Samfunn i vidvinkel
Fotografia frå bildebladet Aktuell utgjer ein mektig kavalkade frå glansdagane til sosialdemokratiet, skriv Kjartan Fløgstad.
I 1960 var Norsk Hydro-anlegget på Herøya Noregs største industriarbeidsplass, med 6500 tilsette. Biletet er frå ein Aktuell-reportasje same året.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
Bokessay
redaksjonen@dagogtid.no
Første gong eg såg namnet mitt på trykk, var i vekebladet Aktuell. Saman med ei rekke like ukjende størrelsar frå Noregs vidstrekte land stod eg oppført i ein einspaltar blant «Vinnere av Frankie Vaughan-plate». Det må ha vore ein gong på ettersommaren 1958, og plata som kom i posten, var ein 45-singel med «Kewpie Doll» på den eine og «So Many Women» på den andre sida. Platespelar hadde vi ikkje, men mine kloke foreldre tenkte at den som har klave, må også ha ku. Nymoderne grammofon blei det, snart var huset fylt av den smektande røysta til Frankie Vaughan, ein engelsk slagersongar som fort blei avdanka då The Beatles og ungdomsopprøret tok over 60-talet.
Noko av det same kan seiast om vekebladet Aktuell.
Planlagt i Oslo, Stockholm og London under krigen blei Aktuell illustrert ukerevy det fremste journalistiske uttrykket for den norske etterkrigstida. Om Ønskekonserten i NRK er lydsporet til femtitalet, er Aktuell bildeserien. Første nummer kom ut fredssommaren 1945, og bladet heldt fram med å dokumentera gjenreising, arbeidsliv og idrettsprestasjonar i tre tiår fram til 1974. Av namnet gjekk det klårt fram at Aktuell var eit reportasjeblad, og at reportasjen skulle vera illustrert. Tanken var også å skapa eit alternativ til den kulørte vekepressa. Sikkert er det at med si breie dekning av nasjonalidrettane ski og skøyter om vinteren og fotball om sommaren fekk bladet særleg trufaste lesarar blant unge menn i alle aldrar.
Bak oppstarten stod aktivistar frå kamptida til Arbeidarpartiet. Frå eksil i London kom Per Bratland og blei første redaktør. Han var sjølv reportasjefotograf og hadde tatt det historiske bildet av konge og kronprins ved bjørka i Molde i aprildagane 1940. På eigarsida gjekk Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (nåverande LO), Arbeidarpartiet og Samvirke inn med like store aksjepostar på 20 prosent, som til saman gav den sosialdemokratiske arbeidarrørsla full kontroll. Disponent Birger Madsen hadde tidlegare gjort Arbeidermagasinet til folkelesnad, i Aktuell gjentok han suksessen med eit korps av frivillige kommisjonærar som viktig del av salsapparatet.
Omslag frå boka Øyeblikk med Aktuell, skriven av NRK-journalist og forfattar Bjørne Tore Pedersen. Reportasjemagasinet Aktuell gjekk inn i 1974.
Foto: Museumsforlaget
Gullpennen Jostein Nyhamar var med frå starten, blei redaktør frå 1959 og leidde bladet fram til nedlegginga 15 år seinare. Velskrivande bladfykar som Oddvar Stølen og Bjørn Bjørnsen prega spaltene, og om eg ikkje hugsar feil, var den kommande SF-leiaren Gustavsen innom som fullgod sportsjournalist. Gjennom mange år gav epistlane til forfattaren Aksel Sandemose bladet ein standhaftig og høgt verdsett personleg signatur.
Som den fulle tittelen slo fast, var Aktuell først og fremst eit bildeblad, der fire faste fotografar fekk stort spelerom. I all hovudsak var perspektivet nasjonalt, bladet heldt seg innanfor landegrensene og fortalde om store og små hendingar i bygd og by. Både den mannstunge redaksjonen og verdsbildet hadde base i Oslo sentrum. Det var ingen teikn til målstrev i spaltene, der bokmålet var einerådande. Journalistisk tok bladet derimot heile landet i bruk; dei dristige reportasjereisene gjekk heller til utkanten enn til utlandet.
Med den nyleg utkomne boka Øyeblikk med Aktuell har forfattaren Bjørn Tore Pedersen henta fram Aktuells rikhaldige fotogalleri frå tiåra med gjenreising frå krig og okkupasjon. Det store formatet tilseier at utgivinga først og fremst er tenkt som ei salongbordbok til å bla i. Det for meg ukjende Museumsforlaget i Trondheim leverer papir, trykk og svartkvitt bildestoff av god kvalitet.
Slik eg minnest det, hadde bladet i si tid ein meir gjennomgåande brun og aldersprega sepiafarga grunntone. Men minnet er langt frå alltid til å stola på. Uansett vil boka garantert vekka gode minne hos dei som framleis hugsar perioden, og gi nye lesarar eit rikt illustrert møte med levekåra i ei tid som må framstå som ufatteleg svartkvit, nedsliten og fjern. Og samtidig glad og optimistisk. Mens børsen var ein død hest, blei vassdraga omgjorde til spreke hestekrefter for industrien. Styrt av eitt politisk parti gjennom forvaltingsorgan som Kraftforsyninga, Husbanken, Arbeidsformidlinga, Distriktenes utbyggingsfond, Statsbanane, Norsk Tipping og Pengelotteriet, Prispolitiet og Rikskringkastinga er det truleg få samfunn som har vore så nær ein reelt eksisterande sosialisme.
I 1950 laga Aktuell reportasje frå gruvedrifta i Sulitjelma. Her er eit skift på veg opp frå gruva Jakobsbakken.
Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB
Som det blei sagt, viste Aktuells fotojournalistikk fram samfunnslære i vidvinkel.
Frå oppstarten i 1945 var Timmie Skotaam tidleg på farten til gruvene på Svalbard og til Sørøya for å fotografera gjenreisinga i Finnmark. I det mindre krigsherja Trøndelag fortel tekst og bilde at husfliden blir halden høgt i hevd i bygda der alle strikkar selbuvottar. På flatbygdene i Akershus tar ekteparet Henry og Marie Bråthen i Åmot vel imot Aktuell, smiler og er glade for barnetrygda, som skal komma godt med. Dei er foreldre til sju barn, alle under tretten år, og har budd på to rom og kjøkken, utan innlagt vatn og straum.
Kollegaen Sverre A. Børretzen fotograferer det krigsherja Bodø, blir med ned i gruvene i Sulitjelma, portretterer takksame lyttarar som får radio frå Radiogavefondet, viser kjempekreftene til ein nymotens bulldosar som ryddar veg i Stange på Hedmarken, og er på sildefiske med Aksel Sandemose som skrivande reporter. I 1951 meiner Aktuell at det er framsteget sjølv, i form av havgåande motorskøyter, kanskje med litt statleg støtte, som tvingar fram fråflytting langs kysten. Som eit «Farvel til angst og død» skildrar Nyhamar i ord og Børretzen med kamera kontrasten mellom overmektig natur og skrøpeleg menneskeverk når innbyggarane forlèt heimane sine i utværa Helle og Refsvik på yttersida av Lofoten.
Frå internatskulen for flyttsamebarn i Karasjok i januar 1950. John Anders Anti står ved tavla og peikar på orda medan han han les. Lærarinna Anna Mørk følger med.

Under tittelen «Naturbarn i tvangstrøye» tar Børretzen ein vinterdag i 1950 det uttrykksfulle og vidgjetne bildet av samebarn som lærer norsk på Karasjok Internatskole. Lærarinne i lagerfrakk og elevar i lue, kufte og skallar følger spent med, når vesle John Anders Anti løftar peikestokken mot orda i det framande språket framme på tavla, der det står skrive at Liv og Per er hos mormor og får vaflar som Lisa har bakt.
Lofotfiske utanfor Svolvær i 1958. Skipper Trygve Olsen på «Ola Ryggefjord» i styrhuset. Olsen vart seinare fiskeriminister.

Sverre Alexander Børretzen var fødd i Tana i Finnmark som son av ein landssekretær i det som då heitte Finnemisjonsselskapet (og bror av den kjende artisten Odd Børretzen). For Aktuell er han den som klatrar høgt og tar svimlande bilde av arbeidet med Varoddbrua over Topdalsfjorden heilt sør i landet, og forevigar montørar som balanserer på like halsbrekkande bruspenn i Brevik, Tromsø og Skjomen. Til saman skaper kraft og aluminium eit «Teknisk eventyr på Sunndalsøra», illustrert ved maskinmontør Erling Moen, som med verktøy i hendene går roleg langs skinnegangen i lause lufta med 750 meter rett ned under seg.
Med eit vaktsamt kameraauga som dokumenterer mange slags yrkesliv, frå gruvegangane under jorda og dekket på fiskebåten til toppen av brustillaset, men også med sterke karakterportrett, står nok Sverre A. Børretzen fram som den aller kvassaste av dei fire store fotografane i Aktuell.
I 1956 laga Aktuell reportasje frå bygginga av Varoddbrua utanfor Kristiansand, som vart Nord-Europas lengste hengebru. Arbeidarane balanserte på kablane utan noka form for sikring, og det same gjorde fotograf Børretzen.

Bylivet i åra etter verdskrigen blir dokumentert når Åge Storløkken fotograferer uteliggarar ved Akerselva i Oslo, eit ektepar som til saman er 200 år gamle på Notodden, folkehavet som tar imot skøytekongen Knut «Kupper’n» Johannesen på Kampen etter at han hadde blitt verdsmeister i Helsingfors i 1957, ein stri straum av arbeidsfolk på veg ut fabrikkporten i skiftbytet på Noregs største arbeidsplass, Norsk Hydro på Herøya.
Aktuell dokumenterte også skuggesidene i samfunnet. Her er utliggarar på kaia nedanfor Akershus festning i Oslo.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / SCANPIX
Som yngstemann i laget tar Ivar Aaserud lesarane med på sauesanking i Suldalsheiane, vitjar Nils Aas i arbeid med statuen av Haakon 7. og møter idrettsheltar i startposisjon på trening og i yr sigersglede. Ikkje minst tar han gripande bilde av mor Dagmar, som aldri gir opp håpet om reinvasking og frifinning av sonen, den drapsdømde langtidsfangen Fredrik Fasting Torgersen.
I Selbu var strikking ein viktig næringsveg for både kvinner og menn. Bildet er frå ein Aktuell-reportasje i 1947.
Foto: Th. Skotaam / Aktuell / NTB
Heller enn å trykka opp att originalartiklane i bladet har den erfarne journalisten Bjørn Tore Pedersen valt sjølv å gjenfortelja tekstane som set bildestoffet i samanheng. I liten grad gjer han greie for sine redaksjonelle val, men boka klarer seg godt utan. Pedersen har ei stødig forteljarstemme og er kledeleg oppglødd for prosjektet, dessutan er dette først og fremst ei bildebok.
Øyeblikk med Aktuell er ei betimeleg feiring av klassisk norsk reportasjefotografi, der fire særprega fotojournalistar får vist fram blinkskot som har blitt større og meir varige enn seg sjølve. Samla utgjer dei ein mektig kavalkade frå glansdagane til sosialdemokratiet, med bilde som ofte har blitt reproduserte, og som mange vil kjenna igjen frå lærebøker og publikasjonar med tidskoloritt frå perioden.
Ein del folkelege raritetar av typen Uren Luren høyrer med, litt Norge rundt og Der ingen skulle tru, men først og fremst handlar både bladet og boka om arbeid, optimisme, solidaritet og sosiale framsteg. Her er det sol over ærleg kroppsarbeid, sjølv i livsfarlege og derfor eksistensielle yrke som havfiske, tømmerfløyting, linjestrekking. «Dagens mann» i 1946 er murar Alfred Johansen; med blikket festa mot framtids fjerne mål står han på murkrona og er travelt opptatt med gjenreising i Iladalen og på øvre Tøyen i Oslo.
Rett etter krigen får den alarmerande mangelen på komfyrar og omnar i Finnmark dei tilsette ved Drammens Jernstøperi til å gå over til åtte timars overtid i veka. Klubbformann Georg Pettersen oppmodar kameratar ved andre jernstøyperi om å gjera det same for å skaffa varme i dei improviserte bustadene finnmarkingane får slått opp før svartvinteren er over dei. Reportasjen er utstyrt med Timmie Skotaams foto av jernsmelting i Drammen og brakkebygg i Hammerfest og ber den talande tittelen «Produksjonsslaget i full gang over hele landet».
Øyeblikk med Aktuell fortel om eit samfunn med sterkt samhald og gjennomsyra av arbeidsetikk og likskapsideologi, men også med einsretting og tilløp til sensur. I ein reportasje med glimt i auga utnemner redaksjonen skodespelaren Rolf Søder til herr Aslaksen, som dei sender på inspeksjon frå den oppdikta Statens litteraturkontroll. Året er 1957, Myklesaka stod for retten, dei fleste bokhandlarane samarbeider lydig med den oppdikta kontrolløren på jakt etter usedelege skrifter.
Nokre reportasjar set skarpt lys på andre skuggesider ved gjenreisinga. Då Jostein Nyhamar og Timmie Skotaam kjem til Emma Hjorths Hjem i Asker med penn og fotoapparat ein aprildag i 1947, fører avsløringa av tilstandane i «åndssvakeomsorgen» til «Reportasjen som rystet Norge». Sterkt inntrykk gjer også bilde av dei hjarteskjerande scenane som utspelar seg når barnevern og uniformert politi brukar vesle julaftan 1955 til å ta ungane frå ein romfamilie.
Ofte dukkar idrettsheltar på skøyter og ski opp som blikkfang på framsidene, og dei var truleg ein viktigare del av bladet enn det den nye boka gir inntrykk av. For ein åtteåring var særnummeret om vinter-OL i Oslo i 1952 klenodium og skattkiste. Dette er tida då skikongar herska i sporet og skøytekongar hadde eigen adelskalender og representerte eit alternativt aristokrati i tettsittande trikot og djevlelue.
Heller enn å pussa støv av halvgløymde bragder i toppidretten gjenfortel Bjørn Tore Pedersen den usannsynlege historia om fotballaget Kapp IF på Toten, som på 50-talet yppar seg mot dei store i hovudserien og oppnår så uventa resultat at laget blir «tippernes store skrekk». Ikkje eit lag av bondegutar, som mange trudde, snarare eit bedriftsidrettslag der halvparten av spelarane arbeidde på Remington Rands skrivefabrikk på Kapp. Fjerne tider, også i fotballen, det skal vera visst!
Oppslaget om skisporten handlar om kunstnarar som blir hyra til støtteaksjon for legenda Torgeir Brandtzæg, skihopparen som slikka skituppane i svevet, hoppa bakken ned og fekk svi for det når han landa nesten flatt på sletta med øydelagd høgrefot. Frå Skiforbundet var det inga hjelp å få for den arbeidsuføre storhopparen. Då inviterte redaktør Nyhamar og fotograf Aaserud til støtteaksjon, der tolv kjende kunstnarar – slike som Johan Borgen, Stein Mehren, Tarjei Vesaas og Jacob Weidemann – skildra venleiken i eit skihopp og gav honoraret til «friskusen frå Ogndalen».
Sportsstoff var ein viktig del av innhaldet i Aktuell. Biletet viser ein sliten Knut Johannesen etter å ha vunne allround-VM på skøyter i Helsingfors i 1964.
Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB
Eit av dei siste kapitla i boka heiter «Bladdrapet» og handlar om nedlegginga av Aktuell. Fram mot folkeavstemminga ville leiinga i parti og fagrørsle ha propaganda for den europeiske fellesmarknaden, EEC, men fekk det ikkje som dei ville. Saman med nye momsreglar førte manglande støtte frå eigarane til kroken på døra for bladet. I kjend stil toa landsfader Gerhardsen salvelsesfullt sine hender.
På denne tida var sosialdemokratiet heilt i utakt med mykje som alt var forandra og med alle forandringar som var i emning, både til høgre og til venstre i politikken. Det var også det illustrerte magasinet til arbeidarrørsla. Mange politisk engasjerte ungdommar som eg såg med sympati både på Aktuell og Magasinet for alle, samtidig som begge to verka fullstendig utdaterte. For verkeleg å understreka det usamtidige, og det med fynd og klem, plukka redaksjonen fram ein høgrehumanistisk dominikanarpater som gallionsfigur og fast spaltist i bladet etter rabulisten Sandemose.
Som høgreorientert motvekt til Aktuell starta Libertas (forgjengaren til dagens Civita) Billedbladet NÅ i 1952. Nå overlevde konkurrenten og hangla vidare med fleire og fleire kjendisar og færre og færre lesarar fram til siste punktum blei sett også der i 1995.
Alt har si tid, og ein dag er det slutt. For illustrerte vekerevyar på papir var det ei umogleg oppgåve å konkurrera med dei ustanselege dagsrevyane av levande bilde i fjernsynet. Då det gjekk inn i 1974, hadde det illustrerte bladet Aktuell gjort sitt.
Blant eigarane var det heller ingen planar om fornying. Tvert om var nedlegginga av Aktuell eit sterkt uttrykk for kor åndsforlaten og høgrevridd leiinga av sosialdemokratiet var blitt, då dei utan sverdslag gav opp alle tankar om å utfordra borgarleg mediemonopol og ideologisk hegemoni. Slik stod Det norske Arbeidarparti og LO med svekt motstandskraft då marknadsfundamentalisme og høgrebølge det følgande tiåret slo inn over landet.
Kjartan Fløgstad
Kjartan Fløgstad er forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.