Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

I form med bilen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.

Bene Riobó / Wikimedia commons

1528
20240906
1528
20240906

Den tidlegare diskosutøvaren Stein Johnson gav i 1968 ut ei bok som heiter I form med bilen. Ein tittel det var umogleg å ikkje bli nysgjerrig på, kjente eg. Skulle ein komme i form inne i bilen og gjere øvingar i baksetet, eller skulle ein trene ved bilen, til dømes armhevingar inntil panseret? Eller kanskje skulle ein dra bilen etter seg?

Bodskapen i boka er at bilføraren bør vere i god fysisk og psykisk stand, for eigen trivsel og for trafikktryggleiken på vegane. Lystvekkjande mosjon, inni og utanfor bilen, blir difor tilrådd: «Gjør man det, kan man trygt fortsette med å kjøre sin bil, se på fjernsyn og nyte allverdens komfort.»

Det beste med treningslitteratur 50 år tilbake i tid er den lystige stemninga. Det handlar om «bøy og tøy» og «noen enkle øvelser som kan utføres på noen sekunder i dagens løp på arbeidsplassen eller i TV-stolen», og for all del: «Hast ikke når De går, men gled Dem, og la tankene kretse om nære og positive ting som stimulerer sinnet.» 

Jovial biltrening frå 1968. Avslutt med «... f.eks. en kopp kaffe med sukker».

Utdrag frå I form med bilen av Stein Johnson.

Kk.no har faktisk ein artikkel, skriven i 2010, som heiter «Tren i bilen», og her handlar det om dei som er så mykje inne i bilen at dei er nøydde til å trene der. Favorittøvinga mi er overarm: «Ta tak i håndtaket over vinduet og tenk at du skal dra seg selv opp av setet (ikke ta for hardt i for det tåler nok ikke hele vekten din!).»

Eg ser det føre meg. Handtaket raknar mens sveitten doggar på vindauga. Heldigvis minner KK oss på å ikkje gjere øvingane mens ein køyrer.

Maren Bø

Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis