Mat

Tomatsuppe 2.0

No byrjer tomatane å smake godt.
No byrjer tomatane å smake godt.
Publisert Sist oppdatert

Det finst ei setning eg aldri har høyrt, og det er: «Nei, fy, eg likar ikkje tomatsuppe!» Tomatsuppa er kanskje den fyrste suppa vi får smake som born, det kan vere fordi den massefabrikkerte varianten frå Toro slett ikkje er så galen, om ein berre jazzar ho litt opp.

Så er det jo slik at småbarnsperioden ofte gir knapp tid til å jazze så altfor mykje med middagsmaten, men tomatsuppa har enormt potensial for den som er ferdig med barneoppsedinga og har litt ekstra god tid i helga. Difor gir eg dykk her oppskrifta på verdas beste tomatsuppe. Løyndomen er tid – og fermentering!

Aller fyrst skal du gå ut og skaffe deg ein kilo gode og modne tomatar. Når du er heime frå butikken, skal du vaske hendene dine lenge og vel. Så skyl du tomatane i kaldt vatn, deler dei opp i åtte båtar og legg dei i ein stor bolle. Strø over 20 gram havsalt (gjerne maldon) og arbeid saltet inn i tomatane til du ikkje lenger ser saltkorn. Det tar om lag to minutt.

Når dette er klart, fyller du alt ned i eit heilt reint og romsleg noregsglas, og øvst legg du ein lynlåspose fylt med vatn for å presse massen ned. Kan hende må du regulere vassmengda for å få posen ned i glaset. Ver heile tida nøye med reinhaldet av hender og utstyr. La glaset stå på kjøkenbenken i romtemperatur i fem dagar. La så massen renne av seg i eit dørslag i kjøleskapet over natta. Alt toler nedfrysing.

Steik ein stor hakka løk og tre (eller fem!) fedd raspa kvitlauk i ein romsleg emaljert kjele med olivenolje på middels varme til det er blankt og fint. Tilset ei finhakka gulrot. Mens det heile steikjer, køyrer du ein boks heile tomatar pluss det fermenterte tomatkjøtet i matmølla. (Heile tomatar har alltid beste kvaliteten.) I gryta med det, og la det putre.

Så legg du innhaldet frå eit glas tomatpuré i ei lita steikepanne med litt olje. Steik og rør i minst eit kvarter, til pureen er mørkt brun, nærmare svart. No har du fått vekk råsmaken og laga ei fantastisk umamibombe. I gryta med den også, pluss ein liter kraft. Kraft kan helst vere heimelaga, men det går til naud an med vatn pluss buljongterningar, eller kraft kjøpt i butikken. Det finst rimelege literskartongar med kyllingkraft, og den er glimrande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement