Mat

Rocka kokk

Keith Floyd var mannen som førte lidenskap og rock’n’roll inn i matverda.

Brandade du morue – med torsk eller klippfisk.
Brandade du morue – med torsk eller klippfisk.
Publisert

Eg har nokre heltar i matverda. Det skal likevel seiast at denne verda rommar litt for mange store ego som er litt for sjølvhøgtidlege, og med altfor store dosar snobberi.

Så har vi ein kar som ikkje har noko av dette: briten Keith Floyd, mannen som endra matprogram på TV for alltid.

Her sat vi i vår norske uskuld og var vande med forsiktige, elskverdige og litt pirkete Ingrid Espelid Hovig som matmor, og inn i TV-stua brasa ein halvpussa fyr som banna og drakk med begge hender.

«Eg kokar alltid med vin, og nokre gongar har eg han også i maten», er eit sitat som visstnok kjem frå han.

Han bløffa ikkje. Keith Floyd var mannen som førte lidenskap og rock’n’roll inn i matverda, og seriane hans, som blei sett av millionar, starta med nokre farleg fengande riff frå rockegruppa The Stranglers.

Floyd var son av ein lekmannsprest. Då han var i det britiske forsvaret på 1960-talet, plaga han vettet av kokkane for å få dei til å lage gourmetmat. Sjølv kalla han seg aldri kokk, for han hadde inga som helst utdanning i faget. Men kokk var han jo, om enn med måteleg suksess i dei mangfaldige restaurantane sine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement