Restaurering

Restaurering krev material av ulike kvalitetar

Om vi skal restaurere eit hus på god og varig måte, kan det mest tidkrevjande vere å få tak i material med dei rette eigenskapane. Dei som ikkje har skog og sag sjølv, får leite opp mindre sagbruk og spørje. Vi kan ikkje lite på at dei har lager av det vi treng.

Med høveleg store emne og ei øks som bit godt, er det overkommeleg å emne til ein bjelke med handemakt. Borken som sit att, tek vi med skavkniv eller berkjespade.
Med høveleg store emne og ei øks som bit godt, er det overkommeleg å emne til ein bjelke med handemakt. Borken som sit att, tek vi med skavkniv eller berkjespade.
Publisert

Å leggje mykje arbeid i ei slags vøling med dårleg material og feil dimensjonar vert sjeldan til glede. Vi må godta at det tek tid å få tak i det vi skal bruke. Restaurering er ikkje, som heller ikkje bygginga var i eldre tider, spontane handlingar. Treng ein lafta vegg nye delar, må det nye vere like tørt som det gamle. Elles risikerer vi at dei nye delane krympar så mykje at veggen vert utett. I Nordfjord var det sagt at tørkinga tek eit år på tommen, altså fire år til å tørke ein fire tommar tjukk stokk. Golvbord og paneling må òg vere tørre, for at dei skal kunne høvlast, og for at dei ikkje skal krympe for mykje når det kjem varme i huset. Golv la dei helst i den tørraste årstida – om våren, i april–mai. Å byggje var eit samspel med klimaet. Lange bjelkar eller sperrer kan komme til å sige om vi legg dei på plass rå. Å setje mellombels støtter under, kan hjelpe om vi likevel må ty til nyhoggen ved.

Den eldre byggjeskikken var basert på hogst av tre etter dimensjonar som høvde til det ferdige emnet. I alle slags uthus finn vi sperrer, standarar og andre delar med vankant. Tilverkinga var då å fjerne eit tynt lag med rå yteved med øks. Når dei gjorde alt med handemakt, er det rimeleg at dei sparte på kreftene og ikkje gjekk laus på for tjukke stokkar. Når sidene er flata med øks og vi flår av den borken som er igjen, gjer vi overflatene ferdige i éin omgang. Å hogge glatte flater på ein saga stokk tek om lag like lang tid, det er vanskelegare og stokken vert meir flisete.

I mellomalderen og noko seinare tilverka dei også laftestokkane med øks på kvar side. Mergen er å finne midt i veggen. Seinare, då handsager og oppgangssager kom i bruk, kløyvde dei ofte treet midt i og fekk to veggstokkar av ein stokk frå skogen. Kva type vi treng til å restaurere veggen, ser vi i endane på skadde delar, på utsida av nova. Stavleiene, som ber sperrene i stavbygde hus, har same variasjonen. I gamle løer kan vi finne at sperrene ligg på halvkløyvningar med svære dimensjonar, så kraftige at det no kan vere vanskeleg å finne store nok tre. Vi må likevel prøve å kopiere dei vraka delane når vi legg inn nye. Årringane bør vere om lag som i det gamle, og gå same vegen. I bjelkar og andre berande delar er rettesnora at meir av yteveden skal vere igjen på undersida enn på oversida. Då toler bjelken større tyngde.

Ròtestyrke

Ròtesterke stokkar treng vi mest til botnstokkar i lafta vegger, til utvendig kledning, vindskier, torvhald og andre delar som må tole å bli våte ofte. Vindauge står i særklasse, til dei valde snikkarane det beste av tettvaksen og feit alved. Dei mest varige kledningsborda får vi nær mergen i gamle, utvaksne tre utan for mykje stor kvist. Han bør i alle fall vere frisk. Til vanleg er berre første stokken god nok. Er vi i tvil om kor mykje alved som er gøymt under borken, er ein tilvekstbor til god hjelp. Med ein slik får vi ut ein sylinder som viser årringsbreiddene og korleis kjerneveden er. Er stokken rund og rett, er sjansane store for at veden vil tørke utan å vri seg mykje. Også til golvbord vil vi ha roleg material. I stovehus gjekk dei ofte på breie bord, kanta etter avsmalninga og lagde med topp mot rot. Mykje kjerneved ber i seg det godet at borda krympar lite når dei tørkar med varme i huset. Men treverk vil alltid endre seg med temperatur og råme; det er ein del av livet i slike flater. Dei har sin eigenart. Daude byggjevarer i nymotens hus har eit heilt anna preg.

Til sperrer og bjelkar tek vi grannare tre. På små hus er ikkje styrken så viktig; det meste vil vere godt nok, om veden er frisk. På større bygningar kan berande delar bli sette på prøve. Ein regel er at tung ved med smale årringar er sterkare enn den lette som har vakse raskt. Ei anna rettesnor er at sterkaste delen av treet er nede og ute mot yta i første stokken. Ser vi etter kva som er i huset frå før og har vore sterkt nok, har vi det vi bør leite etter. Ikkje alltid treng vi stille dei strengaste krava. Når dei først hadde fått til rettes eit tre, var skikken å gjere seg nytte av alt som var brukande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement