Restaurering

Huset vårt ser seg både fram og attende

HOLMEDAL: Eg veit ikkje kor mange hundre år gamalt huset vårt er. Men eg ser det har fått mykje kjærleik, og vi ynskjer å gje det like mykje – på vår eigen måte.

Oss og heimen vår: Her har vi nettopp kjøpt dei to næraste husa bak oss. Hurra!
Oss og heimen vår: Her har vi nettopp kjøpt dei to næraste husa bak oss. Hurra!
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Seint i oktober i fjor kjøpte sambuaren min Asle og eg eit hus. Ikkje kva som helst slags hus heller, og fyrst og fremst ikkje på kva som helst slags stad. For huset var fleire hundre år gamalt, og bygda det ligg i, heiter Holmedal og er bygda eg vaks opp i.

Midt i november overtok vi huset, og vi flytta straks inn. Eg har altså flytta heim, vorte del av dei statistiske heimflyttarane, tatt det tilsynelatande store, skumle og/eller etterlengta steget å flytte frå eit kanskje lite, men urbant bysentrum i Florø til ei bygd med berre eit fåtals hundre innbyggjarar spreidde utover nordsida av ein fjord (Dalsfjorden) og utan ein einaste butikk, men med nok av folk som kan tru dei veit kven eg er, basert på kven eg ein gong var.

At eg enda opp i heimbygda mi, var likevel langt frå eit resultat av lang, nostalgisk lengt eller grundig planlegging. Det var rett og slett ei temmeleg kjapp avgjersle: ein praktisk konsekvens av ein jobbsjanse for Asle, og at det dukka opp eit hus vi hadde råd til, med ein god del kvalitetar vi sette pris på.

Sjølve bustadhuset er 120 kvadratmeter over to etasjar, pluss uinnreidd kjellar. Minst like forlokkande var 170 kvadratmeter uthus, innehaldande alt frå ei nesten ferdig innreidd, men enno ubrukt kjøttørke, til eit lafta stabbur, ein diger steinpeis, vedbod, ein garasje og eit rom som berre bad om å verte innreidd som snikkarverkstad. Med hus og heim, bærbuskar og moseplen er tomta 1,8 mål stor. For alt dette gav vi 700.000 kroner.

For ein slik pris må jo huset ha vore eit vrak, fullstendig ubueleg eller i det minste eit komplett renoveringsprosjekt? Langt derifrå. Ein eigedomsmeklar kunne nok å ha funne på å bruke ord som «oppgraderingsbehov», «mangler dagens standard», «oppussingsprosjekt» eller liknande, men sanninga var at det var så å seie ingenting praktisk i vegen for å flytte rett inn slik det var.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement