Mat
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Det har vore ein formidabel sopphaust, og enno er det ikkje over. Aviser og sosiale medium er breiddfulle av sopp i alle fargar og fasongar, og folk og fe kan fortelje om himmelske skogturar der dei nesten ikkje maktar å bere heim all fangsten.
Om du sjølv ikkje kjem deg ut i skogen, kanskje fordi kroppen nektar å bøye seg bratt ned med baken i vêret, kan du nett no få tak i råvarene i butikken, til ein rimelegare pris enn vanleg.
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken. Det er jo ei særs praktisk løysing: Mot å høyre tolmodig på litt av det sedvanlege gnålet om kor mykje strev og arbeid det er å ha hytte, vert eg lønt med skogens gull i lange banar. Ei framifrå ordning.
No har eg frysaren full av traktkantarell, og i tillegg mengder av herleg tyting, som blir rårørt med brunsukker til viltmiddagane seinare på hausten. Dette er det eg vil kalle å vere privilegert. Soppen kan gjerne tørkast, om du vil, men når det gjeld traktkantarell, plantar eg dei berre rett i frysen – resultatet vert like bra om du til dømes lagar sopp- og laukblanding, suppe, stuing eller ein pastarett med fløyte og parmesan, som er dagens oppskrift.
Nyttar du tørka sopp, legg dei i varmt vatn i tjue minutts tid. Ta vare på soppkrafta og frys ho gjerne ned, for det er ein fin smakssetjar i sausar, stuingar og supper til vinteren. Sil av soppen og klem ut vatnet, og dermed kan du nytte soppen nett som han er fersk.
Er det fersk sopp du brukar, må du reinsa han godt, men det har jo det flittige hyttefolket alt gjort for meg – eg er ein heldig pamfilius. Så kokar du pastaen din i salta vatn etter tilvisinga på pakken. Hell av vatnet når han er ferdigkokt, men spar på om lag ein desiliter av pastavatnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.