Teknologi

Utan teknologi er korkje samfunn eller kultur mogleg.

Pyramidane er det synlege provet på velstanden som teknikken har bringa fram. Her i Giza har faraoane reist monument over seg sjølv og sine gudar.
Pyramidane er det synlege provet på velstanden som teknikken har bringa fram. Her i Giza har faraoane reist monument over seg sjølv og sine gudar.
Publisert Sist oppdatert

Eg elskar å snakka med dei døde. Særleg når dei får meg til å tenkja. Eg sit i sola på ein benk i Marbella og har ferie. Vel, eg sit og les Helmer Dahls bok Teknikk, kultur, samfunn.

Kven var Helmer Dahl? Kort fortalt var det han som bygde landet etter siste verdskrig. Under krigen var han radarforskar og seinare pådrivar for radiolinjesamband og fjernsyn i Noreg. Han var særskilt opptatt av teknologien si rolle for framvokster av kultur og samfunn. Kort sagt: Utan teknologi er korkje samfunn eller kultur mogleg.

Ex.phil. light

No i haust skal eg undervisa i «ex.phil. light» for ingeniørstudentane mine og treng åndeleg påfyll og ammunisjon frå Helmer Dahl. Studentane meiner at emnet er fullstendig irrelevant og bortkasta. Er det det?

Dahl byrjar forteljinga med den eurasiske oldtidskulturen. Grunnlaget for den er vatningsanlegga. Utan kunstig vatning kunne ein ikkje ha produsert mat i overflod. Med overflod kjem samfunnsutvikling, med ei overklasse som kan leva utan å arbeida, og som kan sysla med kultur i staden. Dei kan bruka tida til å byggja monument over seg sjølve. Pyramidane er det synlege provet på velstanden som teknikken har bringa fram.

Så er det dei gamle grekarane. Kva har dei medverka med? Dei snakka ned teknikk og handverk. Aristoteles skreiv i Politikk (bok III, kap. 5) at han ikkje anerkjende handverkaren i den ideale staten. Dei var sosialt mindreverdige. Aristoteles vart dimed far til dei to kulturane humaniora versus naturvitskap, som me framleis slit med den dag i dag. C.P. Snow sa i den kjende Rede-førelesinga om dei to kulturane i 1959 at det var like viktig å kunna termodynamikkens andre lov som å lesa Shakespeares sonettar. Seksti år etter ser det ut som om Aristoteles’ ideal framleis er det rådande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement