Kunnskap

Taredyrking

Sukkertaren veks raskt sjølv ved låg vasstemperatur, og det går endå fortare om han blir gjødsla med litt næring frå fiskeoppdrett.
Sukkertaren veks raskt sjølv ved låg vasstemperatur, og det går endå fortare om han blir gjødsla med litt næring frå fiskeoppdrett.
Publisert

I soga om den berykta krigaren og vidgjetne skalden Egil Skallagrimsson kan vi lese at då sonen Bodvar drukna på havet i Borgarfjorden på Vest-Island, mista Egil alt livsmotet, og han låste seg inne for å svelte i hel. Men dottera Torgerd visste råd for å få den gamle opp av senga. Først la ho seg ned for å døy i lag med far sin, så byrja ho å ete tare. Då Egil ville vite kva det var godt for, svara ho at å ete tare ville framskunde dauden. Egil tykte om ideen og togg på tangen, han med. Torgerd sa ho blei tørst av den salte tangen og drakk mjølk, faren ble med på det òg. Så meinte Torgerd at det var ei skam at den gjæve son hans ikkje skulle ha eit skikkeleg kvad med seg til den andre sida. Om Egil var nedbroten av sorg, var han framleis ærekjær, og han stod opp og skreiv det mest berømte og særmerkte kvadet frå heile vikingtida: Sonatorrek (sonetapet). Medan kvadet blei til, kom kreftene attende, og Egil levde i enno mange år på storgarden sin.

Næringsrik løyndom

Å bruke tang til mat er kan hende ikkje lenger knytt direkte til sjølvplaging, men tang blei aldri nokon viktig del av menyen i Noreg. Rett nok fekk husdyra mange stader langs kysten sin daglege dose av tang. Artsnamn som sauetang, grisetang og butare viser tydeleg at det som vaks i fjøra, også vart hausta til dyrefôr. Men den rike floraen av næringsrik og velsmakande mat som vaks i eller rett nedom flomålet, vart lite nytta til mat for folk. Den tarearten som Torgerd togg på, var søl (Palmaria palmata), ein ganske liten raudalge som veks på fjellgrunn eller på stilken av andre tareartar. Planten har ein mild og nøtteaktig smak, er lett fordøyelege og inneheld ein utruleg kombinasjon av sukkerartar, protein, aminosyrer, A- og B-vitamin og bortimot alle mineral menneskekroppen treng.

Ein annan freistande og like næringsrik tare som finst i ufatteleg store mengder, er sukkertaren (Saccharina latissima) som veks langs heile kysten med ein samla biomasse på om lag 20 millionar tonn.

Litt marinbiologi

Her er det greitt med ei lita oppklaring om korleis livet i havet er organisert. På landjorda må plantar hente CO2 og vatn frå lufta, og dei får tak i vatn, mineral og næring frå jorda dei veks i, og med hjelp av dei mange mikroorganismane som lever i tett symbiose med planterøtene. I havet er CO2 og alle næringsemne løyste opp i vatnet, og plantar kan anten flyte fritt rundt med straumen (plankton) eller feste seg på botnen. Men røtene er berre festa for ikkje å bli vaska bort av straumen, og plantane er avhengige av straum og god vassutskifting for å få tak i næring. I fjøresona er det god utskifting, og dei store algane som veks der, kallar vi ofte tang. Tangen toler ulik grad av tørke og frost, medan dei algane som treng sjø rundt seg heile tida, veks litt djupare, og det er desse – ofte meir bladrike – algetypane vi kallar tare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement