Teknologi

Tekst til tale

Auga er lukka. Eg ligg flolagd på sofaen og lyttar til eige flogvit. Neste teknologispalte i Dag og Tid vert fantastisk. Er det forfattaren sjølv som les?

Det er herleg å liggja på sofaen og høyra eigen tekst. Biletet er massert med kunstig intelligens frå Bing kopilot og Picsart.
Det er herleg å liggja på sofaen og høyra eigen tekst. Biletet er massert med kunstig intelligens frå Bing kopilot og Picsart.
Publisert Sist oppdatert

Nei, det er Ken som er putta inn i Word. Han les bokstaveleg talt det eg har skrive, og hjelper meg å finna feil auga ikkje ser. Ein les jo som kjent berre det ein trur ein har meisla ut.

Ken er eit ektefødd barn og ein tru tenar av universell utforming. Han hjelper blinde og dyslektikarar. Eg tilhøyrer gruppa som tenkjer mykje fortare enn eg skriv. Det vert vantande ord og mange trykkleifar undervegs, medan fingrane rasar over tastaturet, men med Ken som kopilot vert resultatet perfekt.

Kvar gøymer Ken seg? I menyen «Se gjennom». Der ser du ein knapp med ein stor a som sender bylgjer ut. Det er berre å plassera markøren i teksten der du ynskjer å starta høgtlesinga, og trykkja på knappen.

Kunne du tenkja deg ei innsmigrande damerøyst i staden? Då er det berre å trykkja på det vetle tannhjulet i menyen som poppar opp i høgre hjørne, og velja Barbie. Dei har ein sjarmerande metallisk klang, men dei vert stendig meir vellydande med kunstig intelligens.

Ingeniørar elskar systemskjema. Det gjer det enklare å bryta systemet ned i modular for lettare å byggja det. Ein talegenerator startar med ein modul for tekstanalyse. Det viktigaste modulen gjer, er å redusera det som er tvitydig. Slikt som tal, datoar, forkortingar og spesielle teikn må formast om til ord.

Ofte er uttalen av til dømes tal avhengig av resten av setninga talet står i. Menneske klarar dette lett, men datamaskinar har ikkje like gode evner. Dei må bruka statistisk sannsyn, typisk skjulte Markov-modellar, eller nevrale nett som i kunstig intelligens.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement