JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Islands vegar er uransakelege

Islendingane borar stadig djupare
for å hente energi frå helvete.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Krafla kraftverk, Kröflustö¿ på islandsk, er eitt av seks geotermiske kraftverk. Bygginga starta i 1975, og her hentar dei varmt grunnvatn frå til saman 30 (!) borehol som driv to dampturbinar. Anlegget har ein total kapasitet på 60 megawatt (MW). Nei, det er vel ikkje så mykje?

Alle foto: Hallgeir Opedal

21547
20230922

Island rundt

Sommaren 2023 sette Hallgeir Opedal seg i leigebilen Bjartur for å køyre den 1332 kilometer lange Ringvegen rundt Island. Dette er vegrapporten hans.

Dag 5

Myvatn–Akureryri–Sigulfjördur

326 kilometer

Nettene er lyse her nord. Polarsirkelen sneiar så vidt borti Island, og Myvatn ligg på om lag same breiddegrad som Brønnøysund.

Rommet i fyrste etasje på Eldá Guesthouse har store vindauge, heile austveggen er glas frå golv til tak, og gardinene er ikkje lystette. Eg vaknar klokka tre, det er fullt dagslys, men eg kan jo ikkje stå opp. Så dei neste timane fell eg inn og ut av svevnen og høyrer vinden ruske i bjørkekratt og regnet piske mot glasrutene. Når eg trekkjer frå gardinene klokka sju, er det grått og vått som ein hustrig haustdag.

Myvatn er eit paradis for fugleelskarar, og sjølv om eg er over middels interessert i fuglar, er det ikkje horndykkarar og kvinender eg har tenkt å kikre etter denne føremiddagen. Eg vil i staden prøve å få besøkt ein geotermisk kraftstasjon. Styrtregnet styrker den avgjerda.

Sidan dei fyrste landnåmsmennene kom til Island, har islendingane nytta seg av dei varme oppkomene. Snorre Sturlason fekk mura seg ein badekulp heime på Reykholt, og då kollegaen Halldór Laxness 700 år seinare bygde seg eit funkishus på heimgarden Gljúfrasteinn, fekk han støypt eit utandørs svømmebasseng. Det varme vatnet blir elles nytta i offentlege bad, og dei er det mange av. Kvar ei bygd har basseng, og det blir sagt at desse bada er islendingens andre heim. Sidan 1943 har svømmeopplæring i skulen vore obligatorisk. Det har redda mange liv.

Gudlaugur Fridtórsson heiter ein mann, og han er fødd på Vestmannaeyjar i 1961. Han er fiskar og kvardagshelt. I mars 1984 var han saman med fire andre om bord i fiskebåten «Hellisey» aust av Vestmannaeyjar. Båten var tungt lasta, sjøen grov, og klokka elleve om kvelden gjekk han rundt. To mann forsvann straks i bølgjene, men Gudlaugur, som var ein sterk og velfødd mann på 23 år, klora seg fast til kjølen saman med to andre. Det var to minusgrader i lufta, seks grader i sjøen, og nattsvart. Gudlaugur var kledd i olabukse, skjorte og genser. Dei bad Fadervår.

Båten sokk, og dei la på svøm. Snart mista dei synet av kvarandre. Gudlaugur var aleine. Tak for tak kava han i bølgjene, han svømde bryst og på rygg, mens tankane flaug hit og dit. Han ville flytte til New York, tenkte han, det hadde alltid vore ein draum, og så tenkte han på motorsykkelen han hadde bestilt frå England, og på alle han skylde pengar. Han kunne ikkje døy. Gudlaugur svelgde sjøvatn, kasta opp og heldt hovudet så høgt at det verkte i nakken.

Etter fem timar nådde han øya Heimaey. Berrføtt gjekk han tre kilometer over vulkansk glas, som skar føtene til blods. Sju timar etter forliset nådde han folk. Han var berga.

Nokre dagar etter blei Gudlaugur oppsøkt av Árni Johnsen, politikaren og trubaduren frå Vestmannaeyjar, som då arbeidde som journalist i Morgunbladid. Gudlaugur fortalte at han hadde fått oppfylt dei to ønska han hadde i sjøen; eit varmt bad og ei varm seng. Intervjuet avslutta slik: «Framfor alt vil eg audmjukt takke den allmektige, jamvel om det ikkje har vore mi sterke side.»

Kvifor overlevde Gudlaugur Fridtórsson og ikkje dei andre? Han blei send til London Hospital Medical College, der han gjekk gjennom ulike testar. Resultata kunne ein lese i New Scientist under tittelen: «Kvifor den feite islendingen overlevde den arktiske svømmeturen». Og det var nettopp dei 125 kiloa som berga han. Gudaugur Fridtórsson hadde feittlag som ein sel.

På Vestmannaeyjar arrangerer dei årleg Gudlaugsundet for å minnast bragda, der islendingar svømmer seks kilometer, men då i oppvarma svømmebasseng.

Jo, elles blir det varme vatnet nytta til dusj, oppvask og sjølvsagt til husoppvarming, men òg til å produsere elektrisk straum. Eitt av desse geotermiske kraftverka heiter Krafla, og ligg ein kort køyretur unna. Igjen var det rein slump som sette meg på sporet.

Garderoben ved M¿vatn Nature Bath er krevjande for oss med intimsfære på storleik med ei toromsleilegheit.

Det hadde seg nemleg slik at eg i går kveld tok turen oppom Myvatn Nature Bath. Eg er no ikkje så glad i slike offentlege bad, men eg veit jo kva spørsmål som ventar når eg kjem heim.

– Var du i heitur pottur?

– Nei.

– Var du ikkje?!

– Nei.

– Men ein kan ikkje reise til Island utan å bade i heitur pottur!

Så derfor køyrde eg opp, noko ugjerne, skal seiast. Det var eit stilfullt anlegg med kafé og ein triveleg resepsjonen med marmorgolv og lyst trepanel. Der fekk eg ei kort innføring i temperaturar i dei tre ulike bassenga, og eg betalte for inngang og handkle, sette frå meg skoa, gjekk inn for å kle meg om og fekk stadfesta at islendingane har ei avslappa haldning til nakenskap.

Det var ikkje grenser for korleis dei blotta seg i den tronge garderoben, store hårete kroppar med vom og vinterkviser, gamle, magre, rynkete skinn med vorter og leverflekker, og – imellom dei – ein og annan veltrena yngling. Dei sprada rundt, det dissa, slang, dingla og dangla, mens dei prata utehøgt og utvungent med kvarandre. Ryggvendt fekk eg dratt på meg den raude Armani-badebuksa mi, før eg treiv med meg handkleet og mobiltelefonen og gjekk ut i den kjølige kvelden. Svoveldufta reiv i nasen.

Men så den velsigna godkjensla, då eg steig ned i det fyrste bassenget og kroppen blei omfamna av badekarvarmt vatn. Tidlegare har eg vore i Den blå lagunen ved Selfoss og syntest det var ei utriveleg, gjørmete gryte. Slik sett var det betre her, både når det gjaldt utforming, botntilhøve og menneskemengd. Men for meg er det noko påtrengande og ugreitt å vasse halvnaken blant framande. Eg stilte meg mot kanten, la hovudet bakover og såg opp mot fjella som trona bak ein høg plankevegg. Dei minte om slagghaugane på Odda Smelteverk.

Halvannan time heldt eg ut, og eg var oppstemd då eg kunne køyre ned att mot pensjonatet, for på ein parkeringsplass like ved hadde eg sett eit gatekjøken som selde fish & chips. Eg rakk fram fem minutt før dei stengde, fekk bestilt og sette meg til å vente. Framføre disken dingla ein ung mann på ein barkrakk. Han hadde svart treningsjakke og ei lita veske over magen, håret var svart og halvlangt og samla i ein topp, ein såkalla man bun.

– Er du òg reisande, spurde eg.

– Nei, eg jobbar her, sa han.

I svaret var det ikkje noko overraskande, for det arbeider mange utlendingar på Island om somrane. Det er dei som held turistmaskineriet i gang, dei står i resepsjonar og suvenirbutikkar, dei kokar og serverer, dei reier senger og vaskar rom, men ikkje Roberto Davoli frå Aten. Han var vulkanolog, sa han.

– Wow, sa eg.

Det er ikkje kvar dag eg treffer ein vulkanolog, og eg begynte straks å forvite meg. Roberto studerte i Italia og heldt på med ei doktoravhandling og hadde vore på Myvatn i fleire omgangar. No skulle han vere her fire veker for å gjere seg ferdig. Han sa at her vi stod, møttest den eurasiske og amerikanske kontinentalplata.

– Kva plate står vi på no?

– Nei, nei, du misforstår, sa han, drog opp mobiltelefonen og leita fram eit bilete.

Det var ein grafikk som synte Island og den midtatlantiske ryggen. Han var som to bein som starta i sørvest i landet, dei møttest ein stad under isbreen Vatnajökull og forsvann samla ut i havet i nord.

– Myvatn ligg mellom platene, og desse blir rivne frå kvarandre og skaper til tider mykje vulkansk aktivitet.

Roberto fortalde så om Krafla-brannane, eit av dei største vulkanske utbrota i moderne islandsk historie. Like før klokka 12 laurdag 20. desember 1975 begynte det, nokre kilometer frå gatekjøkenet, og det varte berre nokre få timar. Det var starten, for snart etter braka det laus igjen, jordskorpa rivna og opp strøymde lava.

Utbrotet varte i ni år, og lavastraumane endra heile landskapet. Eg fortalde at eg hadde vore på naturbadet, og spurde kvifor vatnet var så blått. Det kjem av silisiumdioksid, sa han, og fortalde at bassenga der var fylte med spillvatn frå eit geotermisk kraftverk.

– Finst det eit slikt kraftverk her?!

– Ja, det er berre ti minutts køyring dit. Det er der eg sit og analyserer prøvene. Dei har eit besøkssenter som opnar klokka ti i morgon. Ja, om du vil sjå det?

Om eg ville det, ja!

Grekaren Roberto Davoli er vulkanolog, og eg trefte han då eg skulle kjøpe fish & chips.

Regnet trommar på biltaket. Klokka er ti minutt på ti, og eg ventar på parkeringsplassen utanfor kraftverket. Noko vakkert industrianlegg er det ikkje. Ein koloss av ein raud bygning, og ved sida av eit nær like høgt grått verandakasseforma bygg, der damp stig til vêrs. Heile dalen er i ulike fargenyansar av dystert svart, brunt og raudt, og her og der grøne flekker av mose og kratt.

Ei jente i regnjakke låser seg inn i det som må vere besøkssenteret, og eg ventar to minutt og følgjer på. Laufey Egilsdóttir frå Akureyri har stilt seg i resepsjonen, men er ikkje heilt klar for å ta imot besøk. Ho bed meg vente utanfor til klokka blir ti, men så rausar det fleire inn, og ho trekker på skuldrene. Eg kan berre bli. Altså, rausar – det er berre eit eldre fransk par.

Og mens ho slår på lys og skjermar, fortel eg at eg er journalist, og spør om det er mogeleg å treffe nokon som kan fortelje meg om historia til kraftverket og om geotermisk kraftproduksjon generelt, og mens eg pratar, klaprar fingrane hennar på tastaturet.

Når eg har sagt mitt, seier ho at nokon kjem til å kome. Ho har tydelegvis alt sendt av garde ei melding og fått svar. Mens eg ventar, nyttar eg høvet til å sjå ein informasjonsfilm om Krafla og utbygginga. Eitt kvarter seinare kjem nokon, og nokon er Hildur Vésteinsdóttir, og endå ein gong fortel eg kva eg vil. Hildur må ta ein telefon, seier ho og går ut att. Eg ber Laufey om å sette på filmen ein gong til, for det er så mange tekniske faguttrykk eg ikkje skjønar. Det går fort, det er på engelsk, og fysikk og geologi er ikkje mi sterke side, men der kjem Hildur attende og fortel at kraftsjefen har ein travel dag.

– Men han kan sette av femten minutt...

– Så bra!

– Om ein time.

Eg ber Laufey sette på filmen ein gong til.

Dette er grafikken som syner den midtatlantiske ryggen og Island – og kraftverket Krafla.

Ein time seinare parkerer eg utanfor kontorbygget, som ligg nokre hundre meter frå kraftverket. Der blir eg møtt av Hildur, som tek meg inn i eit møterom, og vi set oss på kvar vår side av bordet, og eg nyttar høvet til å forklare kvifor eg har på meg svart skinnjakke. Eg gjorde det same då eg trefte skogvaktaren i går, og då eg trefte arkeologen dagen før det.

Ja, til alle eg treffer, kjenner eg trong for å forklare kvifor eg går i svart skinnjakke. Jakka er ikkje ein journalist verdig, ho er for uvørden og uformell. No er ikkje norske journalistar kjende for å kunne kle seg, tvert om, men det veit dei ikkje her, og sidan eg er i utlandet, føler eg på mange vis at eg er ein representant for norsk presse.

– Eg brukar ikkje gå i slik jakke, seier eg.

– OK.

– Eg kjøpte ho i Reykjavík i 1991, og no er ho tilbake på Island.

– Jaha, seier ho.

Stille. Eg spør kva eg elles bør oppleve ved Myvatn, og ho seier Dimmuborgir, og når eg spør kva det er, seier ho at eg kan google. Ho er ikkje i det pratsame hjørnet, så vi sit no der og fingrar med kvar vår mobiltelefon.

Det mest populære fotomotivet i Dimmuborgir er å ta eit hopp i dette holet. Den tilårskomne japanskamerikanaren gjekk på trynet i fyrste forsøk, men her fekk han det til.

Enno veit eg ikkje heilt kva eg skal spørje kraftsjefen om, eg må berre kjenne meg fram. Etter sju–åtte minutt kjem to personar inn: ein mann i brun poloskjorte og kortklipt hår, som presenterer seg som Elvar Magnússon, og så ei draktkledd kvinne, men ho er ikkje viktig, seier ho. Ho høyrer til presse­avdelinga til Landsvirkjun, som svarar til Statkraft. Vanlegvis arbeider ho på hovudkontoret i Reykjavík, men sidan ho likevel var her, ville ho gjerne vere til stades.

– Så kva vil du vite, spør ho.

– Nei, kor vil de starte?

Hildur ser på Elvar, og Elvar nikkar, ho kan køyre på.

– Historia til denne kraftstasjonen tok til i 1975, seier Hildur.

– Og vi hadde ein litt tøff start, for like etter starta eit vulkansk utbrot berre ein kilometer frå anlegget her.

– Krafla-brannane?

– Ja, og det førte mellom anna til at den kjemiske samansetnaden av dampen frå grunnen endra karakter, så vi fekk store problem. Og to gonger fekk vi òg magma opp borehola.

– Så det er slik at de borar ned i grunnen…

– Ja, seier Hildur.

– Og kor mange hol har de bora?

– Vi har bora om lag 35 hol, og av dei er 30 i bruk. Dei er frå 600 meter til 2000 meter djupe, seier Elvar.

– Det djupaste er 2222 meter, seier Hildur.

– Så de borar ned i magmaen?

– Nei, nei, seier Elvar.

– Nei, det er det vi ikkje vil, seier Hildur.

– Under oss er det årer med grunnvatn, og det er desse vi forsøker å treffe. Vatnet må ha ein temperatur på minst 180 grader celsius. Opp av borehola strøymer det vi kallar geotermiske væsker. Damp, vatn, ulike kjemikal og nokre gonger gjørme. Så separerer vi væska frå dampen, og dampen driv to turbinar, og så driv turbinane generatorar som produserer elektrisitet.

– Så enkelt?

– Og så vanskeleg, seier dei tre i kor.

Eg la opp til den, det skal seiast.

– Kor mykje straum…?

– Kraftstasjonen her produserer 50 prosent av elektrisiteten som blir nytta i islandske heimar, seier Hildur.

– 50 prosent?!

– Altså, berre heimar. Ikkje straum til industri og alt anna, seier Hildur.

– 60 megawatt ved full produksjon på to generatorar her, ja, seier Elvar.

– Å, det er mykje!

Kraftsjefen Elvar Magnússon hadde nok forventa ein meir opplyst journalist.

Eg skal innrømme at eg ikkje anar om 60 megawatt er mykje eller lite, men sidan dei her produserer nok straum til å forsyne halvparten av hushalda på Island, gissar eg på at det er mykje, men no vil informasjonsdama seie noko.

– 80 prosent av kraftproduksjonen på Island går til tungindustrien, og det er forklaringa på kvifor eit lite kraftverk som dette produserer ein så stor part, seier ho.

(I ettertid finn eg ut at Krafla er det minste av dei seks geotermiske kraftverka på Island. Hellisheidi, til dømes, som ligg midtvegs mellom Reykjavík og Selfoss, har ein kapasitet på 303 megawatt. At eg utbraut «Å, det er mykje!», var ikkje på sin plass, tvert om ville «Hæ, ikkje meir?» vore rett reaksjon.)

– Kor djupt ligg magmaen her?

– Såg du videoen på besøkssenteret, spør Hildur.

– Yes. Tre gonger.

– OK. Det ligg eit stort magmakammer under oss, og nokre stader er det 2000 meter ned, andre stader 4000 meter. Det er ikkje som ein ballong, men irregulert. Her vi sit akkurat no, er det to–tre kilometer ned til kammeret, seier Hildur.

– Eg vil seie nærare tre, seier Elvar.

– Kor mykje av kraftproduksjonen på Island kjem frå geotermisk energi?

– Total kraftproduksjon er 2200 megawatt, og 27 prosent kjem frå geotermiske kraftverk. Resten er vasskraft, seier Hildur.

– Og vind, seier Elvar.

– Litt vind, seier Hildur.

– Er det slik at geotermiske kraftverk er utsleppsfrie?

– Ikkje heilt, nei. Det er i hovudsak CO2 og hydrogensulfid vi slepper ut no, men samanlikna med elektrisk produksjon i Europa og i verda elles er dei små. Der er utsleppa på i snitt 440 gram CO2-ekvivalentar per kilowattime, og vårt utslepp er på 3,5 gram.

– 3,5 gram er ikkje mykje, seier eg, og igjen er eg på tynn is, men det høyrest lite ut.

– Nei, men målet vårt er å ha null utslepp i 2025. Vi har sett i gang ulike forsøk og testar dei ut i desse dagar. Mellom anna ved å løyse opp gassane og kjemikala i vatn og pumpe alt ned att i grunnen. Og så plantar vi tre og slike ting.

– Kva er vanskane med å produsere geotermisk energi?

– Vanskane, gjentek Elvar, og legg til eit hm.

Han ser på Hildur. Det er tydelegvis ho som skal svare på spørsmåla.

– Kan hende vi ikkje skal seie vanskar, men ei utfordring er det å vedlikehalde maskineriet. Om pH-verdien på vatnet er låg, er det ikkje bra for utstyret vårt. Eit slikt anlegg krev meir vedlikehald enn til dømes vasskraft. Der er det reint vatn som driv ein turbin, og som sidan renn vidare. Her er det kjemikal, damp og varme, og så har vi sjølvsagt det at vi bur i eit aktivt vulkanområde. Akkurat no er det ikkje noko problem, men vi veit ikkje kva som kan skje frametter.

– Kan de føresjå jordskjelv og vulkanske utbrot?

– Vanlegvis kan vi det, men her er det jordskjelv heile tida. Så langt i dag har vi sannsynlegvis hatt ti skjelv her.

– Ti jordskjelv? Her!

– Ja, men dei er så små at du ikkje kan kjenne dei. Grunnfjellet er så sprokke at spenningane er låge, og jordskjelva blir mindre. I andre delar av Island, der grunnfjellet er hardare, bygger det seg opp veldige spenningar, og når dei kreftene blir utløyste, kan skjelva bli store.

– Kor mange hol har de bora her?

– Han har alt svara på det, seier Hildur og nikkar mot Elvar.

– Eg sa det var 35 hol, seier han.

– Nettopp.

– Og 30 av dei er i bruk. Over kvart hol står eit borehus med ventilar, som vi kan stengje eller opne, og så leier vi dampen gjennom røyr til kraftstasjonen.

– Sidan Island har tilgang på så mykje termisk varme, kvifor ikkje bygge fleire kraftverk?

– Det er eit godt spørsmål. Vi har ein overordna plan om å nytte ressursane til å produsere meir elektrisitet, inkludert geotermisk energi. Dei må evaluerast i høve til økonomi og miljø, og til sist er det opp til kraftprodusentane, seier Hildur.

Elvar foreslår at eg køyrer opp til Víti-krateret, der det står eit informasjonsskilt om noko som heiter Iceland Deep Drilling Project. Han ser på klokka, og informasjonsdama tek hintet. Ho seier at vi må avslutte, men at eg kan sende spørsmål på e-post, «når du veit betre kva du vil spørje om».

Eg set meg i leigebilen Bjartur. Nei, dette blei ikkje heilt det store. Eg burde vore betre budd, og at eg kunne stille same spørsmål to gonger?! Kva måtte dei tenke? Nei, dette var journalistfagleg svakt, dette var pinleg. Fysikk og slikt er ikkje mitt fag, eg fekk 3 på gymnaset, men det er inga unnskyldning, til nød ei forklaring, men at eg trudde at eg kunne ta eit slikt intervju på sparket! Eg har fått for høge tankar om meg sjølv.

Eg køyrer opp til Víti, som ligg tre–fire minuttars køyretur frå kraftstasjonen. Víti tyder «helvete», og her tek Iceland Deep Drilling Project til.

Tanken er som følgjer: Jo lenger ned, jo varmare vatn, og jo høgre temperatur, jo meir energi. I 2000 starta Landsvirkjun eit samarbeid med to private energiselskap og danna samanslutninga Deep Vision. Dei ville forsøke å bore ned til 4000 meter, så tett på magmakammera som mogeleg.

Der er det så høgt trykk og så høg temperatur at det blir danna såkalla superkritisk fluid. Vatn er korkje væske eller damp, men i ei fysisk form som er litt av begge delar. Fordelen er at det er ufatteleg energirikt, opp mot ti gonger meir enn ved dei eksisterande borehola til Krafla. Ulempa er at det stiller uhorvelege krav til boreutstyr, teknologi og elektronikk, og utfordringa er deretter å temme og nytte denne superenergien.

Dei forsøkte fyrst nede på Reykjanes, men i mars 2009 sette dei opp ein borerigg her ved krateret Víti, som blei skapt etter eit utbrot i 1774. Boret snavla seg ned i grunnen, meter for meter, brønnveggene blei fôra, men så – etter dryge 2000 meter – trefte borestrengen ei lomme i eit magmakammer. Brønnen var nær ved å kollapse, og då borestrengen blei trekt opp, var han full av obsidian, størkna naturleg glasfragment. IDDP-1, som boreholet blir kalla, var den varmaste produksjonsbrønnen i verda. Men etter to år med testing måtte dei stenge han ned, utan å ha produsert straum.

Sidan har dei bora IDDP-2 på Reykjaneshalvøya, som nådde ei djupn på heile 4600 meter og temperaturar opp mot 600 grader Celsius. Fôringsrøyret i brønnen kollapsa, men dei held no framleis på. Målet med desse djupe brønnane er å nytte den ekstreme varmen til å produsere grøn, geotermisk energi. Om dei ein gong lukkast, vil det vere ei uuttømeleg energikjelde.

No har eg eit aldri så lite dilemma: Anten køyre vestsida av Myvatn og besøke Sigurgeir fuglemuseum eller køyre austsida og besøke Dimmuborgir. Det har slutta å regne, og eg er som nemnt over snittet interessert i ornitologi, og museet skal ha over 330 utstoppa fuglar. Alternativet er altså desse vulkanske steinformasjonane spreidde over eit stort område.

Då eg sjekka inn på pensjonatet i går kveld, spurde eg den slovenske jenta i resepsjonen om det var noko eg burde få med meg. Ho hadde nasering og svart T-skjorte, og ho nemnde òg Dimmuborgir. Eg spurde om ho kjende til eit norsk svartmetallband som heiter Dimmu Borgir. Ho smilte og sa:

– Ja, sjølvsagt.

Ho sa ingenting om fuglemuseet, og sidan heller ikkje Hildur nemnde på det, vel eg vulkanske steinformasjonar.

Det går turstiar imellom, og eg tek sjølvsagt den lengste ruta, men ho er for lang. Tida renn ut. Når eg skal ta ein snarveg, klarer eg å rote meg bort. Eg virrar rundt i ein halv time og må til slutte bruke kartet på telefonen for å finne vegen ut att.

Klokka er blitt tre når eg forlèt Myvatn utan å ha sett ein einaste fugl.

Regnet auser ned. Eg køyrer gjennom Akureyri, som er den største byen her i nord. Med 17.000 innbyggjarar er han den fjerde største på Island, etter Reykjavík, Hafnarfjördur og Kópavogur, men dei byane er meir som eit Los Angeles. Dei har vakse saman. Eg har tenkt å ligge over her i Akureyri.

Viskaren skrik over frontruta, her er trafikklys og fleire køyrebanar, her er høgblokker og kjøpesenter, og der ser eg logoen til Hennes og Mauritz, og der til det internasjonale revisor- og rådgivingsselskapet KPMG.

Nei, nei, tenker eg.

Eg orkar ikkje legge meg til i ein by som har H&M og KPMG. Eg vil fyrst oppleve meir av det rurale Island.

Eg stangar meg gjennom trafikken, og når eg kjem ut, gjev eg gass.

No skal eg til Siglufjördur.

Hallgeir Opedal

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis