Reportasje

¿ Selfie med Henrik VIII

Den lange turen ned Themsen er snart slutt. Men fyrst skal Dale og eg i audiens hos kong Henrik VIII.

– What are you doing?! sa Henrik VIII ergerleg då eg tok selfie med han. Som dei seier på engelsk: Time to leave.
– What are you doing?! sa Henrik VIII ergerleg då eg tok selfie med han. Som dei seier på engelsk: Time to leave.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Klokka 05.42 GMT gløttar sola over horisonten i aust, og ho kastar snart eit varmande lysskin inn over eit nattekjølig Sør-England. Lange skuggar, morgonskodde, og der – som ein sylvtråd – slangar Themsen seg gjennom dei grasgrøne engene, under milde åsryggar, gjennom søvnige landsbyar, under steinkvelvbruer, og stilt skjer den mektige elva gjennom lauvskogar og storbyar.

Kvar begynner ei elv? Og kvar sluttar ho? Begynner elva med den fyrste regndropen? Og er elva slutt når ho renn ut i havet? Nei, ei elv begynner ingen stad, og sluttar heller ikkje, det er ein evig straum av vatn, eit ubrote krinsløp, frå hav til himmel, frå himmel til jord, gjennom sprekkar, gjel og dalar, ho sildrar, klukkar, brusar og fossar, alltid i rørsle, og nett no, no sig dei veldige vassmassane forbi ein teltplass i Surrey (sørri).

Eg vaknar og er sveitt og klam, morgonsola steiker mot teltveggen, soveposen har eg sparka meg ut av, lufta er kvelande tung, her er ikkje verande, eg ser på klokka, kvart på sju. Eg set meg opp, pressar hovudet mot taket. Å, dette forbaska teltlivet! Liggande ålar eg på meg kleda, kryp ut i forteltet, dreg glidelåsen opp, luft!

Frisk, dragande luft. Slørskyer heng på blå himmel, og på kryss og tvers lysande strimer etter jetflya. Eg dreg ut øyreproppane, høyrer eit vogntog skramle over steinbrua, eit nytt fly skreller lufta bakom dei grøne lauvkronene, men elles: fuglekvitter og suset av storby. I campingvogna til paret frå Southend-on-Sea er det ikkje teikn til liv, det blei vel ei lang natt med fjernkontrollen, og no ligg dei fortent frampå. Borte hos den rotlause ungdommen er kokka frå Romania alt i gang med å lage til frukost.

Eg løftar begge armane, er støl i skuldrene, men underarmen kjennest fin. Eg vrir på handa, nei, ingenting. I går kveld var det eit el av verk, og eg frykta at det var min tur til å få senebetennelse, noko som reint dramaturgisk ville vore bra, men no takkar eg min skapar og Voltarol for at det ikkje er slik. Betre å vere frisk og rask enn maroder og langsam.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement