Mat
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Hausten er over oss. Det bognar i byen og på hamna, av grønsaker i alle fargar. Det er freistingar alle stader, og du har sjølvsagt lyst til å støtte den norske bonden, og det heilhjarta. Det har i alle fall eg.
Nokre gonger får eg matvarene levert på døra, og det er jo ei lukke og ein luksus. Så slepp eg å drasse kilovis med godsaker gjennom travle gater, eller balansere posane på stappfulle trikkar der ikkje ein kjeft reiser seg for å gi setet sitt til ein vaklande gamal gubbe.
Eg er jo ingen ungsau lenger, snarare ein gamal sauebukk, og balansen kunne vore betre. Min eigen mobiltelefon fortalde meg faktisk her om dagen at balansen min har vorte dårlegare det siste året. Takk for det, og er de på tur i storbyen, prøv gjerne å stå på ein av dei nye trikkane med fire posar fulle av grønsaker i hendene.
Men det hjelper ikkje at grønsakene er komne trygt i hus og framstår som sunne og freistande, om du ikkje får ete dei opp. Her i storbyen bur halvparten av menneska aleine, nett som eg sjølv, og då kan det jo by på problem å få knaska i seg ein heil kilo gulrøter, uansett kor hildrande sprø og friske dei er.
Eg er jo trass alt ikkje ein kanin, ikkje som eg veit, i alle fall, og eg har ikkje gjestebod kvar helg. Så då eg opna kjøleskapet her om dagen, fann eg to velvaksne kiloposar med gulrot, og begge var opna. Kva no?
Det er her kokketriksa kjem inn. Gulrotkake? Nei, det har eg aldri laga, i det heile skjønar eg meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt. Men gulrotsuppe, ser du, det er saker. Der kan du eksperimentere og vere vill og galen, innanfor visse grenser, sjølvsagt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.