«Seinast tidlegare denne månaden var eg vitne til ein do med eit stort hòl i døra.»
Klubbhusa i breiddefotballen høyrer ofte fortida til.
Foto: Vegard Grøtt / NTB
Sport før og no
Sport før og no
– Ja, ver så god, her kan de skifte.
Lukta av tigerbalsam slår mot deg. Furuveggane i garderoben ser ut som dei kan ramle saman før lagoppstillinga er lesen opp. Velkomen til 1970-talet, eller i beste fall 1990-talet.
Og så var det toaletta. Dessverre blir tigerbalsamlukt til urineim, og lyset funkar ikkje – akkurat det er litt flaks, for då slepp du å sjå korleis det eigentleg ser ut der inne. Doen renn konstant, å trekke ned kan du gløyme.
Nøkkelen har nok ein sint motstandar kasta åt skogen, og mens du sit der inne, må du difor halde i handtaket for å få vere i fred.
Dei med erfaring i breiddefotballen veit at slike klubbhus finst. Ikkje så ofte no som før, men seinast tidlegare denne månaden var eg vitne til ein do med eit stort hòl i døra – ein kunne berre dekke det til med ei jakke.
Skal tru korleis det ligg an her inne? Bildet er frå det evig mellombelse klubbhuset til Rennesøy FK.
Foto: Maren Bø
Endå større ulykke er det å køyre lenger enn langt ein måndagskveld og komme fram til ein stad der garderobane ikkje finst, eller finne ut at Roar, som har nøklane, er gått heim.
Banar utan do kan skape panikk hos både liten og stor, og eg kan love at spelarar i lågare divisjonar har like mykje nervar og ritual som dei der oppe. Det er faktisk interessant kva me tillèt i idretten, år etter år – når ein tenker på alle luksusdoa i heimar og bedrifter.
Spleis, kakeutsal og søknadsskriving. Det er ikkje lett for ein klubb utan ei rik tante. Det nyttar heller ikkje å berre bry seg om eige klubbhus, for ein gong må du uansett på toalettet til motstandaren.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
– Ja, ver så god, her kan de skifte.
Lukta av tigerbalsam slår mot deg. Furuveggane i garderoben ser ut som dei kan ramle saman før lagoppstillinga er lesen opp. Velkomen til 1970-talet, eller i beste fall 1990-talet.
Og så var det toaletta. Dessverre blir tigerbalsamlukt til urineim, og lyset funkar ikkje – akkurat det er litt flaks, for då slepp du å sjå korleis det eigentleg ser ut der inne. Doen renn konstant, å trekke ned kan du gløyme.
Nøkkelen har nok ein sint motstandar kasta åt skogen, og mens du sit der inne, må du difor halde i handtaket for å få vere i fred.
Dei med erfaring i breiddefotballen veit at slike klubbhus finst. Ikkje så ofte no som før, men seinast tidlegare denne månaden var eg vitne til ein do med eit stort hòl i døra – ein kunne berre dekke det til med ei jakke.
Skal tru korleis det ligg an her inne? Bildet er frå det evig mellombelse klubbhuset til Rennesøy FK.
Foto: Maren Bø
Endå større ulykke er det å køyre lenger enn langt ein måndagskveld og komme fram til ein stad der garderobane ikkje finst, eller finne ut at Roar, som har nøklane, er gått heim.
Banar utan do kan skape panikk hos både liten og stor, og eg kan love at spelarar i lågare divisjonar har like mykje nervar og ritual som dei der oppe. Det er faktisk interessant kva me tillèt i idretten, år etter år – når ein tenker på alle luksusdoa i heimar og bedrifter.
Spleis, kakeutsal og søknadsskriving. Det er ikkje lett for ein klubb utan ei rik tante. Det nyttar heller ikkje å berre bry seg om eige klubbhus, for ein gong må du uansett på toalettet til motstandaren.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.