JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Frelsaren frå nord

JERUSALEM: I Hamas- og terrorspørsmål vel Noreg no annleis enn Vesten elles. Den norske frelsarrolla i dag liknar frelsarrolla vår før.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mahmoud driv bokhandelen som høyrer til hotellet American Colony i Aust-Jerusalem.

Alle foto: Håvard Rem

13183
20240209

Israel–Hamas-krigen. Del 3

Håvard Rem skriv frå Tel Aviv og Jerusalem, Libanon-grensa og Vestbreidda.

Eit nord–sør-essay

havard@dagogtid.no

No som for to og tre tusen år sidan: Jerusalem summar av prat, i små nettverk, med ytterkantar som grip i kvarandre og skipar større nettverk.

Ahmed og Mahmoud

Eit lite døme: I den palestinske delen av byen, i Salah Ad-din-gata, få minutt frå Herodesporten og gamlebyen, ligg ein bokhandel med godt utval av bøker på engelsk. Ei vaksen dame driv han. Ho byr på kaffi, og me kjem i prat. På skrå over gata ligg ein bokhandel med bøker på arabisk. Bak disken står Ahmed, son til kvinna i den fyrste bokhandelen, medan mannen hennar, far til Ahmed, sorterer i hyllene. Snart står me i ein prat om kva for stader dei rår meg til å vitja på Vestbreidda.

Etter 500 meter kjem eg over i Nablus-
vegen og til endå ein bokhandel, med eit framifrå utval av politisk og historisk Midtausten-litteratur på vestlege språk. Eg får ein av mange samtalar med han som driv staden, Mahmoud, svogeren til Ahmed.

Mor til Ahmed og svigermor til Mahmoud arbeider i den tredje bokhandelen til den palestinske familien.

Foto: Håvard Rem

American Colony

Med Mahmoud tangerer eg eit anna nettverk, for bokhandelen hans er ein del av hotellet eg bur på i Aust-Jerusalem, segnomspunne American Colony, der det summar av prat mellom ambassadørar, politikarar, reporterar, forskarar og fredsmeklarar, i frukost­salen, i lobbyen og ikkje minst i kjellaren, om kvelden, i baren. Dei som ikkje bur fast i Jerusalem, bur på American Colony.

Byen summar av prat, ikkje minst i krig, som det ofte er, men i motsetnad til for to og tre tusen år sidan kan ein no høyra norsk både her og der i Jerusalem.

Då slit eg litt. Med palestinarane går praten så lett, om dei kan engelsk, men med dei norske går det tråare. Kvifor?

På tavla med namn til American Colony-gjestar finn ein – i lag med Bob Dylan og John Steinbeck – Gro Harlem Brundtland, Jonas Gahr Støre og Terje Rød Larsen.

I kjellaren til American Colony, ved sida av baren, står døra til bomberommet på gløtt.

Partipolitisk polarisering

På norsk vert praten merkeleg nok meir ladd av undertekst enn her. Kjensla vert stadfesta av ein ekspert som i nokre timar deler av ti års røynsle i landa, dei siste åra i palestinske område. Ho fortel:

– Polariseringa her er heilt annleis enn i Europa. I både Palestina og Israel er det stor skilnad på dei som faktisk bur her, og diaspora-tilhengjarane. Når ein har budd her ei stund, ser ein breidda og kompleksiteten på båe sider. Mellom palestinarane er det enorme skilnader – sosiologisk og økonomisk, geografisk og politisk, og generasjonsmessig, mellom gamle og unge.

Ho legg til:

– Polariseringa i Europa er på eit vis partipolitisk. Er ein ideologisk på venstresida, er ein propalestinsk, og er ein ideologisk på høgresida, er ein proisraelsk. Røyndomen her, på bakken, er til dels ei spegling av dette, men langt meir kompleks.

«Med palestinarane går praten så lett, men med dei norske går det tråare.»

Ord som provoserer

Eg legg merke til at eg i større grad veg orda mine når eg pratar med ein nordmann enn med dei som har vakse opp her. I lag med palestinske aktivistar eller høgortodokse jødar nyttar me heile tida ord og namn som Gaza, Hamas, 7. oktober. Mellom landsmenn vert eigennamna meir politiserte. Proisraelaren tonar ned Gaza-namnet av di det gjev merksemd til massedrepinga av sivile, av kvinner og born, rekna som ein uheldig, men uunngåeleg verknad av den israelske forsvarskampen.

Ein annan uklok referanse heime er 7. oktober. Det fekk regionleiaren for LO Vestland, Roger Pilskog, merka på kroppen ein desemberdag i Bergen. Då han innleia med å nemna 7. oktober, i det som elles var planlagt som eit propalestinsk åtak på Israel, vart Torgalmenningen-publikumet så provosert at talarstolen vart storma og talaren truga før politiet greip inn og avbraut appellen.

Og kva kallar ein sjølve krigen? Hamas har kalla 7. oktober-åtaket sitt for Al-Aqsa-opprøret, men denne nemninga fungerer dårleg på norsk av di moskénamnet konnoterer til religion, og i Noreg har katastrofen ikkje med religion å gjera.

Andre skyr Hamas-ordet. Ein SV-ar klaga nyleg over at partileiinga unngår å nytta namnet. Ein skjønar at dei skyr det, for det får ein til å tenkja på terror, ikkje lidingar.

Gaza eller Hamas? Sjølve krigen heiter Israel–Hamas-krigen i Financial Times og New York Times, men Israel–Gaza-krigen i BBC og The Guardian.

«Noreg fylgjer lojalt alle EU-direktiv, men ikkje når det gjeld terror.»

Norsk åleinegang

Norsk midtaustenhistorie er kjenneteikna av større pendelsvingingar enn elles i Vesten. Eit døme: I svara på fleire store spørsmål dei siste månadene har Noreg valt sin eigen veg. 1) Skal ein krevja våpenkvile i Gaza etter Hamas-åtaket 7. oktober? 2) Skal ein som donorland halda fram med økonomisk stønad til UNRWA, FNs hjelpeorganisasjon for palestinaflyktningar, som i mindre eller større grad er terrorinfiltrert?

I motsetnad til vestlege land flest har Noreg svara ja på slike spørsmål.

Av vestlege land som svara annleis enn Noreg i båe spørsmåla – land som ikkje støtta våpenkvilekravet, og som inntil vidare frys UNRWA-stønaden – finn ein mellom andre USA, Austerrike, Storbritannia, Tyskland, Italia og Nederland.

Men Noreg gjekk lenger. Me skilde òg lag med ei lang rekkje vestlege land som – til liks med Noreg – kravde våpenkvile, men som likevel – motsett Noreg – stoggar UNRWA-stønaden. Kva for land? Sverige, Finland, Island, Frankrike, Sveits, Estland, Australia, Japan, New Zealand og Canada – og dessutan EU. Ein EU-tinga rapport frå det tyske Georg Eckert-instituttet har avdekt at UNRWA-støtta palestinske skulebøker inneheld rasistisk jødehat.

Nær tjue vestlege donorland valde annleis enn annleislandet Noreg, som i staden slo fylgje med Saudi-Arabia, Tyrkia, Kuwait og Qatar.

Ja, med Danmark og Belgia òg, rett skal vera rett, men elles: Danmark og Belgia, som har skipsfart, slutta seg i januar til den vestlege åtvaringa til houthiane som skyt rakettar mot handelsskip i Raudehavet. Noreg har ikkje slutta seg til; som frelsaren set me ikkje eigeninteresser høgst.

