Tida går

Publisert

I Virginia Woolfs bok Til Fyret er det eit kapittel som heiter «Tiden går». Det kjem overraskande og ikkje på slutten av boka, men litt over midten, og dette kapittelet er om forfall og død, og det er sommarhuset til Ramsay-familien som blir røva av tida, og som litt etter litt går i oppløysing, det er også fleire av Ramsay-familien som døyr.

Eg veit heller ikkje om det er eit kapittel, eller ein av dei tre delane i boka; det er som sagt tre av dei, og den fyrste heiter «Vinduet», så kjem «Tiden går» og til slutt «Fyret». I føreordet til boka skriv Anka Ryall at Woolf ikkje ville kalla boka ein roman, men ein elegi; ein sørgjesong.

Og det er nettopp det eg tenkjer på, at tida går, og noko av det som Ryall siterer frå boka, ettersom Til fyret òg er ein kunstnarroman, og at boka er ferdig i den augneblinken ei målarinne vert ferdig med eit måleri, og Ryall siterer frå boka, og det er eit sitat eg er heilt samd i: «Slik oppsummerer malerinnen sitt eget og romanens kunstnarlege program: ‘Det hun ville (…) var å være på nivå med den dagligdagse erfaring, å føle helt enkelt at det er en stol, det er et bord, men samtidig: Det er et mirakel, det er en ekstase’.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement