Vedund erlege gamle verd

BAHAMAS: Seks dagar med all inclusive-ferie kan tære på sjølvrespekten til nokon kvar.

Club Meds gjestar i full gang med vassgymnastikken, nokre timar før serviettviftinga tek til.
Club Meds gjestar i full gang med vassgymnastikken, nokre timar før serviettviftinga tek til.
Publisert

Då dei seks hundre buffegjestene 2. juledag frenetisk vart oppmoda om å snurre den kvite tøyservietten sin rundt og rundt i lufta som teikn på takksemd og begeistring, fekk me nok. Me lista oss ned til stranda der den evige, kvite brenninga glefste mot oss i nattemørkret.

Det fanst ikkje nokon annan mogleik. For å kome dit me skulle, til ei halvaude, forblåst og karrig øy ytst i øygruppa som utgjer Bahamas, var Club Med, ein all inclusive-resort av fransk modell, einaste alternativ. Alt idet bussen stoppa framføre resorten, eller «landsbyen», som det heiter på Club Med-språk, og me vart tekne imot av smørblide og entusiastisk vinkande tilsette utkledde som reinsdyr, julepresangar og snømenn under palmeblada, angra eg svakt på at me ikkje heller hadde tatt med telt. Frå me kom til me reiste seks dagar seinare var me fanga i ei boble av oppkava underhaldning, soldyrking og påtrengande lukke – Club Meds eige slagord er «redécouvrez le bonheur», «finn att lukka». Sjølv har eg meir sansen for eit av dei tidlegare slagorda deira: «Motgift mot sivilisasjonen». Det var i alle fall ærleg.

Kinesarane kjem

Club Med byrja som eit relativt idealistisk føretak på 1950-talet for å bringe vanlege franskmenn til Syden. Den gongen budde solsvoltne franskmenn i små, enkle hytter på middelhavsstrendene – derav namnet Club Méditerrané – utan innlagd straum og vatn. Dette var franskmennenes svar på dei skandinaviske bussreisene til Costa del Sol. Seks tiår og ei lang rekke eigarar seinare har Club Med vakse til eit nettverk av luksusferiestader over heile den vestlege halvkula.

For nokre år sidan overtok kinesiske eigarar ferieimperiet for over ein milliard euro, antakeleg for å vere klar til å setje inn støyten når den verkelege masseturismen frå Kina til Vesten snart kjem i gang. I mellomtida må ein ta til takke med å vere ein del av dei franske hordane, dei såkalla gentils membres, som ustanseleg vert varta opp og stimulert av Club Meds utrøyttelege, aktive team, dei såkalla gentils operateurs. Om kveldane syng og dansar dei etter fattig evne, før dei køyrer fullt party for gjestane på det utandørs dansegolvet medan tropenatta senkar seg. Dansetrinna vert utvikla sentralt i Paris, og gruppedansane er identiske på alle Club Meds feriestader i heile verda.

Det finst også ei tredje gruppe i organisasjonsstrukturen: les gentils employés, dei lokalt tilsette, som ikkje er med på festen. Det er dei som vaskar golva, ryddar rommet, stryk tøyet og samlar inn og deler ut badehandkle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement