Mat
Tiger på tanken
Det er noko med reker. Dei er liksom alltid der. Det er demokratisk mat.
Spagetti med kjempereker, kremfløyte og urter.
Foto: Dagfinn Nordbø
Som den kjende matskribenten Yotam Ottolenghi seier: Ei reke på tallerken er betre enn ei i havet.
Er du heldig, får du kjøpt dei ferske frå ein lokal fiskar på brygga. Sjølv i hovudstaden er dette mogleg, og her kan du tinge ferske, nykokte reker ved å sende ei melding til fiskarens mobilnummer. Rimeleg er det kanskje ikkje, men er ikkje all mat dyr no for tida? Dei flår oss jo med stor glede.
Eg var nyleg på Gardermoen flyplass, ein stad der eg verkeleg ikkje likar å ete, og punga ut med seks hundre blanke kroner for to rekesmørbrød og to farris. Det er jo eit ran på høglys dag, men likevel er rekesmørbrød etter mi meining det einaste som kan etast på vår drustelege hovudflyplass.
Kven vil ha ein bagett som er steinhard og iskald fordi han har lege i kjøledisken sidan klokka fire om morgonen? Nei, nei og atter nei. Men nykokte reker i trengsel på ei fersk loffskive, med majones og sitron som einaste følgje, er jo mat for kongar og dronningar. Det kan aldri bli feil.
Et du reker i heimen, kan skala bli til himmelsk suppekraft, som eg har masa om fleire gongar før i denne spalta. Kokar du ikkje kraft på dei, bør du eigentleg få ei saftig bot.
Og sjølve reinskinga av rekene medan du sit rundt bordet med vener eller familie, blir ein sosial happening du må vere fullt og heilt til stades i, for den må vere bra tankelaus som sit og fomlar med mobilen med fingrane fulle av rekesaft. Du vil ikkje at den dyrebare smarttelefonen skal dufte som ein reketrålar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.