Teknologi

Trykkreduksjonsventil

Reduksjonsstasjonen i Nye Sædalsveien. Ventilar i parallell. Det gjev redundans og fordeling av store og små vassmengder.
Reduksjonsstasjonen i Nye Sædalsveien. Ventilar i parallell. Det gjev redundans og fordeling av store og små vassmengder.
Publisert

– Det handlar om endring av energi. Når du pumper vatn opp, tilfører du vatnet energi, og når du reduserer trykket, tek du energi frå vatnet.

Hogne Hjelle frå Bergen vatn har sjølvsagt fullstendig rett. Eg har berre ikkje tenkt i slike banar før. Eg sit og pumpar han for informasjon om leidningsnettet i Bergen, slik at eg kan gjera meg ferdig med den nær sagt endelause føljetongen om Bergen vatn. Det har vore ein kunnskapsseglas av dei sjeldne, og eg er særs takksam.

Hogne held fram med å greia ut om leidningsnettet, pumpestasjonar, basseng og ventilar. Eg skjønar fort at eg må gjera som forskarar som ynskjer mange publiseringspoeng. Eg må salamisera. På veg ut får eg ei bok om pumper, for Bergen vatn skal heildigitaliserast. Dei om det, eg likar no å lesa bøker. Eg takkar og går nynnande attende til høgskulen som ligg eit steinkast unna.

Kvifor treng me reduksjonsventilar? Vel, vatn er tungt. Ligg vasskjelda høgt oppe, må trykket reduserast slik at vassrøyra til oss forbrukarar ikkje vert øydelagde. Normalt skal trykket liggje mellom 2,5 og 6 bar. Dersom det smell i røyra når du stengjer kranen, kan det vera eit teikn på for høgt vasstrykk.

1 bar (100 kPa) er trykket til ei vassøyle på 10 meter (mVs). Når du har eit trykk i røyra på 3 bar, så er det det same som om du fekk vatnet frå ei kjelde 30 meter høgare oppe. Det som forvirrar mang ein fysikkstudent, meg òg, er at mengda og forma på vasskjelda ikkje har noko å seia. Det einaste som har noko å seia, er fallhøgda.

Dersom ein får vatn frå basseng som ligg høgt, må altså trykket reduserast. Eg går rett inn på biblioteket. Reduksjonsventilar må det jo vera skrive tjukke bøker om. Eg finn ei tjukk bok om vass- og avlaupsteknikk der Hallvard Ødegaard er redaktør. Dette er sjølve bibelen for VA-ingeniørar. Eg finn nokre liner om trykkreduksjonsventilar på side 297, skrivne av ein for meg ukjend forfattar i ein lite inspirert augneblink. Nei, eg får heller leggja meg på sofaen heime og taka vaksenopplæringa via YouTube.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement