Teknologi

Universalmaskina

Ein del av universalmaskina som Charles Babbage fekk ideen til i 1834, ein skrivarkomponent. Babbage nådde ikkje å realisere heile ideen før han døydde i 1871.
Ein del av universalmaskina som Charles Babbage fekk ideen til i 1834, ein skrivarkomponent. Babbage nådde ikkje å realisere heile ideen før han døydde i 1871.
Publisert

Det er datamaskiner overalt: i bilen, i vaskemaskina, i mobilen og i TV-skjermen. Ei datamaskin gjer noko så enkelt som å flytte på data, samanlikne data og gjere enkle rekneoperasjonar. Men det er òg ei universell maskin som kan nyttast i uendeleg mange samanhengar.

Vi kan samanlikne datamaskina med ein såkalla sveitsisk kniv. Eit slikt verktøy har saks, linjal, skrujern, kniv, korkopnar, pinsett og meir til. Dette er fleirbruksteknologi, men det er ikkje ei universalmaskin. Heilt til datamaskina vart funnen opp, var alle teknologiar eigentleg spesialverktøy: dei var utforma for gjere nokre få ting veldig godt og ganske ubrukelege til andre formål.

Universalmaskina kan brukast til å drive eit utal prosessar som tidlegare kanskje måtte støttast av spesialløysingar. Vi kan i dag bruke datamaskina til å skrive manuskript, lukeparkere, få råd om gode bøker og kjøpe billettar. Utan henne ville vi trunge skrivemaskin, vi måtte sjølv ha manøvrert bilen inn på parkeringsplassen, spurt bibliotekaren til råds og gått på jernbanestasjonen for å kjøpe billettar. Datamaskina kan gjere alle desse jobbane og vere den same maskina heile tida.

Charles Babbage (1791–1871) var den første som utvikla ideen om ei universalmaskin. Han prøvde òg å byggje eit fungerande eksemplar. På 1800-talet måtte alle rekneoperasjonar gjerast av menneske, og dei gjorde ofte feil. Reknefeila kosta både liv og pengar. Dei kunne føre til at tog kolliderte på jernbanelinjene og maskiner braut saman fordi dei var for tungt belasta. Masseproduksjon kravde massiv informasjonsbehandling, og det hadde ikkje menneska kapasitet til.

Babbage ville lage ei maskin som kunne utføre utrekningar automatisk, slik at det einaste menneska måtte gjere, var å setje opp utrekninga og starte maskina. Han meinte at ei automatisk reknemaskin må ha tre sentrale delar. Ho må ha eit program som fortel kva ho skal gjere, ho må ha ein utførande del som følgjer instruksjonane frå programmet, og ho må ha ein lagringsdel der resultata blir tekne vare på. Babbage såg forresten for seg at denne maskina kunne drivast av ein dampmotor.

Alan Turing (1912–1954) sa at ei universalreknemaskin burde kunne utføre alle moglege utrekningar. Hans fremste bidrag til datamaskinutviklinga var å bevise matematisk at ei slik universalreknemaskin kunne lagast. Eit viktig element var at datamaskiner må vere diskrete system. Eit diskret system har ei mengd tilstandar som kan nummererast, og slike maskiner hoppar eller klikkar seg frå ein tilstand til ein annan. Turing ber oss sjå for oss eit hjul som kan klikke seg gjennom 120 posisjonar på eitt sekund, men som kan stoppast når som helst, og ei lampe lyser opp den posisjonen det stoppar i. Desse tilstandane er så tydeleg forskjellige frå kvarandre at faren for misforståing blir borte. Presis informasjon om tilstanden i ein gjeven augneblink gjev sikker kunnskap om neste steg i prosedyren. Slike system står i kontrast til kontinuerlege eller analoge system, der verdiar må målast og ikkje kan nummererast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement