Reportasje
Rusta til tennene
Skal du late nokon føle deg på tennene, bør det vere ein god handverkar.
Tannlege Lars Sandbakk borar i ein premolar, som er namnet på tanna mellom fortenner og hjørnetann.
Alle foto: Siri Helle
Tannlege Lars Sandbakk borar. Ja, ikkje berre det, han utfører inngrepet som kan framkalle både skrekk og brekningsrefleksar hjå sjølv dei tøffaste av oss: Han rotfyller.
På temmeleg høgt turtal jobbar boret som Sandbakk held i handa, seg innover ein rotkanal i ein premolar, tanna mellom framtennene og hjørnetanna. Ved hjelp av ei særskild maskin har han nytta elektriske signal til å måle eksakt djupne på dei to kanalane han skal bore opp, 19 og 21 millimeter. Så brukar han ei Reciproc-boremaskin til å bore akkurat så djupt.
Munnen til pasienten Sandbakk jobbar med, er gøymd bak ein lilla gummiduk. Kofferdamduken er strekt tett kring problemtanna for å halde arbeidsområdet aseptisk tørt og reint – og for å unngå at pasienten får noko ned i hals og svelg. Pasienten er sjølvsagt bedøvd i munnen, men er elles vaken – berre utan høve til å seie noko som helst. Om det er ubehageleg no, er det ingenting mot korleis det har vore i vekene fram mot tannlegebesøket.
Sandbakks bor har nådd den tilmålte djupna i den sjuke tanna, og han har gått over til å jobbe med eit sett med filer i ulike lengder og tjukner for å utvide diameteren på holet så mykje som trengst. Her snakkar vi tidels millimeter.
Radioen står på, og solskinet er på veg inn mellom persiennene i vindauget. Likevel er det full konsentrasjon som pregar arbeidsstova: file, måle, file igjen, tørke, sjekke, kontrollere.
Dette er ikkje det kjekkaste Lars Sandbakk gjer på jobb, men det er heller ikkje det mest keisame. Det er kvardag. Det er meistring. Fjorten år som tannlege gjer at han kjenner seg trygg i faget. Dette er å vere til nytte. Velkomen inn på tannlegekontoret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.