Essay

To gonger på Svalbard

Publisert

Første gongen eg var på Svalbard, og då som artist in residence for Norsk Pen, var i oktober 2018, og eg skulle sitje på ein hybel i noko som heiter Blåmyra, i to månader for å skrive essay om Longyearbyen og for å avslutte ein roman.

Den andre gongen skulle eg sitje her, heldigvis på den same hybelen, i heile november og nesten heile desember for igjen å skrive eit essay om Svalbard og Longyearbyen, og også denne gongen avslutte eit manus og slik avslutte ein trilogi om den avdøde kona mi.

Frå hybelen min har eg utsikt til Hiorthfjellet, og den første gongen eg var her i oktober, var fjellet heilt kvitt av den polare snøen, men i november begynte det å regne, og alt det som var kvitt, blei borte, og alt det som ein skriv om klimaet her oppe, er dessverre riktig, men så blei det kaldt og snøen lét ikkje vente på seg; temperaturen går ned, og alt det som er triveleg med vinteren, kom tilbake.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement