Den enklaste teknologien
Polert neolittisk handøks av jade sett frå ulike vinklar, utstilt på museum i Toulose i Frankrike.
Foto: Didier Descouens / Wikimedia Commons
Bjørnar og Lars møtest stadig for å diskutere kva vi skal skrive om i spalta vår. Og det er mykje å ta av.
Om du ser deg rundt i stova eller på kontoret, er nesten alt du ser, teknologi. Hunden som ligg på golvet, og blomen i potta i vindaugskarmen, kan nok seiast å vere ikkje-teknologi, men kleda du har på deg, målinga på veggene, kaffikoppen, alt dette er teknologi. Nokre teknologiar er ganske enkle, medan andre er ganske kompliserte.
Så langt har vi skrive om konkrete tekniske løysingar som klokker, trykkskjermar og bærplukkarrobotar. Denne gongen vil vi heller invitere lesarane til ein diskusjon som vi har hatt gåande oss imellom ei god stund. Kva er den enklaste teknologien som finst?
Kanskje ei leikeand av plast som duppar i badekaret? Nei, ho er laga av eit komposittmateriale som oppstår i ein lang og komplisert prosess, med oljeutvinning, raffinering og fabrikkproduksjon, og til slutt kan barnet leike med den tilsynelatande smålåtne andefiguren. Kanskje ei seljefløyte som du spikkar til om våren med vakre minne om barndommen? Nei, ho vert laga med ein tollekniv som oppstår i ein lang og komplisert prosess med utvinning av jernmalm, smelting og forming av det glovarme jernet, med mange avanserte prosessar som gjer det til herda og slipt stål. Den tilsynelatande enkle jernkniven er eigentleg svært avansert, og dermed er seljefløyta som du lagar med kniven, i realiteten eit produkt av avansert teknologi.
Somme tenkjer kanskje at ein enkel teknologi har ein enkel funksjon, slik som badeanda, eller ein lettfatteleg funksjon, slik som stovebordet. For å finne ut av spørsmålet må vi bli samde om kva ein teknologi eigentleg er, og kva det betyr å vere enkel.
Bjørnar og Lars småkrangla ei stund og blei etter kvart samde om at ein naturleg gjenstand som vert brukt til noko nyttig, ikkje er ein teknologi. Dersom du slår inn ein spikar med ein stein, er spikaren ein avansert teknologi, medan steinen ikkje er ein teknologi. Når ein sjimpanse klør seg på ryggen med ein pinne han finn i skogbotnen, så bruker han ikkje ein teknologi.
Vi definerer difor ein teknologi som noko vi omarbeider med ulike teknikkar, slik at vi får eit nytt objekt som kan fylle ein funksjon. Samstundes meiner vi at noko som er enkelt, ikkje må krevje lang tids merksemd eller mykje strev for å bli gjennomført. Den enklaste teknologien som finst, må difor vere eit resultat av ein minst mogeleg tidkrevjande og strevsam omarbeidingsprosess og vere like lite krevjande i bruk når han er klar. Vi snakkar på mange måtar om den typen teknologi den snille og smarte TV-helten MacGyver bruker.
Bålet er ein god kandidat. Bålet er ein teknologi som du kan bruke til å varme deg eller lage mat på. Du kan gni to tørre pinnar mot kvarandre slik at friksjonen lagar glør. Denne prosessen er ikkje teknologisk i vår forstand, men når gneisten oppstår, vert han følgd av ei planmessig utnytting av gneistane slik at dei set fyr på knusktørr mose eller bitte små bitar med never. Desse set i sin tur fyr på større pinnar, og til slutt har du eit friskt og flammande bål som du bruker til å varme deg på.
Ingen av desse midla til å lage bål med er teknologi; det er bålet sjølv som er teknologien, og det er ein enkel teknologi. Men det er ikkje så enkelt å halde eit bål i gang. Det krev mykje vedlikehald og stadig meir brennbart materiale. Bålet kan òg få ein utvida funksjon ved at vi bruker det når vi lagar mat. Dette krev pinnar, steinar eller jerngryter til å varmebehandle maten med. Alt dette gjer at bålet som teknologi krev ein ganske avansert prosess for å kunne finnast i meir enn nokre sekund eller minutt, og i tillegg krevst det ekstrautstyr for å kunne lage mat. Det finst enklare teknologiar enn som så.
Koppen er ein annan god kandidat. Det er ein gjenstand som har ei konkav opning som vi held slik at opninga peiker oppover og lèt seg fylle med væske. Han er svært enkel å bruke og oppfyller føremålet sitt i korte, effektive økter.
Koppen er også enkel å lage, det er nok å hòle ut eit trestykke med eit stemjernliknande verktøy, som kan vere ein pinne eller ein stein. Men det krevst trass alt at koppemakaren skjer ut ei konkav opning. Treet kan sprekke dersom han tek for hardt i. Finst det noko som er endå enklare?
No avslører vi vår fremste kandidat. Vi trur at ei handøks av stein som er hogd til med ein annan stein, truleg er den enklaste teknologien som finst. Handøksa har ikkje eit skaft som er festa på øksehovudet, ho har berre ei form som er god å halde i for brukaren. Handøksa krev berre nokre ganske få treffsikre hogg med ein passande stein for å få ei verksam form.
Ei slik øks er ein kile som kan splitte materiale som er mjukare enn steinen øksa er laga av, og ho er difor nyttig til eit utal forskjellige føremål. Etter at ho har blitt forma, kan ho brukast som ho er i mange månader eller år. Øksa kan brukast til å hogge ned tre med, lage verktøy som pil og boge eller hogge opp kjøt og andre matvarer før dei vert lagde på bålet.
Det er neppe tilfeldig at den teknologien som er enklast ut frå våre kriterium, samstundes er den fyrste teknologien menneska fann opp. Handøksa har eit svært stort bruksområde i forhold til kor enkel ho er å lage og bruke. I vår tid bruker vi sjeldan eller aldri så enkle teknologiar som vi diskuterer her.
Dei materiala vi har tilgang på no, er mykje betre enn hard stein og mjukt treverk, men også mykje meir avanserte. MacGyver, derimot, ville heilt sikkert drege nytte av handøksa i jakta på skurkar.
Lars Nyre og Bjørnar Tessem
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub- rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.
Snart heime: Denne gjengen er klar for å kome heim – fulle av feittsyrer dei har sikra seg i fjellet.
Foto: Siri Helle
Geografisk heimehøyrande lam
Problema oppstår med papirarbeid og pellets.