Teknologi

Varmeteknologi

Tunge- og bogepumpe, to teknikkar for å skape friksjon – og varme.
Tunge- og bogepumpe, to teknikkar for å skape friksjon – og varme.
Publisert

Det nærmar seg sommar, og vi gler oss over varmen i vêret, men òg høvet til å bruke varme i ulike former. Vi skal grille med kol- eller gassgrill, og vi skal sitje ved bålpanna med eit glas vin. Det å kontrollere varme er noko av det viktigaste vi brukar teknologiar til, og bruksområda er mange.

Å finne opp noko nytt handlar om å sjå eit naturleg fenomen utspele seg og herme etter det. Det å lage eit bål er kanskje den mest grunnleggjande måten å herme etter naturkreftene på. Tidlegmenneska såg verknaden av lynnedslag og skogbrannar, og i millionar av år utnytta dei varmen når han var der.

For ca. 500.000 år sidan (dei lærde stridest) klarte dei å få kontroll over desse termodynamiske prosessane. Etter den tid har menneska utvikla stadig fleire tekniske løysingar og bruksområde for kontrollert varmeutvikling. Vi kan nemne brennomnar, forbrenningsmotorar, komfyrar, elektriske smelteomnar og kjernekraftverk.

Slike varmeteknologiar er svært nyttige. Varme kan brukast til å koke og steike mat, lyse opp den nære omgjevnaden og halde farlege rovdyr på avstand, og sjølvsagt til å halde seg varm på kalde netter. Varme kan brukast til å brenne ut fukt frå leire, så ein kan lage murstein og keramikk. Og han kan smelte metall, slik at det lèt seg forme til tusen praktiske gjenstandar.

I tusenvis av år utnytta menneska termodynamiske lover meir eller mindre intuitivt. Termodynamikk er den delen av fysikken som tek for seg samanhengen mellom energi, varme og arbeid. Det er spesielt to av lovene vi utnyttar når vi lagar varmeteknologiar.

Den første seier at energi vert bevart og korkje kan oppstå eller forsvinne. Den andre seier at varme vil flytte seg frå materiale med høg temperatur til materiale med lågare temperatur, men aldri den andre vegen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement