Teknologi

Samtale med datamaskiner

Samtalen med datamaskina vert stadig meir realistisk.
Samtalen med datamaskina vert stadig meir realistisk.
Publisert

«Siri, kva tid går neste toget til Voss?» Mange snakkar til Siri eller Alexa for å utføre praktiske gjeremål. Vi kan føre ein stadig meir realistisk «samtale» med maskiner og får stadig betre svar. Snart kan du spørje Siri kvifor vossingar er så glade i bygda si, og få eit ganske fornuftig svar.

Når du brukar Siri på mobilen, merkar du knapt den ressurskrevjande databehandlinga som trengst for at du skal få eit relevant svar. Spørsmålet ditt vert nemleg sendt over internett til gigantiske serverar der programma jobbar raskt og smart for å finne ut av ting.

«Samtalen» føreset at fire modular verkar saman som eit system. Den fyrste modulen må klare å kjenne igjen talehandlinga di, deretter må den andre modulen analysere det språklege føremålet med det du sa, den tredje må produsere ein relevant språkleg respons, og til slutt må den fjerde modulen skape ei talehandling som uttalar det prosessane i dei førre modulane kom fram til.

Modul 1 identifiserer tale­språk i den lyden som mikrofonen fangar opp, og omset dei til skriftleg tekst, altså talegjenkjenning. Den første generasjonen av slike system blei tatt i bruk på 1990-talet. Systema kjende att ord og setningar på telefonen og kunne setje deg over til ei anna avdeling, bestille flybillettar eller overføre pengar. Då måtte ein i dei fleste tilfelle svare veldig tydeleg på enkle ja- og nei-spørsmål. Nordisk språkteknologi på Voss skulle bli verdsleiande på dette området, men gjekk diverre konkurs.

Det kan vere mykje støy rundt deg når du snakkar. Modul 1 må kunne kjenne att byrjinga og slutten på talestraumen og vere i stand til å handtere avbrot og om nødvendig spørje om informasjon på nytt. Det er vanleg å ha eit startord, slik som «Hey, Google», for at systemet ikkje skal reagere på all slags tale som blir ytra i nærleiken.

Norske dialekter er utfordrande for talegjenkjenninga. Ein ekte vossing seier: «Ka ti gaor da nesta tooje te Voss». Gjenkjenninga fungerer betre jo større database av alt kjende ord programma har frå språket ditt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement