«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
Som eit av mange frynsegode eg har som høgskulelærar, kan eg lesa dei gratis.
Kvifor denne nyvunne interessa for fukt? Eg har sete for mykje i godstolen og glana i veggen. Er det fukt eg ser spreia seg i det nye halmtapetet mitt? Det ser jo ut som det er ein mørkare flekk nedst på veggen. Dusjen er jo på andre sida av siporexen. Siporex syg jo til seg vatn som ein svamp.
Eg har sjølvsagt dokumentert heile oppussinga og finn fram til bilete av den nakne siporexen djupt nede i ein harddisk. Eg ser nokre svarte flekker der eg no lurer på om halmen har vorte fuktig. Eg stryk fingrane over halmen, men kjenner ingenting.
Kva er det eg er redd for? Mugg og ròte, sjølvsagt. Dersom halmen inneheld meir enn 18 vektprosent vatn, er helvete laust. Her må det målast.
Ifylgje Byggforsk-serien «474.531 Fuktmåling i bygninger. Instrumenter og metoder» er det ei rekkje ulike måtar å måla fukt på. Eg kan riva halmtapetet ned og vega det. Deretter kan eg turka det i ein omn og vega undervegs til det ikkje endrar vekt meir. Då er det berre å rekna ut vekt før minus vekt etter. Deretter dividera det heile på vekt etter og multiplisera med hundre. Då får ein vektinnhaldet av vatn i prosent i tapetet. Problemet er berre at testen er destruktiv.
Eg les vidare. Det er to typar målarar som kan brukast til å måla fukt utan å øydeleggja materialet ein skal undersøkja. Begge utnyttar at dei elektriske eigenskapane i materialet vert endra nå det er fuktig. Vatn påverkar elektriske felt og kan leia straum.
Begge desse to typane målingar kan verta påverka dersom det er salt eller metall i veggene. Det vil då sjå ut som om det er meir fukt i veggene enn det eigentleg er.
Målar med pinnar brukar elektrisk straum, medan pinnelaus brukar elektrisk felt for å estimera mengda vatn i eit materiale.
Kjelde: Moisturemeter.com
Den første typen, såkalla pinnelaus, har den føremonen at målinga kan gjerast utan å øydeleggja noko. Ein stryk berre målaren langs veggen og les av resultat. Målaren sender ut lågfrekvente elektromagnetiske pulsar, og sidan vatn vert polarisert, kan ein estimera mengda vatn i veggen. Ein byrjar som regel på ein særs turr stad og bruker det som referanse for resten av målingane. Det er berre éin hake. Måleapparatet er kostbart.
Kva kan Clas Ohlson by på? Dei har ei rad fuktmålarar med pinnar til hyggjelege prisar. Mellom pinnane vert det sendt ein liten straum, og så måler ein motstanden i treverk eller anna porøst materiale. Turt treverk leier ikkje straum, men det gjer vatn. Dess meir vatn, dess mindre motstand.
Eg opnar andektig Bosch UniversalHumid til den nette pris av 569 kroner. Han har bruksrettleiing på 33 skriftspråk, men nynorsk vantar. Eg les på framandspråk at det må veljast mellom hard og blaut ved. Eg vel blaut og ser at kalibreringa er innanfor det gjevne området.
Målaren har ein innebygd temperatursensor slik at absolutt fukt vert målt. Området for riktig måling er oppgjeve til å liggje mellom 7 og 75 prosent. Eg stikk pinnane i veggen og får dommen. Hæ? Eg trur nesten ikkje det eg ser. 8,9 prosent. Det er jo knuskturt.
Frenetisk byrjar eg å måla over heile veggen, og får same resultat. Eg stikk også vidare inn i siporexen utan at resultata endrar seg. Kva er det eg gjer gale? Det kan jo ikkje vera riktig.
Var det svarte eg såg på veggen då eg pussa opp, fuktskadar?
Foto: Per Thorvaldsen
Byggforsk har endå ein metode på lager. Ein kan bore hol i veggen og måla den relative luftfukta. Dette krev eit hygrometer som måler luftfukta i holrommet. Ein må måla lenge då fukta i holrommet må koma i likevekt med fukta i veggen omkring. Det vert for dyrt og for invaderande.
Kva skal ein stola på? Eigne sansar eller sensorar? Eg får ikkje tid til å tenkja meir på det. Huset må reingjerast før den noggranne kusina mi kjem på besøk. Om kvelden sit me og kosar oss med noko godt i glaset – les G & T. Eg spør ho om ho òg ser flekken på veggen. Ho svarar stadfestande. Det vert stille ei stund. Ho ber meg reisa meg frå stresslessen og snurra han litt. Flekken vert borte. Moralen får vera at av og til ser ein det ein ikkje vil sjå.
Per Thorvaldsen
pth@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE