Humor
«Sist Ragnhild og Olav handla, må det ha skjedd ein glipp, for alt i går var det tomt for kaffi.»
Teikning: May Linn ClementTeikning: May Linn Clement
Tomt for ved (4)
Sjølv om det er laurdag og ikkje torsdag, som er den faste handledagen til Ragnhild og Olav, svingar Ragnhild innom butikken etter å ha levert nokre basarpremiar til Renate som skulle vore leverte for lenge sidan. Mor til Olav har strikka førti par sokkar, men hælen var visst litt vanskeleg denne gongen, ein kan sjå hòla etter fellingane på fleire av dei. Men det er ikkje berre der det har gått gale. Sist Ragnhild og Olav handla, må det ha skjedd ein glipp, for alt i går var det tomt for kaffi. Det er mest som ho mistenkjer at nokon har vore innom kjøkenet og stole. Men kven skulle det ha vore?
Dei lurar nok på kor eg har teke vegen, der heime, tenkjer Ragnhild. Men eit hus utan kaffi går ikkje an. Det er merkeleg å gå rundt åleine mellom hyllene utan Olav diltande etter seg, ikkje har ho handlelapp heller. Ragnhild skriv alltid ein handlelapp som det berre er ho sjølv som kan lese og forstå noko av. Den fylgjer ho nøye.
Olav har ikkje peiling på kva som finst i kjøleskapet, eller kor mykje som må handlast inn for å ha nok til å lage fleire middagar på ei veke. Hans oppgåve er å ta med ei eske til å ha varene i og bere ho ut i bilen medan Ragnhild betaler. No er Ragnhild her heilt åleine og sviv rundt, utan Olav, eske og handlelapp. Før ho veit ordet av det, ligg det ein pakke med Kornmo Original i korga.
Innimellom undrar ho på om det er hennar feil at sonen Tor verkar fullstendig utan evne til å ta sjølvstendige grep i kvardagen. Men kva bidreg eigentleg Olav med? Han kunne gjort betre val av førebilete enn å la Hjalmar henge rundt heile tida. Dei er tremenningar, seier han, så det er familie, men det er jo nummeret før han flyttar inn.
Tilbod på Gräddost, det er dumt å la den sjansen gå frå seg, og appelsinane ser gode ut.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.