Teknologi

Teknologisk imperativ!

Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Publisert

Me lever i den beste av alle tider. Eg har sjølv opplevd over seksti år med utrulege teknologiske framsteg. Då eg var liten, fekk me TV og ikkje lenge etterpå telefon. I ungdomen kjøpte eg meg stereoanlegg, og hausten 1975 lyste stereolampa for FM opp som symbol på ei endå ljosare framtid.

Som student lærte eg å programmera datamaskinar, og i 1996 såg eg ei openberring via Netscape Navigator 2. Internett vart allemannseige berre seks år etter at Cern publiserte den fyrste nettsida. I 2007 fekk eg ein iPhone og vart slave av den berbare teknologiske røynda, og no i 2024 sit eg og skriv artiklar saman med kunstig intelligens.

Det som er typisk for teknologi, er at han ikkje kan styrast. Han berre skjer. Rett nok prøver styresmakter å regulera den teknologiske utviklinga, men det er fåfengt. Me vert styrte av det teknologiske imperativet. Det seier at det som kan verta realisert teknisk, skal realiserast.

Atombomba, crispr og nanoteknologi er strålande døme på det. Det finst forskarar innanfor kunstig intelligens som ikkje under nokon omstende vil trekkja ut pluggen. Dei er så nyfikne at dei vil sjå korleis det går, sjølv om det tek livet av oss. Det er ikkje berre katten som vert drepen av si eiga nyfikne.

Kvar kjem så omgrepet teknologisk imperativ frå? Vel, ein trur det er favorittøkonomen min, Thorstein Veblen, som står bak. Ja, han har ikkje berre skrive den hysterisk morosame boka Teorien om den arbeidsfrie klasse. Veblen hevdar at maskinar kastar gamle tankemønster og dimed endrar perspektiva våre.

For å sitera den samtidige historikaren Charles A. Beard: «Teknologien marsjerer med sjumilsstøvlar frå den eine nådelause, revolusjonerande erobringa til den andre, riv ned gamle fabrikkar og industriar, kastar opp nye prosessar med skremmande fart.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement