Dei fleste av oss har kanskje hatt problemet: Eit dundrande beist av ei grønsak, diger som eit juletre, ligg der så frekt og fyller opp kjøleskåpet ditt. Alt fordi du til helgemiddagen trong to eller tre stilkar til pastasausen din.
Kva no? Kjøpe eit ekstra kjøleskåp berre til stongselleri? Sykla milevis til nærmaste grisebonde og gi bort herlegdomen til Nasse Nøff og venene hans? Kommandere familien til å sippe bloody mary til både frukost, nons og kvelds? Nei, huttemegtu. Men det er på tide å ta opp fenomenet.
Den britiske kjøkengudinna Nigella Lawson sukka tungt ein gong og sa at sjølv ikkje ho fekk brukt opp all stongsellerien. Så det er på ingen måte berre deg. Ein har jo høve til å spørje ihuga matnerdar til råds; eg stilte spørsmålet i den forvitnelege gruppa Matgeeks på Facebook, og skulle du ha sett: Det rann inn tips og oppskrifter på rekkje og rad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.