Teknologi

Teknisk ekspertise

Chesley Sullenberger, pilot for US Airways Flight 1549, som landa på Hudsonelva 15. januar 2009, var med 40 års fartstid som flygar blitt ekspert. Ekspertar er ikkje lenger avhengige av reglar, men forstår situasjonen intuitivt.
Chesley Sullenberger, pilot for US Airways Flight 1549, som landa på Hudsonelva 15. januar 2009, var med 40 års fartstid som flygar blitt ekspert. Ekspertar er ikkje lenger avhengige av reglar, men forstår situasjonen intuitivt.
Publisert

Når ein pilot må naudlande, vert den tekniske ekspertisen hans pressa til det ytste. I 2009 landa eit passasjerfly av typen Airbus A320 i Hudsonelva i New York fordi begge flymotorane brått vart øydelagde i ein samanstøyt med fuglar. Alle dei 155 om bord overlevde, og pilotane fekk rosande ord for svært gode flygedugleikar. Kaptein Chesley Sullenberger hadde 29 års erfaring som passasjerflypilot då ulukka skjedde, og hadde dess­utan vore jagarpilot i US Air Force i elleve år før dette.

Jo betre kontroll ein har med teknologisk utstyr, jo betre prestasjon kan ein gjere. Dette kallar vi gjerne teknikk eller meir presist teknisk ekspertise. Maskiner og situasjonen dei vert brukte i, krev eit viktig bidrag frå menneska som styrer maskina. Teknisk ekspertise er å meistre dette grensesnittet så godt at ein får teknologien til å lyde sjølv under ekstreme vilkår, som å lande eit passasjerfly trygt på ei elv.

Den greske filosofen Aristoteles var oppteken av teknisk ekspertise. Ordet teknikk kjem frå den indo­europeiske rota tekp som tyder treskjering eller snikkararbeid. Den greske versjonen tekné viser til dei dugleikane ein handverkar må ha for å skape noko med øks, kniv og andre verktøy.

Aristoteles peika på at tekné også dreier seg om teoretisk kunnskap, ikkje berre bruk av hendene. Flygaren må skjøne godt korleis eit stort passasjerfly fungerer, for å få det til å lyde når begge motorane har svikta. Når ein har tileigna seg dei teknikkane som trengst for å vere ekspertflygar, har ein ifølgje Aristoteles gjort både teoretiske kunnskapar og tekniske dugleikar til ein del av kroppen.

For å få teknisk ekspertise må ein i moderne samfunn vanlegvis gjennomføre ei utdanning. Det kan til dømes vere køyreskulen for å ta bilsertifikat, nautikk for å bli skipskaptein eller pilotutdanninga i Luftforsvaret.

Vi kan skilje mellom ekspertisar ut frå kor viktig kroppens yteevne er i samanhengen. Å flyge eit F-35 jagarfly krev svært høg kroppsleg ekspertise. Om du ikkje har god helse, skarpt syn, god høyrsel og er fullt ut funksjonsfrisk, kjem du ikkje inn på jagarflyskulen. Jagarflyet krev at du har svært nøyaktig auge–hand-koordinasjon for å styre det, og du må kunne forstå om lydar frå maskina betyr at alt er i orden, eller at det er motortrøbbel. Du må bruke både armar og bein på ein måte som stadig endrar seg. Kroppen din må vere ein integrert del av flyet for at du skal kunne styre det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement