Eg sit på hytta og glanar på Kråkstadfjorden, ein av sidefjordane til Oslofjorden, i Råde ved Agnes brygge i Saltnes, for å kunne granske sjøen, himmelen og skogen i alle dei ulike ljosforholda; og akkurat no er overflata på sjøen lett bølgjete, men brått skifter vatnet frå å vere lange, tynnrynka bølgjer til krappe småbølgjer.
No er det skumring, og ljoset glør bak ei sky, og vatnet er ikkje blått, men blankt, skogen på den andre sida av fjordarmen er mørk; over hytta flyg fem tårnseglarar i ein frykteleg fart; skyene over skogen er svakt rosa, formasjonane er litt forvirrande og tynnslørete, to småbåtar køyrer etter kvarandre, som om dei konkurrerer, og retninga til småbølgjene er med eitt komplisert, og eg veit ikkje om det er på grunn av straum i vatnet, eller om det kjem frå dei to småbåtane.
Ein måse landar på vatnet, eg trur det er ein hettemåse, framføre måsen ligg ei markeringsbøye; ho har vore der lenge og ser ut som ein raud ball med ei oppstikkande stong, ho gyngar i bølgjene, utan at ho rører seg av flekken, altså er ho ankra til botnen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.