Teknologi
Sjøkabel
Frå Kvilldal konverterstasjon går kabelen under Suldalsvatnet, gjennom fjellet inst i Hylsfjorden og vidare til Blyth i England.
Kjelde: North Sea LINK
Folket rasar mot Acer og dei elektriske energikablane til kontinentet. Eg, derimot, er meir nysgjerrig på korleis kablane og systemet rundt verkar. Kvifor bruker ein til dømes likestraum, og korleis omformar ein høgspent vekselstraum til høgspent likestraum?
Eg veit kvifor dei brukar høg spenning både for veksel- og likestraum. Då vert straumen liten og tapet i leidningane mindre. For vekselstraumen brukar ein tre ulike fasar for å få mest mogleg energi overført. Resten må eg lesa meg opp på.
Vel, skal eg vera ærleg, så gjer eg som studentane. Eg saumfer YouTube. Etter at eg vart enkjemann, endra TV-vanane seg radikalt. Før hadde eg ingen, no surrar den moderne utgåva av Mimes brønn i bakgrunnen. Alltid noko nytt å læra, og all vranglæra i den kanalen er gildt, for det berre skjerpar hjernen.
Eg finn ein liten YouTube-snutt der ein eldre herre koplar ein lang kabelkveil til ein elektrisk vekselstraumkrins. Då ser me at det kjem mindre energi ut i enden av kveilen enn det som vert levert inn. Det vert ei form for batteriverknad mellom leiarane som stel energi som berre surrar rundt i leiarane og ikkje kan nyttast.
I tillegg varmar denne energien opp metallet i leiarane, slik at ein må ha endå tjukkare leiarar for å få den ønskte energien send gjennom leiaren. Når ein brukar vekselstraum, er det berre den ytste delen av leiaren som leier, og han har då om lag 10 prosent meir motstand enn for likestraum.
For strekningar under 500 kilometer er dette eit problem til å leva med. For lengre strekk må ein bruka likestraum. For lange strekk vert også bruken av likestraum billegare, sidan ein berre treng ein og to kablar og ikkje tre for dei ulike fasane i vekselstraum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.