Litteratur

Sjåaren i norsk poesi

Der andre diktarar vart mørke i tonen, såg Olav Nygard inn i lyse himmelheimar. No er det hundre år sidan han døydde.

Olav Nygard (1884–1924).
Olav Nygard (1884–1924).
Publisert Sist oppdatert

Korleis såg europeisk poesi ut i 1920-åra? Eit merkeår er 1922, då den amerikansk-britiske lyrikaren T.S. Eliot gjev ut The Waste Land – Det aude landet – som varslar ei heilt ny kjensle i litteraturen: inntørking av kulturen og øydelegging av landet. Denne samlinga, merkt av personleg nederlag og varsel om undergang for samfunnet, kom til å revolusjonere litteraturen – ho varsla modernistisk, splintra kunst og dikting.

Korleis såg norsk poesi ut på 1920-talet? Sjølvstenderusen etter 1905 fanst der enno. Olaf Bull og Herman Wildenvey hylla våren og elskhugen. I nynorsk poesi er dette tiåret til gudbrandsdalsskalden Olav Aukrust. Han er nasjonalt og sosialt engasjert og ser føre seg eit nytt Noreg stige fram, basert på sunn og ekte bondekultur – det olsoknorske. I 1926 kjem hans Hamar i Hellom, fylt med eventyrmotiv og folkelivsskildringar. Men også Olaf Bull og Olav Aukrust skulle bli mørkare i tonen då dei harde trettiåra nærma seg – eit tiår dei ikkje fekk gjennomleva.

Kontrasten mellom desse diktarane og Olav Nygard kunne ikkje ha vore større. For hundre år sidan, vinteren 1924, låg nynorskdiktaren Nygard på dødslege og dikta himmelsyner på ei intrikat, streng italiensk strofeform. Ulikt andre nynorskpoetar finst det ikkje eit einaste nasjonalt dikt hjå Nygard – det olsoknorske interesserte ikkje han – og ulikt Eliot såg han ikkje inn i nokon aude heimar – men inn i åndelege sæleflaumar og skapardraumar.

Det fører til dei raraste dikta i norsk litteratur, prenta i Ved vebande (1923) og i samlingar etterlatne dikt, Valde kvæde (1928) og Dikt. Minneutgåve (1934). Det fanst ei lita gruppe litteraturfolk som då alt såg stordomen i denne poesien, Nygardsringen i Bergen, men det skulle ta mange tiår før gjennombrotet kom.

I dag er Olav Nygard rekna som ein av våre største og mest originale diktarar.

Kven var denne merkelege diktaren Olav Nygard som kom frå ein av dei mest bortgøymde stadene i Noreg, fjellgarden Krossen, langt opp i Modalen? Liksom mange andre bondeungdomar kom han seg til den viktige danningsinstitusjonen som var tilgjengeleg for dei den gongen, folkehøgskulen. Nygard gjekk på Møre Folkehøgskule i Ørsta frå 1904 til 1905, og der vart truleg diktarhugen vekt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement