Dag og Tid er med folk på jobb. Denne veka: bøkkaren
Det finst nye yrke som ingen visste om for berre få år sidan. Mobiltelefondekseldesignar, til dømes, eller elflyutviklar – og så finst det yrke som forsvann for like mange tiår sidan. Sentralborddamene på telefonsentralane er vekke, ingen fyrvaktarar passar fyrlyktene våre lenger, og fyrbøtarane forsvann med damplokomotiva.
Men så finst det yrke som ein trudde var gått ut av bruk av di det ikkje var bruk for dei lenger, men som framleis klorar seg fast. Og så syner det seg at samfunnet ikkje vil gå rundt om ikkje eit minimum av personar framleis utfører dette arbeidet.
Nokre blyglasshandverkarar trengst for å ta vare på dei fargerike vindauga vi finn til dømes i kyrkjene våre, og interessa for norsktilverka bunader er stor nok til at det framleis finst filigranssylvsmedar som lagar bunadssølv.
Ja, og sjølv om det aller meste av både drikkevarer og andre varer i dag vert oppbevart i behaldarar av plast, stål, aluminium eller glas, finst det framleis nokre tradisjonsrike brennevinsdropar som rett og slett krev velbrukte, sherrymodna eikefat. Vi snakkar sjølvsagt om akevitt, som Anora (tidlegare Arcus) produserer i lokala sine på Gjelleråsen i Nittedal.
Og skal vi ha akevitt på eikefat, må vi òg ha nokon til å vedlikehalde eikefata, for det gjer seg langt frå av seg sjølv. For å halde ved like dei kring 9000 eikefata Anora rår over, må også tønnekunnskapen haldast ved like hjå tre fulltidstilsette bøkkarar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.