Noreg fylgjer lojalt alle EU-direktiv, men ikkje når det gjeld terror. I januar sette EU i verk sanksjonar mot Hamas og Palestinsk islamsk jihad (PIJ), men Noreg har ikkje slutta seg til EU-initiativet. I det internasjonale samfunnet er terrornettverk å rekna som «syndarane», og som frelsaren fordømer ikkje Noreg syndarane, men slår heller av ein prat med dei. Det lyder eit evangelisk ekko i norsk UD: «Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som har vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»

Éi sak er at Noreg har valt annleis enn andre vestlege land; i si tid var me meir sionistiske òg. Ei anna sak er at norsk presse ikkje har drøfta argumenta til dei mange som vel annleis enn Noreg. Kva er grunngjevinga deira? Anar ikkje. Me veit berre at medan nær tjue vestlege land frys UNRWA-stønaden, vel nestleiaren (Ap) i den norske utanrikskomiteen å nominera UNRWA til Nobels fredpris. Onsdag melde utanriksministeren (Ap) at Noreg aukar UNRWA-stønaden med nær 0,3 milliardar kroner for å kompensera for tapt stønad frå vestlege land.

Det bibeltru landet

Heng det saman med at me har gått frå å vera eit sionistisk annleisland til å verta eit antiisraelsk?

Kvifor var Noreg så sionistisk før? Haldninga kvilte på ei bibelsk forståing av Midtausten, og Noreg var frå 1800-talet truleg det mest bibeltru landet i Europa. Eit døme: Ingen stad vart den amerikanskimporterte pinserørsla så stor som i Noreg, der ho etter 1900 snøgt vart det største trussamfunnet utanfor statskyrkja. Sionismen stod sterkt i kyrkja og arbeidarrørsla òg. Einar Gerhardsen, Haakon Lie og Jens Chr. Hauge vert skildra som «varme Israel-venner» i Hilde Henriksen Waages bok Norge – Israels beste venn. Norsk Midtøsten-politikk 1949–1956 (1996).

Ytterpunkta føreset kvarandre. Dei handlar om omvending, om barne- og helst ungdomstru, og difor om identitet. Eg voks opp både med sionistar som skalv av glede då Israel tok heile Jerusalem i 1967, og med sekstiåttarar som framleis skjelv av sinne når dei hugsar kartet over Det heilage landet som hang indoktrinerande i klasserommet.

Pendelen svingar. Slik Tyskland og Sverige på seksti år gjekk frå ytterpunkt til ytterpunkt i innvandringshaldningar, slik gjekk Noreg i Midtausten-haldningar.

Norsk frelsarrolle

Men her eg er i Jerusalem, med diplomatar og forhandlarar på alle kantar, kjem spørsmålet: Heng ikkje annleisrolla til Noreg, osloavtalelandet, saman med meklarrolla vår? Jau, det handlar om posisjonering òg, om haldning meir enn handling. Samstundes som ein Ap-politikar vil gje fredsprisen til UNRWA, røystar Ap nei i Stortinget til alle dei tretti framlegga om sanksjonar mot Israel.

Men det eine hindrar ikkje det andre: At Noreg i nyare tid har teke på seg ei meklar- eller frelsarrolle i israelspørsmål, speglar at me såg oss sjølve i ei jødisk frelsarrolle før òg. Som eit land med ei oppgåve, så å seia ein misjon. Me kan berga dei.

Israelsmisjonen vart skipa for 180 år sidan for å hjelpa jødar, auka støtta til dei og forkynna kristendom for dei. Ein forventa at jødane kom til å ta imot Jesus og verta kristne, slik ein no forventar at palestinarane kjem til å verta sekulære sosialdemokratar.

Sidan vart det sett på som antisemittisk at ein ville kristna jødane, men den gongen trudde ein at dei inst inne elska Jesus, utan å vita det. Inst inne er folk som oss. Tankegangen no liknar: Palestinarane er inst inne Pride-tilhengjarar og interseksjonelle demokratar, men av di vestleg kolonitid sette dei attende, har dei enno ikkje skjønt det sjølve.

For den norske frelsaren er Det heilage landet no Palestina. Slik me før ville frelsa jødane, kan me no frelsa palestinarane. Men israelarane kan me ikkje frelsa, for dei har no teke over rolla som dei fortapte «muhammedanarane» spela i sionistisk tid.

Dette gjeld i stor målestokk òg. Muslimane er dei nye jødane, like forfylgde som dei var i si tid. Islamofobien er den nye antisemittismen. At ein jøde skal syngja under MGP-finalen i Malmö i mai, vekkjer meir forarging enn at jødar ikkje vågar å bu i byen.

«Slik proisraelaren song «Frå elva til havet», syng antiisraelaren «Frå elva til havet».»

Pro og anti

Pro- og antiisraelaren har meir sams enn dei innser. Til dømes vil båe mislika samanlikningane:

Slik proisraelaren song «Frå elva til havet», syng antiisraelaren «Frå elva til havet». Slik proisraelaren svara deg med å sitera Bibelen, vil antiisraelaren svara deg med å sitera menneskerettane. Slik den eine hevdar at palestinarane er skuld i si eiga ulukke, hevdar den andre at jødane er skuld i si eiga ulukke.

Slik proisraelaren plukka frå kvarandre palestinsk og arabisk historie og identitet, vil antiisraelaren plukka frå kvarandre jødisk og israelsk historie og identitet. Slik proisraelaren hamna i seng med religiøse rasistar som hevdar at jødane har ein gudegjeven rett til landområde, hamnar anti­israelaren i seng med religiøse rasistar som rasar over ikkje-muslimsk statsdanning i ummaen frå Marokko til Pakistan.

Slik proisraelaren skulda deg for å relativisera holocaust-myrderia, vil antiisraelaren skulda deg for å relativisera Gaza-myrderia.

Dei realpolitiske overgrepa finn stad medan eg skriv, men dette handlar ikkje om dei, men om å vera politisk frelst – slik få nordmenn er frelste i si haldning til Kinas overgrep mot tibetanarar og uigurar, for no å nemna to av dei kulturelle folkemorda eg har sett på nært hald.

Dei unge demonstrantane heime ser eg med augo til tenåringen som for femti år sidan såg dei unge demonstrantane under plakatportrett av despotar. Slik det sionistiske standpunktet til sist ikkje kunne samla høgresida, men berre delar av henne, vil eit antiisraelsk standpunkt snart ikkje kunne samla venstresida heller, men delar av henne.

Eric Nelson Newberg, The Pentecostal Mission in Palestine. The Legacy of Pentecostal Zionism (Pickwick, 2012).

Vegen vidare

Bokhandelsvograne gjev meg kunnige råd om stader på Vestbreidda det er verdt og ikkje minst mogeleg å vitja. Det handlar om nettverk òg, og når Ahmed får høyra kven av toppane eg pratar med, meiner han at eg jamvel kan koma meg inn på Gaza, i det minste nord på stripa. Nei, det er uråd. Kva med Betlehem? Hebron? Nablus?

Mahmoud må ha lese tankane mine. Han tek ei engelskspråkleg bok ned frå hyllene, av ein amerikansk professor, Eric Nelson Newberg: The Pentecostal Mission in Palestine. The Legacy of Pentecostal Zionism (Pickwick, 2012).

Og Ahmed fortel om Oslo-ferda si. Ei syrisk veninne som han hang i lag med då dei studerte i England, slo seg ned i Oslo då han fór attende til Jerusalem, og rett før nedstenginga og pandemien drog han og vitja henne. Dei held kontakten, og Ahmed kan fortelja at ho for nokre månader sidan opna ein bar i Hausmanns gate.

Nettverk grip i kvarandre. Kan henda sit me der ein dag og pratar engelsk, men i kveld vert det baren i kjellaren på American Colony, og der går praten for ein del på norsk og svensk, men seint vert det ikkje, for når dei fyrste strålane frå morgonsola skin i kuppelen til Klippedomen på Al-Aqsa-plassen, Tempelhøgda, er eg på veg ned mot Ramallah-terminalen for å ta bussen til Vestbreidda.

Utsyn mot Klippedomen frå Oljeberget i aust.

Les også: Israel-Hamas-krigen. Del 1: Frose fast i 7 oktober og Israel-Hamas-krigen. Del 2: Sabbat i Safed

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis