Teknologi

Synkronisert klokketid

Cesium, hjartet i atomklokka til National Bureau of Standards, er fanga inne i denne kapselen, før han går i omnen og fordampar. Atomklokka tel vibrasjonane til desse cesiumatoma – 9.192.631.770 per sekund.
Cesium, hjartet i atomklokka til National Bureau of Standards, er fanga inne i denne kapselen, før han går i omnen og fordampar. Atomklokka tel vibrasjonane til desse cesiumatoma – 9.192.631.770 per sekund.Cesium, hjartet i atomklokka til National Bureau of Standards, er fanga inne i denne kapselen, før han går i omnen og fordampar. Atomklokka tel vibrasjonane til desse cesiumatoma – 9.192.631.770 per sekund.
Publisert

Vi har nyleg gått over frå sommartid til vintertid. Mange millionar klokker måtte stillast ein time tilbake frå kl. 03 til 02.

Før i tida var dette ei stor sak. Vi måtte flytte urvisaren tilbake på alle klokkene våre, blant anna armbandsuret, vegguret på kjøkkenet, klokkeradioen på soverommet, klokka i bilen og på komfyren (om vi fekk det til). Det var alltid oppslag i avisene og diskusjonar på TV. Er det fram eller tilbake no? Hjelp!

No til dags skjer alt dette av seg sjølv. Klokkene våre er kopla saman i eit gigantisk synkronisert system der tida alltid er rett i alle klokker. Når du vaknar om morgonen, er den nye tida alt der. Det er snart berre kjæledyr og husdyr som merkar skiftet, for eigaren byrjar plutseleg å gje dei mat ein time seinare, og det likar dei ikkje.

Eit synkronisert klokkesystem gjev nøyaktig same tid til alle klokkene i systemet. Det finst ei hovudklokke og fleire sekundære klokker, som også blir kalla slaveklokker. Før i tida var slike system manuelle, og eit menneske hadde då som oppgåve å korrigere alle slaveklokkene med faste mellomrom.

Seinare vart det slike system naturlegvis kopla saman, fyrst med leidningar og deretter med trådlause signal. På 1990-talet hadde Universitetet i Bergen eit system av veggur som vart synkroniserte automatisk ut frå eit atomur ein stad i Sveits.

No til dags er det synkroniserte klokkesystemet så omfattande at det er med å synkronisere åtferda vår i alle slags kvardagslege situasjonar. Under koronapandemien måtte universitetet ha forelesingane på Zoom, og det var fascinerande å sjå kor mange av studentane som logga seg på eksakt kvart over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement