Teknologi
Støydempande høyretelefonar
Test av støydempingsutstyr på eit laboratorium i Wien i 1973.
Foto: Wikimedia Commons
Ein av aktivitetane som gjer det råd å halde ut lange flyreiser, er å høyre på god musikk, ei spennande lydbok eller ein engasjerande podkast. Her er støydempande høyretelefonar heilt suverene.
Støydempinga gjer at den djupe brumminga frå flymotoren forsvinn, og du vert nesten kvitt annonseringa frå flyvertane og praten til medpassasjerane. Du kan søkke ned i setet og nyte den gode lyden av akkurat det du vil høyre.
Støy vert opplevd som eit problem ikkje berre på flyet, men også i kollektivtrafikken, på arbeidsplassen og kanskje også heime med familien. Nokre brukar dei store modellane med øyreklokker som er laga av Sony, Bose eller Beats, medan andre brukar øyreproppar som no også kan vere utstyrte med aktiv støydemping.
Eit vanleg par med støydempande høyretelefonar har to løysingar for å fjerne omgjevnadsstøy frå øyra til brukaren. For lågare frekvensar er løysinga å lage motlydar som nullar ut lydane frå omgjevnaden. For høgare frekvensar er løysinga å lage lydisolering eller polstring for å stengje lyden ute. Det fyrste prinsippet er basert på å bruke lydens fysikk på ein avansert måte som me forklarer her, medan det andre prinsippet er ganske enkelt og har blitt brukt av menneska til alle tider. I steinalderen var det sikkert mange som dytta tørt gras og kvae inn i øyra for å få fred om natta.
Elektronisk støydemping er altså eit indre system i høyretelefonane som nullar ut lydane frå omgjevnadene. For å forstå korleis dette verkar, må vi starte frå det faktumet at lyd er bølgjer. Lyden vi høyrer, er heile tida summen av alle lydbølgjer ved ulike frekvensar. Styrken på lyd kan målast i amplituden – som på ein måte er høgda på bølgja. I tillegg har vi frekvensen som fortel kor mange bølgjer som passerer eit punkt i løpet av eit sekund. Låge frekvensar gjev lange bølgjer, høge frekvensar gjev korte bølgjer. Lyd i eit fysisk medium som luft eller vatn har den eigenskapen at amplitudar legg seg oppå kvarandre. Viss du legg til ein lyd med negativ amplitude til ein lyd med like stor positiv amplitude, forsvinn begge lydane. Dei kansellerer kvarandre. Dette prinsippet vert brukt i støydempande høyretelefonar, og det er forresten utgangspunktet for den engelskspråklege nemninga «noise cancelling headphones».
Mikrofonar på utsida av høyretelefonane samlar lydbølgjene frå omgjevnadene. Deretter lagar elektronikken i utstyret ein lyd med nøyaktig motsett amplitude til den lyden som kjem frå utsida. Resultatet er at den elektroniske lyden faktisk nullar ut omgjevnadsstøyen, og det som er igjen å høyre på, er den musikken eller det radioprogrammet som vert formidla inni høyretelefonane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.