Teknologi

Ting i internettet

Tinginternettet teikna av signaturen Wilg i 2012.
Tinginternettet teikna av signaturen Wilg i 2012.
Publisert

Hadde det ikkje vore herleg om bosset leverte seg sjølv! Tenk deg at det er ein sensor i bosspannet som måler kor mykje du har samla opp av rusk og rask, eller ein luktsensor som merkar at no har rekeskalet lege for lenge.

Bosspannet sender ei bestilling til det lokale bosselskapet, bosspannet får stadfesta hentetid frå bosselskapet, og på eit passande tidspunkt trillar det seg sjølv bort til henteplassen og ventar. Når det er tømt, køyrer det tilbake til den faste plassen ved inngangen heime.

No kan slike smarte bosspann snart vere på marknaden, saman med ei rekkje andre smarte ting som er knytte saman i nettverk.

Internettet av ting (IoT = Internet of Things) er eit samleomgrep for alt det ein kan gjere når ein koplar ting med innebygde datamaskiner saman i eit datanettverk for å gjere dei intelligente eller smarte. No vert 5G-nettverket bygt ut i Noreg, og målet er at heile landet har fullt fungerande 5G i 2024.

Den store overføringskapasiteten i 5G vil gjere det mogleg å bygge avanserte system i omgjevnadene våre med uavhengige og kommuniserande komponentar som det tidlegare ikkje var bandbreidde til. Sist veke skreiv Per Thorvaldsen om infrastrukturen i 5G. Den legg til rette for at ein kan plassere ut ting i form av til dømes sensorar eller robotar både her og der. Vidare kan desse tinga samle inn informasjon og gjere seg nytte av informasjon slik at dei kan handle på eiga hand, truleg både til nytte og irritasjon.

Internettet av ting er alt i full bløming, særleg i heimane. Vi er vande med at smartfjernsynet kan brukast via gammaldags antenneteknologi, men det kan òg koplast til Netflix, dataspel, YouTube og andre tenester som ligg på veven.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement