JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SportFeature

Livredning: «Korleis kan eg vite at eg slår passeleg hardt, og ikkje slår ein hjerneskade på vedkommande?»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1689
20241018
1689
20241018

Sport før og no

– Viss han har panikk, slår du til han slik at han svimar av. På denne måten kan du enklare dra i land den personen som held på å drukne.

Det var dette me lærte på livredningskursa før. Og me forstod poenget, det er vanskeleg å redde ein panisk kavande person, i verste fall vil han dra begge ned. 

Men å fyre til ein druknande person i ansiktet til han svimar av, er likevel noko eg ser for meg at eg, og fleire, hadde hatt store problem med.

I 1998 kunne Norsk Førstehjelpsråd presentere livreddande førstehjelp på CD-rom.

Foto: Tor Richardsen / Scan-Foto / NTB

Korleis kan eg vite at eg slår passeleg hardt, og ikkje slår ein hjerneskade på vedkommande? Sist veke var eg på nytt livredningskurs. Alle som skal ha ansvar for symjande elevar, må oppdatere kurset kvart år.

Sjølv om ein alltid angrar på påmeldinga idet ein står der og skal uti den mørke sjøen, er vi alle samde om at slike kurs er ei bra greie.

Det finst alltid ting ein kan bli betre på, som kursleiaren seier. Små nyansar kan også vere endra, ikkje at det er dei små nyansane som tel: «Det viktigaste er å gjere noko», lærer me. 

Men kva med å slå folk i svime, skal ein gjere det også i 2024? Eg spurde friskusen av ein instruktør. 

Og nei, han ville faktisk ikkje anbefale å slå. Det heile handlar om å skaffe seg ein forlengd arm, det vil seie ein gjenstand du kan ha mellom deg sjølv og personen du skal redde.

Dersom du har all di livredningserfaring frå CJ og Mitch, er det nok nyttig med ei oppfrisking.

Skjermdump DVD-cover

Til dømes kan det vere ein slik raud flytedings dei har i Baywatch, eller det kan vere ein genser, ein pinne eller eit tau. Når personen i panikk kan gripe rundt den forlengde armen, slepp du å slå han i svime. Takk og pris for det.

Maren Bø

Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis