JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Varden på Navy Cliff

Horisonten veks. Den mørke lina i synsranda blir høgare og høgare.
Det sitrar i kroppen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ronny nyt det enorme utsynet over Independence Fjord, medan polarhistorikaren er mest oppteken av kjeldene.

Foto: Vegard Ulvang

12380
20181026

Nord for den store bre

Historikar Harald Dag Jølle drog i vår saman med Vegard Ulvang og Ronny Finsås ut på ein 3000 kilometer lang skitur. Målet var å finne ut kvifor den norske polarfararen Eivind Astrup rauk uklar med amerikanaren Robert Peary i 1890-åra.

Del 3

Me har vore på tur i ti dagar. Det er om lag 850 kilometer sidan me spente på oss skia ved Qaanaaq på Nordvest-Grønland – og no nærmar me oss slutten, nordenden, av den enorme Grønlandsisen. Etter mil på mil med utsyn til berre snø, snø og atter snø – i alle retningar, ser me no fjell og dalar. Og fjorden langt der ute. Robert Peary og Eivind Astrup var dei første som fekk dette eventyrlege utsynet, i 1892. Etter dei er det ikkje mange som har hatt den gleda.

Me parkerer drakane, legg igjen det meste av utstyret og er klare for nokre dagar på skitur utover i det mytiske Vildtland. Me er heldige med tilhøva. Her i den arktiske ørkenen, i skuggen av den store breen, er det ikkje sjølvsagt at det er snø nok til å gå på ski. Då Astrup og Peary var her, rett nok seinare på sumaren, sleit dei med den «uendelige masse af løse skarpe stene, der gjorde marschen i vore tyndsaalede sælskindskamikker til en uafbrudt lidelse».

Det er ingen som veit den nøyaktig posisjonen til Navy Cliff; staden der Peary og Astrup bygde varden sin før dei snudde og reiste sørover att. Kartet som finst over Nord-Grønland, er i stor målestokk, og det er vanskeleg å nytte for å finne den enklaste vegen gjennom dalar og over fjell. Kjensla av å ferdast i uoppdaga land har aldri vore sterkare. Rett nok har det landa helikopter på sjølve klippa. I 1978, i 1982 og visstnok i 2011. Men me er nok dei første som kjem landevegen til Navy Cliff sidan dansken Peter Freuchen og grønlendaren Inukitsoq drog gjennom det same eventyrlandskapet i 1912.

Første Thule-ekspedisjon

Det var Knud Rasmussen og Peter Freuchen som gav dette området mellom innlandsisen og Navy Cliff namnet Vildtland – sidan staden verka utømmeleg for moskusar. Sjølv skaut dei 30 dyr.

Grunnen til at Rasmussen og Freuchen kom hit, var indirekte Peary og Astrup. Peary hadde funne nordenden av innlandsisen, men han sa òg at han hadde oppdaga ein kanal som skilde sjølve Grønland frå dei landområda han såg vidare nordover.

Denne Pearykanalen kom til å stå svært sentralt i den danske utforskinga av Nord-Grønland. I 1906 leia Ludvig Mylius-Erichsen ein ekspedisjon med skuta «Danmark» til Nordaust-Grønland. Saman med to følgjesveinar drog han i 1907 på ei lang sledeferd for å finne Pearykanalen. Det greidde dei ikkje. Det vil seie, dei fann ut at det ikkje finst nokon slik kanal. Men dei kom aldri heim att med denne kunnskapen. Alle tre omkom på attendeturen.

Då det vart klart at Mylius-Erichsen var sakna, drog Ejnar Mikkelsen i 1909 ut for å leite etter han. Han fann ikkje Mylius-Erichsen, men han fann ein varde der han hadde skrive ned oppdaginga om at det ikkje fanst nokon kanal. Mikkelsen gjorde same oppdaginga, men heller ikkje han kom attende som planlagt. Difor reiste i 1912 dei to unge karane Rasmussen og Freuchen, saman med inuittane Inukitsoq og Uvdloriaq, frå handelsstasjon i Thule over innlandsisen med hundespann for å leite etter Mikkelsen. Dei fann ein varde, men det var merkeleg nok inga melding i han. Dei frykta difor at Mikkelsen hadde forsvunne i det enorme nordgrønlandske landskapet.

Også Rasmussen og Freuchen fann ut at det ikkje finst nokon kanal som deler det nordlege Grønland i to. Overtydd om at dei hadde gjort ei viktig oppdaging som korrigerte observasjonane til Peary, reiste dei etter kvart heim til København. Men her fann dei Ejnar Mikkelsen i levande live. Han kunne fortelje at både han og Mylius-Erichsen hadde gjort same observasjonen før dei. Han måtte samstundes innrømme at han hadde brote polarverdas kommunikasjonslov nummer éin: Legg igjen ein varderapport om kvar du har vore, og kvar du er på veg. Og ta for all del ikkje med deg ei melding som ligg i varden utan å leggje att ei avskrift!

Navy Cliff

Me veit me nærmar oss. Men det er lite som liknar på den dramatisk klippa me har sett på dei gamle bileta. Det er dei milde runde formasjonane som pregar landskapet. Eg trur nesten me har gått feil, før det plutseleg, utan forvarsel, opnar seg eit utsyn av ei anna verd. Ein diger fjord og svære fjell kler heile synsranda. Eller med Astrups 123 år gamle ord: «vidunderlige og storslagne natursceneri, der laa udbredt for vore blikke». Også sjølve klippa. Det er ikkje tvil. Me er her! Me er på Navy Cliff! Me har funne varden – og staden som var høgdepunktet i Eivind Astrups polarkarriere. Det var denne prestasjonen, og sensasjonen, som for alltid har gitt han eit namn i polarhistoria. No er det me som står her. Det kjennest uverkeleg. Navy Cliff – staden polarentusiastane snakkar om – men som ingen kjem til.

Me blir ståande og sjå og sjå og sjå. Mot nord, aust og vest. Det er ikkje vanskeleg å førestille seg at det var ein stor augneblink for dei to karane som var her i 1892. Dei hadde gjort ei stor oppdaging, som utan tvil ville bli lagd merke til når dei kom attende til den siviliserte verda. Dei hadde kome til enden av den stor Grønlandsisen. Og tydelegare kunne det knapt visualiserast.

Men kva såg dei eigentleg, tenkjer eg, då dei stod her på den amerikanske nasjonaldagen og naut ei flaske whisky? Eg stirar mot fjella i vest. Peary må ha påstått at han såg meir enn han kunne stå inne for. Det blir eg meir og meir sikker på. Korleis i all verda kunne han sjå ein kanal herifrå? I ekspedisjonsboka skriv han: «Looking to the west, we saw the opening of the fjord.» Kvar? Og ikkje berre det: «It was evident that this channel marked the northern boundary of the mainland of Greenland.»

Diskusjonen om Pearykanalen

Me vender nasen heimover. Fulle av inntrykk og tomme i magen. Me følgjer våre eigne spor attende mot teltet. Eg kjenner på eit gnagsår, men er likevel mest oppteken av den geografiske oppdaginga til Astrup og Peary. Peary kunne då umogeleg vore overtydd om at han såg ein kanal som gjekk over til vestkysten. Rett nok hadde han og Astrup følgt ei rute lenger vest enn det me gjorde – og hadde difor større utsyn til fjella. Men han skriv uomtvisteleg at han såg fjorden frå Navy Cliff. Det er jo ein bløff. Men kvifor? Han ville kome til å bli avslørt før eller seinare, det ligg i logikken til geografiske oppdagingar. Meinte han at det var ei større bragd å finne sjølve Grønlands nordlegaste punkt enn berre å ha kartlagt endepunktet til innlandsisen? Spela han difor høgt for å sikre finansiering til neste ekspedisjon – der han håpa han skulle gjere større suksess og kome heilt til Nordpolen? Ei slik bragd ville då sjølvsagt overskugge at han hadde gjort ein «glipp» på denne turen?

Vegard og Ronny stoppar og ser på ein grønlandsk hare som har sett seg rett framfor oss. Men eg klarer ikkje heilt å fatte interesse. Eg er meir oppteken av spørsmålet om kvifor Peary bløffa. Tok han sjansen på at det faktisk var ein kanal? Slik at han kunne erklære at landet nord for sjølve Grønland var under amerikansk herredøme?

Men kva med Astrup? Han var ikkje like skråsikker. I sitt føredrag for geografisk selskap i Kristiania, like etter heimkomsten, sa han at dei hadde oppdaga «bestemmelsen af den grønlandske indlandsis’s nordligste grense». Og: «bestemmelsen af selve det grønlandske fastlands form og sandsynlige udstrekning nordover». Dette «sandsynlige» vart lagt merke til. Folk stussa òg over at Astrup teikna eit kart over Nord-Grønland utan nokon Pearykanal. Kva tydde det?, undra den franske geografen Charles Robert. Var Astrup illojal mot sin overordna? Og var Astrups oppteikning eit uttrykk for at Peary bløffa?

Eg veit ikkje. Eg er sliten og svolten og ser mest ned på skituppane. Var det så langt attende til leiren vår? 15 timar etter at me starta, stuper eg inn i teltet. Ronny er alt i gang med å koke middag. Eg skrur på PC-en, der eg har mykje litteratur om emnet. Eg må finne det Peter Freuchen skreiv då han og Inukitsoq var på Navy Cliff i 1912. Han noterte at dei diskuterte om dei kunne sjå noko som likna ein kanal: «Det så absolut sådan ud herfra.» Kva? Korleis kunne han skrive det? Kva såg han som ikkje eg har sett? Det er nesten så eg trur at Freuchen ikkje har vore på same stad. Men sjølvsagt var han det, han kom attende med Pearys vardemelding. Men i den stod det ingenting om ein kanal. Det stussa Knud Rasmussen over: «Ejendommeligt nok tales her i denne Beretning slet ikke om nogen Kanal.» Kvifor ikkje?

Det slår meg at Freuchen var ein stor beundrar av den amerikanske polfararen: «Vi kan takke Peary for meget af det, vi nu ved om de arktiske Forhold», skreiv han nokre år seinare. «Jeg føler mig dybt beæret ved at staa her paa hans berømte Sted.» Freuchen hadde difor tillit til Peary, som var ein «‘matter-of-fact’ Forfatter, der aldrig skrev et overflødigt Ord, eller et Ord, han ikke kunde staa ved. Astrup derimod giver en mere lyrisk Beskrivelse af Scenariet; til Gengæld er han lidt unøjagtig». Men korleis i all verda kunne han påstå at det var Astrup som tok feil? Freuchen hadde jo sjølv oppdaga at Pearykanalen ikkje fanst. Likevel, held han fram: «Astrups tegninger fra Navy Cliff er derimot fri fantasi; Academy Glazier selv kan ikke ses fra Navy Cliff.» Kva!? Me har jo nettopp stått der og sett rett ned på den breen.

«Lejren under den stor sten»

Me forlèt skispora våre og tek vestover ned ein trong dal. Eg har eit oppdrag her i Vildtland. Danske historikarkollegaer har bede meg om å finne ein stein. Ein stor stein. Danskane har studert ekspedisjonane til Nord-Grønland i imponerande detalj. Men stadig finst det lakuner i kunnskapen. Mellom anna kvar fyrste Thule-ekspedisjon hadde leiren sin.

Ein kraftig storm hadde tvinga dei i le bak «en stor, ensligstaaende Klippeblok med en Hule». Knut Rasmussen vart samstundes råka av eit forferdeleg isjiasanfall. Det var difor han ikkje kunne vere med ut til Navy Cliff. Rasmussen vart liggjande i over tre veker ved den store steinen, før Freuchen bar kameraten sin opp på breen, plasserte han på sleden og starta heimturen til Thule. Leiren bak steinen står sentralt i Rasmussens ekspedisjonsbok og er foreviga i Harald Moltkes ikoniske bilete. Men ingen veit nøyaktig, trass i iherdig kjeldegransking, kvar leiren låg. Det finst heller ikkje noko foto av steinen.

Me følgjer ei islagd elv. Dalen blir trongare og trongare. Djupare og djupare. Bratte, gruslagde fjellsider stuper mot oss. Det blir skugge og kaldt. Ei moskusku med ein nyfødd kalv ruslar framfor oss.

Så opnar dalen seg. Sola skin mot oss. Og langt der ute ligg ein stein. Ein stor stein.

Verdas lengste heimveg

Me kjem attende til depotet vårt etter fire dagar i vanvitige Vildtland. Sårbeinte etter å ha gått ti mil med høge plastsko og toppturski, men fyrst og fremst strålande nøgde etter eit eventyr ingen av oss nokosinne har opplevd maken til. Me har nådd sjølve hovudmålet – endå om me knapt har kome ein tredel av turen: Me har følgt Eivind Astrups sledespor til Navy Cliff. Samstundes har turen gitt meg nokre nye spørsmål å grunde over. Kva hadde det å seie for tilhøvet mellom dei to at Astrup visste at Peary bløffa om den viktigaste oppdaginga på ferda? Og kva er Peter Freuchens utsegner uttrykk for? Kvifor hadde han forståing for Pearys observasjonar og påstod at Astrup var fantasifull? Er det beundringa hans for Peary som fargar han slik? Eller har han også her, av ein eller annan grunn, eit sterkt behov for å rakke ned på Astrup? Er Freuchens utsegner eigentleg innlegg i ein debatt som me ikkje kjenner i dag?

Eg slår av PC-en og kryp ned i posen. Eg treng søvn – for me har ein lang veg heim. Me kan altså ikkje segle i motvind dei 850 kilometerane attende til Qaanaaq, men må heile vegen til Isortoq i Søraust-Grønland, for å kome av innlandsisen ved eiga hjelp. Eller sagt på ein annan måte: Me er no på ein breiddegrad som ligg eit godt stykke nord for det nordlegaste punktet på Svalbard. Herifrå skal me heise segl og segle heile vegen til Steinkjer.

Harald Dag Jølle

Harald Dag Jølle er historikar ved Norsk Polarinstitutt og fast skribent i Dag og Tid.

Framhald neste veke

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Me er nok dei første som kjem landevegen til Navy Cliff sidan dansken Peter Freuchen og Inukitsoq drog gjennom det same eventyrlandskapet i 1912.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis