Teknologi
Varmepumpe
Figur 2. Indre krinslaup i varmepumpa. Arbeidsmediet vert frakta mot klokka.
Illustrasjon: Bjørn Norheim, NDLA
Eg står med døra open og koper inn i kjøleskåpet. Ifylgje informerte kjelder er eg ikkje åleine om det. Hovudet er fylt av det eg nettopp har lese: C. P. Snows vedunderlege bok om to kulturar. Han seier som sant er, at det er like viktig for eit danna menneske å forstå termodynamikkens andre lov som å gleda seg over Shakespeares sonettar.
Sonettane har eg i bokhylla oppe, men føre meg står kjøleskåpet som eit strålande døme på bruk av termodynamikkens andre lov. Som ein danna fyr veit eg sjølvsagt korleis det verkar. Kjøleskåpet stel varme frå maten min og slepper han ut på baksida.
Termodynamikkens andre lov seier at overføring av varme alltid skjer frå ein stad med høgare temperatur til ein stad med lågare temperatur. Jobbar då kjøleskåpet stikk i strid med lova? Nei, men for å få varme til å gå andre vegen må ein utføra eit arbeid, og den som jobbar, er kompressoren, som pressar saman ein gass rundt i ein lukka krins inne i kjøleskåpet.
Ei varmepumpe, figur 1, er eigentleg eit kjøleskåp sett inn i ytterveggen på huset. På utsida har ein opna kjøleskåpsdøra på vidt gap og i tillegg sett på ei vifte som skal få utelufta inn i skåpet. I stova har ein baksida av kjøleskåpet som gjev frå seg varme.
Også der har ein ei vifte for å få varme ut i rommet. Det er bråket frå denne vifta som har fått meg til å nøla med å kjøpa varmepumpe, sjølv om både ho og ei lågare straumrekning ville varma.
La oss opna ei varmepumpe og sjå på dei indre kvalitetane. Figur 2 visar ei prinsippskisse av det indre krinslaupet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.