Attende til framtida
Det gjer ingenting at noko er gamalt, så lenge det verkar.
Hjå Glomma industrier har dei orden i sysakene.
Foto: Per Thorvaldsen
Eg står på baksida av eit industriområde på Årnes. Google Maps har ført meg hit. Eg leitar fortvilt etter Glomma industrier. Websida deira såg fantastisk ut, og det var også tilbodet me fekk for å trekkja om alle møblane me har i selskapslokalet. Har me vorte lurte?
Plutseleg ser eg ei lita dør i ein stor port og ovanfor den eit lite skilt som fortel meg at me har kome rett. Innsida er eit syn for gudar. Hundrevis av møblar som anten er ferdige eller skal få sitt møte med møbeltapetseraren. Dette er ikkje noka «mann og kone-bedrift». Her ville Adam Smith ha gråte av glede av effektiviteten som arbeidsdelinga gjev.
«Bror min, som var yrkesmilitær, lærte meg ein gong for lenge sidan: 'Don’t expect, inspect.'»
Det tek til med at nokon tek stoff og gamal stopping av møblane. Med utgangspunkt i dei gamle stoffbitane vert det laga nye. Og midt i rommet står Jørund Skjalg Svendsen og svarar på kvifor Glomma industrier er så konkurransedyktig på pris: ein kuttemaskin frå Lectra. Han ser ut som ein gedigen skrivar, men har knivar i staden for penn. Jørund fortel at kuttemaskinen er meir enn tjue år gamal og kosta nokre millionar i byrjinga av dette hundreåret. Eg gløymer fullstendig kvifor me kom.
Heldigvis er Ingebjørg med, og ho vel ein strålande farge i gudbrandsdalsstoff medan eg peprar Jørund med spørsmål. Då eg er fargeblind, er jo ikkje fargar mitt departement. Jørund startar forklaringa med å hefta stoffbitar på ei tavle han har spraya med lim. Så held han ei digitaliseringsmus i neven og markerer ei rad med punkt langs stoffranda. Det held med eit par punkt, så fyller datamaskinen ut resten. Eg ser bort på datamaskinen og vert nostalgisk. Programmet har eit herleg brukargrensesnitt med store knappar og gilde fargar i ekte Windows 2000-stil. Det gjer ingenting at noko er gamalt, så lenge det verkar.
Stoffkuttaren frå Lectra skjer stoffet raskt og effektivt på same tid, slik at alt materialet vert nytta.
Foto: Per Thorvaldsen
Så går Jørund og eg bort mot kuttemaskinen. Der er det ein ny datamaskin som sorterer bitane slik at ein får optimal utnytting av stoffet. Jørund trykkjer på ein knapp, og opp sprett det eit speedometer. Etter få sekund er bitane klare til å verta skorne ut på best mogleg måte. Jørund kan òg gå inn og endra korleis bitane ligg, dersom det er ønskeleg eller naudsynt.
Så tek me ein titt på kuttaren, og Jørund forklarer.
– I bandet som trekkjer stoffet, er det ei rekkje små hòl der luft vert sogen ut og skapar undertrykk under stoffet, slik at det held seg på plass. For å sørgja for at det vert betre vakuum, er det lagt plastfolie over. Bandet går så framover og trekkjer stoff med seg. Kuttaren kan røra seg både i X- og Y-retning og dimed skjera både rett og i bogar.
Ingenting er så kjekt som å sjå andre arbeida. Samspelet mellom menneske og maskin her er førebiletleg. Kuttaren utnyttar stoffet maksimalt, og Jørund plukkar av bitar etter som dei kjem farande mot han. Saman har dei full kontroll på prosessen.
Når eg ser kor fort det går, lurar eg på om me har betalt for mykje. Vel, det er mykje att å gjera. Bak meg sit ei rad med damer og syr saman bitane, og etterpå skal møblane monterast med stopping og stoff. Eg vil ikkje uroa Jørund meir, han har litt igjen å gjera før helga kjem. Då produktiviteten er så høg hjå Glomma industrier, startar helga kl. 12.30 på fredagen. Det er det eg kallar ein god arbeidsgjevar.
Med industrisymaskinen Dürkopp Adler går syinga snøgt unna for Berit Øverby.
Foto: Per Thorvaldsen
Eg tek på meg rolla som QA-mann. Eg ser meg rundt og vert imponert over kvaliteten på dei restaurerte møblane. Her er det gjensyn med gilde stolar og sofaer frå ei svunnen tid. Diverre skal dei tilbake til Telenor eller andre store kundar. Elles hadde eg kjøpt eit par på flekken. Eg er glad i kvardagsdesign.
Eg går attende til stoffavdelinga. Der står Rozmana Ahmani frå Glomma industrier saman med Ingebjørg. Dei har vorte einige om ein kraftig raudfarge. Den fargen vil passa aldeles utmerkt til dei slanke teakmøblane våre.
Eg kjenner ei djup kjensle av tillit når me går ut. Bror min, som var yrkesmilitær, lærte meg ein gong for lenge sidan: «Don’t expect, inspect.» Eg kjenner meg trygg på at me får noko me kan ha glede av i mange år.
Det er berre å stiga inn i 1963. No er møblane vortne som nye og klare for seksti år til.
Foto: Ingebjørg Tilseth
Eg ser bort på bilen som skal taka oss heim. Ingebjørg sin strokne Volvo 850 1996-modell. Uvisst av kva grunn kjem eg til å tenkja på Oswald Spengler og boka Mennesket og teknikken (Cappelen Damm 1987): «Ingeniøren er i all stillhet industriens herre og dens skjebne. Han tenker seg de muligheter som maskinen virkeliggjør.»
Ingebjørg dinglar med nyklane. Eg skal få køyra. Me vel nokre svingete vegar heim. Det er ingenting i vegen med oss gamle maskinar eller ingeniørar. Kvalitet går aldri av moten.
Per Thorvaldsen
pth@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.