3D-prenting
Omvend undervisning. No er studenten Per Braastad lærar og eg student i 3D-prenting.
Alle foto: Per Thorvaldsen
Det er alltid den siste biten som vantar i puslespelet. Eg manglar ei radiatormuffe for å verta ferdig med oppussinga av hytta mi i Oslo. Ho er umogleg å kjøpa, sidan røyra har ein diameter på 35 millimeter. Kva skal eg gjera? Laga ei sjølv, sjølvsagt.
Eg går inn i læringslaben til Høgskulen på Vestlandet, klar til innsats. Dei har det eg treng. 3D-prentarar med tilhøyrande programvare. Til mi glede ser eg at studentane eg hadde i førre semester, kosar seg med å laga delar til ein flott robotarm. Kanskje Per Braastad som krasja inn i undervisninga mi i fjor, kan få betala tilbake?
Ingen ting er betre enn å snu ting på hovudet. No er det studenten som skal læra læraren. Per smiler frå øyra til øyra, og han går pedagogisk fram når eg seier som sant er, at dette er heilt nytt for meg.
Eg tek papirteikninga mi ut av lomma. Eg hadde jo teknisk teikning på gymnaset, så blyantskissa mi er det ingen ting å seia på. Per startar eit program i nettlesaren som heiter Tinkercad. Der lagar han fort grunnforma til muffa, som er eit rektangel etter mine mål. Deretter lagar han ein sylinder som vert kopiert slik at han får to. Desse vert «pressa» gjennom grunnforma, slik at me får dei to hòla me treng til radiatorrøyra.
Me lagrar den digitale utgåva av teikninga mi og startar eit anna program med det talande namnet FlashPrint. Det første me gjer, er å dela grunnforma i to, slik at det me skal 3D-prenta, kan omslutta radiatorrøyra.
Så tek me til å byggja opp dei to formene. I botnen vert det lagt ein sole som skal planera forma me skal laga. Så vert forma lagdelt og bygd opp med innvendig bikubestruktur. Bikubestrukturen er sterk og gjer at ein sparar materiale.
Sidan det finst mange ulike 3D-prentarar i verda, må me fortelja FlashPrint kva prentar me har. Me har ein Flashforge-prentar som ein kan kjøpa på Clas Ohlson til om lag 4000 kroner. Det er berre å setja i gang, for dette er moro.
Flashprint lagar så ei fil med metadata tilpassa Flashforge og ei røys med koordinatar i tre dimensjonar som skal styra plastens ferd og dimed oppbygginga av vår radiatormuffe inni Flashforge. Me sender data til Flashforge ved å gå over golvet med ein minnepinne, og så set me på ei snelle med plasttråd med ynskt farge. Eg vel gul på den eine forma og blå på den andre i solidaritet med Ukraina.
Plasten vert dregen inn i maskinen til eit hovud som smeltar han ved om lag 200 celsiusgradar. Hovudet kan røra seg opp og ned og fram og tilbake i éi retning. Den andre retninga tek plata i botnen seg av. Det fine med 3D-prenting er at ein kan laga ting som det er umogleg å laga med vanlege utfresingsmetodar.
Sidan me har to ulike former, er det berre å finna seg to 3D-prentarar. Det tek ein liten time å byggja desse formene, men den tida kan me nytta til noko anna nyttig. Eg fekk med meg eit strålande foredrag av retorikaren Anders Johansen.
Vel tilbake er det berre å bøya botnplata på prentaren litt opp og ned, slik at radiatormuffa losnar. Deretter knekkjer eg av solen og har fått ei eigenprodusert radiatormuffe til hytta. Det er godt eg jobbar på ein arbeidsplass der me kan få lærdom som frynsegode.
Eg takker studentane og dei tilsette ved læringslaben for all hjelpa eg har fått. No er det berre nokre dropar med Tec7-lim som skal til, så er hytta ferdig, og eg kan byrja med andre prosjekt.
Per Thorvaldsen
pth@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.