Straumlaus i Pirkkala

«Som for så mange andre finnar er familien min full av triste historier», skreiv Sanna Marin i 2016. På veg mot Nokia tek eg av mot Pirkkala, heimstaden hennar.

Så var det i Pirkkala eg skulle sleppe opp for straum. Nokre gonger er ulukka betre enn forstanden. Paavo på butikken Sale ordnar opp.
Så var det i Pirkkala eg skulle sleppe opp for straum. Nokre gonger er ulukka betre enn forstanden. Paavo på butikken Sale ordnar opp.
Publisert Sist oppdatert

Det har slutta å regne. Kvite skyer seglar skarpt over den lyseblå himmelen, og vinden ruskar i grantrea utanfor sjukehotellet i Tampere. I natt tora det. Eg bråvakna av vanvitige brak, har aldri høyrt liknande, lyden sprengde gjennom øyreproppane, vindauga vibrerte, bygningen skalv, og eg tenkte at eg skulle valt eit rom lenger ned i etasjane, men eg skal no alltid bu så høgt som råd er. Så må eg ha sovna.

Eg skjønar ikkje eit ord av det den svartkvite vêrmeldaren på YLE 1 seier der han dansar framfor kartet i kvite joggesko. Han har svart bukse og svart blazer, og under den uknepte jakka ein kvit høghalsa genser. I brystlomma eit kvitt tørkle. Øvst på skjermen står det sunnuntai, som vel må tyde søndag, og symbola fortel meg at denne søndagen blir kjølig, lettskya med frisk bris frå søraust. På maanantai glir eit mørkeblått nedbørsfelt inn frå sør, men det skal eg gå klar av. I morgon er eg oppe i Jyväskylä. Eg tek toget i kveld.

Men fyrst skal eg til Nokia, som ligg halvanna mil frå Tampere, og som burde vere godt innanfor rekkevidda til sparkesykkelen Arja. På fulle batteri skal ho klare 55 kilometer. Eg har studert kartet og har alt bestemt meg for å ta vegen om Pirkkala på returen. Det blir ein liten omveg, men eg må innom staden der Sanna Marin vaks opp.

Eg leitar fram telefonen for å sjå om ho har svara på spørsmålet eg stilte på Instagram i går, blar gjennom kommentarane, det er fleire hundre. Der! Nei, ikkje så mykje som éin like har eg fått. Det var heller ikkje venta, men eg kjenner likevel at eg er, ja, skuffa. Litt den same kjensla eg har kvar gong eg ikkje vinn i lotto. Det hadde no vore artig med eit oppmuntrande hjarte frå statsministeren, og så lang tid ville det jo ikkje teke ho.

Men bevare meg vel, ho er landets statsminister, ho har hovudet fullt av energikrise og skal ta det historisk nøytrale Finland inn i Nato, noko som har ført til knurring frå den overmektige og lunefulle grannen i aust. Ho har vel ikkje tid til å lese kommentarar på Instagram, langt mindre svare på spørsmål om kva eit ukjent menneske skal ta seg til etter ha vore museum i Tampere.

Det er eit institusjonspreg over frukostsalen på Norlandia Care hotell. Aleine ved eit firemannsbord sit ei eldre dame i rullestol med ein arm i gips. Ho et. Ved eit bord lenger borte sit ein eldre mann bunden til eit stativ med intravenøs føde. Han et ikkje, men sit vel her for selskapets skuld.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement