Når han syng, får han dei i fleisen. På konsertane kan han vanskeleg unngå å sjå eigne diktliner tatoverte på armar og bein i salen.
Skaug er full av poesitatoveringar sjølv, men dei er ikkje henta frå eigne diktbøker.
–?Alle tatoveringane mine er liner frå songtekstane til Bob Dylan.
Tatoveraren Birdie er ein av drygt 50 navngitte menn. Han bur i Indre Østfold-hovudstaden Askim, med verkstad i Ski.
– Heime gjekk det i Beatles og Creedence, men då eg var tretten år, kom eg over ei skive av Dire Straits og ei skive av Bob Dylan – på Fina-stasjonen i Båstad, bygda i Trøgstad der eg voks opp. Då var det gjort. Det vart så viktig for meg at Fina-stasjonen byrja å ta inn Dylan- og Dire Straits-skiver.
Hollandske Hein (t.v.) og Trygve Skaug slår av ein prat utanfor ein Ørje-butikk.
«Leif Egil»
I Bakergaarden har me sett oss i kjellaren, så Trygve Skaug skal få fred. I vindauget ser me ein flokk i friske fargar.
– Oi. Der går barnehagen til dottera mi.
Han og ekskona har tre born i lag, på seks, ti og fjorten år. Bak borna står ein raud mursteinsgard. Han peikar:
– I den budde morfaren min, Leif Egil. Ho eg var gift med og eg ville ut av Oslo. Me ville til Indre Østfold, men ikkje attende til bygdene der me voks opp, ho i Spydeberg, eg i Trøgstad. Me fann tomt i Ørje. Eg hadde vore her mykje som gut, for morfaren min budde her. Han dreiv frisørsalong, og me leika på bakrommet.
«Leif Egil (sangtekst)» er med. Fyrste strofe:
Du fikk aldri holdt guttungen i arma
ikke søstrene hans heller
du så aldri da vi flytta inn i det nye huset vårt på Moen
du va’kke der da jeg gikk på i Spektrum
eller på mine vondeste kvelder
men det er ganger at jeg kjenner
at du ser meg godt som no’n
Bilkøyring
Men bilsertifikatet har Trygve Skaug fått attende. På veg til amerikanaren hans, ein diger Dodge, presenterer eg han for Hein, som har forlate verkstaden i hamna av di han trong noko i butikken. Kan henda endar han som «Hein», for sist i boka skriv Skaug om «de som ikke har fått diktene sine ennå».
I bilen presenterer han meg for ferske demoar, songar som kjem på eit nytt album seinare i år. Musikken høver til bilkøyring. Og det gjer dei slake landskapa og rake vegane i Indre Østfold òg.
Ferda går mot Eidsberg der eg neste veke møter ein arkeologiprofessor frå Mysen. Ho vil fortelja meg om Indre Østfolds historie og identitet, og hjelpa meg med å avgrensa området. Kva omfattar regionen Indre Østfold? Sjølvsagt den nye kommunen – dei tidlegare kommunane Hobøl, Spydeberg, Askim, Trøgstad og Eidsberg – ein storkommune som forvirrande nok har fått same namn som regionen: Indre Østfold. Kommunane Skiptvet og Marker er med, dei òg. Om Rakkestad og Aremark er med, kjem an på kven du spør.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø